Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: VVS-ingeniør | Tecno VVS | Voss herad | Trainee |
Du søker direkte til Tecno VVS på denne traineestillinga.
Søk traineestillingEr du nyutdanna innan VVS-faget? Som trainee i Tecno VVS får du sjansen til å verta ein del av ei bransje i rask utvikling – full av smarte, bærekraftige løysingar som gjer bygg både energieffektive og gode å bu i. Her startar din veg mot å verta ein spesialist innan VVS-faget, i eit miljø der læring, humor og samarbeid står i sentrum.
Ein allsidig og spanande kvardag
Som trainee hjå oss, vil du få prøve deg innanfor fleire område av VVS-faget. Det tydar at du får jobbe med alt frå:
Her får du sjå dine eigne idear verta sett ut i livet, frå teiknebrettet til ferdige installasjonar.
Lær av dei beste
Hjå Tecno VVS jobbar du tett med kollegaer som har brei erfaring frå ulike delar av bransjen. Til dømes:
Desse (og mange fleire) gler seg til å dele kunnskap og gode historier i kaffipausen.
Korleis er det å jobbe hjå oss?
Arbeidsmiljøet vårt er fagleg sterkt, sosialt og ikkje minst inkluderande. Her er det låg terskel for å dele idear, og alle får høve til å vekse i jobben sin.
Som ingeniør består arbeidskvardagen mest av kontorarbeid, med planlegging, og prosjektering innan VVS faget. Men i motsetning til mange andre kontorjobbar, kjem ein seg fysisk ut på prosjekta, og ser kva ein skal jobbe med.
Arbeidsdagen kan ofte vere variert og krevjande, med mange oppgåver som skal handsamast. Ein kan starte dagen med arbeid på ei hyttetomt og avslutte med eit større prosjekt, som eit hotell, eit VA-anlegg eller ei energiberekning.
Med gode og støttande kollegaer med mykje god(?) humor, får du eit arbeidsmiljø som ikkje berre er lærerikt men òg trygt.
Kva ser me etter?
Me ser etter deg som:
Kvifor velje oss?
Me gjev deg:
Vil du arbeide med smarte, bærekraftige løysingar som gjer bygg energieffektive og gode å bu i? Send oss ein søknad!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gjev ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.