Sommar er ferietid, men også ypperleg jobbsøkartid. Her er ti spennande stillingar for deg som vil leve vestlandslivet på fulltid.
Vil du ha ein innhaldsrik og spennande leiarjobb i Høyanger? I denne stillinga har du moglegheita til å setje preg på kommunen og jobbe med alt frå integering, folkehelse, aktivitetssenter, ungdom og fritid og kulturtilbod som kino, museum, galleri og bibliotek, for å nemne noko:
Bli med å skape den fornybare framtida! Om du vil jobbe som IKT-konsulent eller driftsingeniør på vakre Sandane, bør du sjekke ut desse stillingane hos SFE:
Gloppen kommune kan freiste med utfordrande og viktige oppgåver i eit godt arbeidsmiljø, med dyktige kollegaer og fleksibel arbeidstid. I denne rolla får du vere med på å påverke framtida i kommunen. Er du deira nye økonomisjef?
Vil du teste å bu og jobbe i Stryn i ein periode? Stryn er eit friluftseldorado med aktivitetar for ein kvar smak både sommar og vinter. Kommunen har no ledig eit engasjement som helsesjukepleiar i full stilling der du vil jobbe på helsestasjon og i skulehelsetenesta:
Aurland kommune søker to pedagogiske leiarar, ein til Flåm barnehage og ein til Aurland barnehage. For dei rette kandidatane tilbyr dei eit rekrutteringstilskot på 100 000 kroner, gratis trening og symjing og hjelp til å skaffe bustad og jobb til partner ved flytting til Aurland:
Som organisasjons- og forretningsutviklar får du stor påverknad på tvers av heile Sygnir og ein plass i leiargruppa i selskapet. Sygnir skriv at du vil møte engasjerte medarbeidarar som jobbar for høg fagleg kvalitet, og kan garantere ein travel, spennande og lærerik arbeidsdag:
Vil du bidra til at flyktningar i Hyllestad får ein godt start? Kommunen har no ledig to stillingar i flyktningtenesta, ei som programrådgjevar og ei som flyktningskonsulent med busettingsansvar. Her får du ein viktig og meiningsfull jobb, gode utviklingsmoglegheiter, fleksibel arbeidstid og busettingstilskot om du kjem tilflyttande:
Ønsker du deg ein spennande jobb med faglege utfordringar og moglegheit for utvikling? Då ser Lærdal kommune etter akkurat deg! Som helsefagarbeidar/hjelpepleiar vil du arbeide systematisk med velferdsteknologi, ernæring, medikamenthandtering, kvardagsrehabilitering og mykje meir:
Vil du vere med på hydrogeneventyret i Ullensvang? Eramet søker ein dyktig prosjektleiar til framtidsretta prosjekt – ein unik karrieremoglegheit lokalisert i eit område kjent for sin slåande vakre natur. Obs: Kort frist!
Likar du å jobbe med barn og unge, og har evne til å skape trygge og gode dagar for elevar? Selje skule er ein 1-10 skule med ca. 140 elevar, og ser no etter ein lærar som ønskjer å vere del av eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø i Selje: