Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Jurist | Statsforvaltaren i Vestland | Sunnfjord | Trainee |
Du søker direkte til Statsforvaltaren i Vestland på denne traineestillinga.
Søk traineestillingHar du master i rettsvitskap og interesse for landbruk, natur og miljø? Vi har ledig trainee-stilling ved kontoret vårt i Førde. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har 32 tilsette, hovudsakleg i Førde og Bergen. Dei fleste i avdelinga har naturvitskapleg bakgrunn, men du finn og økonomar, statsvitarar og juristar. Statsforvaltaren har til saman seks fagavdelingar med ei brei oppgåveportefølje.
Vi skal vere eit kompetansesenter for kommunane på landbruksområdet, og som trainee hos oss vil du mellom anna få erfaring som sakshandsamar innan offentleg forvaltning på områda:
Å starte arbeidslivet som trainee gir ein mjuk overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og du får eit nettverk med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for fagleg påfyll og personleg utvikling.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2025 til august 2026.