Vil du arbeide med å legge til rette for berekraftig havbruk? Bilde

Vil du arbeide med å legge til rette for berekraftig havbruk?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vestland Fylkeskommune Sogndal Fulltid

Vi ser etter ein ny medarbeidar som i hovudsak vil arbeide med å legge til rette for ei berekraftig næringsutvikling innan havbruk. Dette er eit 2-årig vikariat. Arbeidsplass for den som vert tilsett vil vere Leikanger i Sogndal kommune. For særleg kvalifiserte kandidatar kan vi ev. vere opne for å drøfte kontorplass på andre stader der vi har våre fagfolk. Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv inngår i avdeling for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. Vi arbeider med landbruk, reiseliv, lokalsamfunnsutvikling, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte.

Vestland fylkeskommune har etablert eit større samhandlingsprosjekt som skal fremme ein berekraftig sjømatproduksjon inn i framtida, kalt Styrka marin innsats. Her samarbeider vi tett med næringane, statlege etatar og kunnskapsmiljøa. Du vil arbeide med interessante oppgåver i dette prosjektet, som femnar om alt frå arealutfordringar, kompetanseutvikling, rekruttering til næringane, ressursutnytting og verdikjeder. Sirkulærøkonomi-tenking vil stå sentralt i samband med problemstillingar innan til dømes fiskeslam, restråstoff, foringrediensar, avfall og lågtrofiske artar. Du finn meir informasjon om prosjektet Styrka marin innsats her.

Andre aktuelle oppgåver kan vere:

  • Halde god kontakt opp mot akvakulturnæringa og statlege styresmakter, og dele oppdatert kunnskap
  • Utarbeide innspel til statlege styresmakter, deriblant svar på høyringar
  • Ta del i tiltak og prosjekt som fremmar ei berekraftig utvikling innan sjøma
  • Arbeide med å arrangere samlingar, nettverk og messer - særleg innan havbruk
  • Sakshandsame og rådgje, mellom anna i samband med tiltak som fylkeskommunen yter støtte til
  • Delta i marint internasjonalt arbeid og nettverk
  • Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og mykje kontakt med mellom anna dei marine næringane, Innovasjon Norge og statlege styresmakter.

Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har kunnskap om dei relevante fagområda og høgare utdanning innan fagområda. Du har gjerne ei naturfagleg utdanning på masternivå, men ønsket om mastergrad kan fråvikast for kandidatar som har god og relevant praksis. Stillingstittel vert fastsett ut frå utdanning og erfaring.

Det er ein fordel med:

  • Erfaring frå forvaltnings- og/eller utviklingsarbeid
  • Erfaring med å legge til rette for næringsverksemd, og gjerne innan marin sektor

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling
  • har evne til å ta initiativ og ansvar
  • kan arbeide strukturert og sjølvstendig
  • er utviklingsretta og løysingsorientert
  • har gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Fleksibel arbeidstid

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.