Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Hovedbilde

Prosjektleiar byggeprosjekt

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du leie våre spanande byggeprosjekt? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Steven Johnsen
47 17 87 67

Søknadsfrist

30. mars 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi har to større byggeprosjekt i MiSF som står på trappene komande år - fellesmagasin i Angedalen og verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta på Sandane. Grunna omfang og størrelse ser vi no etter ein person som kan ta ansvar for desse og bidra med naudsynt kompetanse og kapasitet på området.

Det største prosjektet er Fellesmagasinet i Angedalen, som det allereie gjort eindel arbeid på ifbm med planlegging og prosjektering. MiSF kjøpte i 2017 Ramstad Eskefabrikk i Angedalen, som no skal byggast om til eit stort magasin for oppbevaring og handtering av delar av samlinga/gjenstandane i MiSF. Prosjektet har vert lyst ut som totalenterprise og har ein BTA på 4500m2.

Holvikejekta-prosjektet er eit nytt verne- og formidlingsbygg for jekta som i dag ligg på Sandane i Gloppen kommune. Det nye bygget skal ligge på same stad, og har eit planlagd BTA på 1500m2. Prosjektet skal lysast ut som totalenterprise.

Dette er begge store og viktige prosjekt for MiSF og ein ny prosjektleiar byggeprosjekt vil ha ei viktig og spanande rolle i dette.

Arbeidsoppgåver

Vår nye prosjektleiar for byggeprosjekt vil ha ansvar for prosjektleiing, derav planlegging og gjennomføring av prosjekta. MiSF ønskjer å styrke eigen kapasitet og kompetanse på området.

Arbeidsstad vil naturleg vere der prosjekta er, både på Sandane og i Førde. Her vil det vere rom for fleksibilitet knytt til arbeids- og oppmøtestad. I MiSF er vi også særs vande med å arbeide og samarbeide gjennom digitale verktøy.

Arbeidsoppgåvene til prosjektleiar vil blant anna vere:

  • Gjennomføring av byggeprosjekt fra skisseprosjekt til ferdig bygg overlevert drift og vedlikehold avdeling
  • Kalkulasjon, kostnadsberegning og kvalitetssikring av prosjektert underlag
  • Lede bygge forberedelser inkl koordinering mot andre etater
  • Utarbeide byggeplan og konkurransegrunnlag
  • Gjennomføre anskaffelser iht regelverk (LOA/FOA)
  • Gjennomføring av kontrakter
  • Økonomistyring av prosjekt
  • Ansvar for å sørge for en sterk HMS kultur i prosjektet
  • Sikre rett kvalitet på leveransen
  • Følge opp entreprenører og andre leverandører

Stillinga er del av avdeling økonomi, adminitrason og drift i MiSF. I stillinga vil du samarbeide med fleire kollegar i MiSF med arbeidsstad i heile gamle Sogn og fjordane. Noko reiseverksemd på ein rekne med, men primært i Sunnfjord/Nordfjord.

Stillinga er eit mellombels engasjement på 2 år i første omgong.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har:

  • Universitet- eller høgskule-utdanning. Lang og relevant arbeidserfaring kan vege opp for krav til formalkompetanse
  • Relevant arbeidserfaring med byggeleiing
  • Kjennskap til relevante norske lover og reglar, som kontrakts standarder, plan-og bygningslova, TEK17, arbeidsmiljøloven, byggherreforskriften og liknande
  • God økonomiforståing
  • God erfaring med offentleg anskaffelse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B og disponibel bil

Om deg

Vi søkjer deg som:

  • Har god gjennomføringsevne og erfaring med prosjektleiing
  • Samarbeider bra med andre
  • Har en systematisk tilnærmingsmåte, god struktur og kontroll på arbeidsoppgåvene
  • Tar initiativ og ansvar, er sjølvstendig og trivast med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og stort engasjement.

MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP.

Stillinga som prosjektleiar byggeprosjekt blir løna etter avtale, og har stillingskode 1113 iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).

Søknadsfrist 30.03.2022

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde