Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar - næringsutvikling | Vestland Fylkeskommune | Sogndal, Bergen | Fulltid |
Vi ser etter en ny medarbeidar som i hovudsak vil arbeide med å legge til rette for ei berekraftig næringsutvikling innan fiskeri og havbruk. Dette er i utgangspunktet eit vikariat på eitt år, som eventuelt kan forlengast med prosjektretta oppgåver i eitt år til. Arbeidsplass for den som vert tilsett vil vere i Leikanger i Sogndal kommune eller Bergen. For særleg kvalifiserte kandidatar kan det kan det vera moglegheit for kontorplass på andre stader der vi har våre fagfolk. Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv inngår i avdeling for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. Vi arbeider med landbruk, reiseliv, lokalsamfunnsutvikling, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
Vestland fylkeskommune har etablert eit større samhandlingsprosjekt som skal fremme ein berekraftig sjømatproduksjon og styrka marin innsats, der vi samarbeider tett med næringane, statlege etatar og kunnskapsmiljøa. Du vil arbeide med interessanne oppgåver i dette prosjektet. Du vil elles mellom anna arbeide med desse arbeidsoppgåvene:
Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og mykje kontakt med mellom anna dei marine næringane, Innovasjon Norge og statlege styresmakter.
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som har kunnskap om dei relevante fagområda og høgare utdanning innan fagområda. Du har gjerne ei naturfagleg utdanning på masternivå, men ønsket om mastergrad kan fråvikast for kandidatar som har god og relevant praksis. Stillingstittel vert fastsett ut frå utdanning og erfaring.
Det er ein fordel med:
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Vi tilbyr
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.