Ingen veit kva dei skal, men når dei ser tre strenge, militærkledde menn, begynner det å demre for Framtidsfylket sine traineear.
Foto: Photoevent
– Åh, nei. Eg trur eg veit kva vi skal, sukkar ein av traineeane og tar motvillig på seg den svarte kjeledressen.
– Dette blir dritkult, seier ein annan entusiastisk og nærmast hoppar inn i sin dress.
– Mobilane kan de gi til oss. Ingenting av det som skjer her skal dokumenterast, ropar den eine militærkledde og ber dei stille seg opp.
Det går mot slutten for årets traineekull, men den siste samlinga står igjen. I fire dagar skal årets traineear samlast i Førde med Scandic Sunnfjord Hotel & Spa som base. På det tettpakka programmet står ei blanding av kompetansepåfyll, bedriftsbesøk, nettverksbygging og personleg utvikling – og sjølvsagt litt frileik innimellom. Ein siste fest blir det også tid til.
– Gjennom året skal traineeane bli betre kjende med seg sjølve, oppleve personleg og fagleg utvikling og tileigne seg gode verktøy for eit langt arbeidsliv, forklarar Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.
Målet er å rekruttere fersk kompetanse og arbeidskraft til distriktet.
– Modellen fungerer svært godt. I år har 29 av 35 traineear takka ja til å bli i fylket, det vil seie at 82% blir i arbeidslivet Vestland. For oss er det fantastiske tal, strålar Hovland, som også går under namnet mamma trainee.
Denne veka er det festivalstemning i Førde. Karrierefestivalen Elevate ønsker å opne auga for karrieremoglegheiter i Sunnfjord. For traineeane betyr det at dei kan velje og vrake i frukostmøte, kurs, bedriftspresentasjonar og kveldsarrangement.
– Det var heilt bevisst å legge traineesamlinga til Sunnfjord denne veka. Elevate passar perfekt til kunnskapshungrige traineear, forklarar Hovland.
Men kor i alle dagar kjem militærkledde, strenge menn inn i bildet?
– Det kjem under den biten som går på personleg utvikling. I dag skal dei få køyrt seg, smiler Hovland lurt og ser mot ein gjeng oppstilte traineear som no står på rekke og rad med breie bein på Sandtaket på Vie i Førde.
Rune Øksenberg har jobba sju år i Forsvaret, og i dag har løytnanten fått jobben med å leie Operasjon Framtidsfylket trainee. Med seg har han sersjant Dan Gøran Espedal, korporal Simon Vie og medhjelpar Arnt Ole Ramsdal. Svein Inge Bjørkedal i arrangementselskapet Hending står bak Skvadron Hending, og har sydd saman eit opplegg som skal utfordre «rekruttane» både psykisk og fysisk.
– Beina skal ha skulderbreiddes avstand, henda på ryggen, ropar Øksenberg, medan Espedal går rundt og rettar på tomlane til dei oppstilte traineeane.
Nokre smiler, andre ser meir usikre ut. Det er tydeleg at traineeane er spente på kva som skal skje vidare når dei blir delt inn i lag. I dag skal dei få prøve seg på minerydding, skytetrening og hinderløype – og konkurranseinstinktet kickar fort inn.
– Eigentleg skal dei ikkje konkurrere i noko som helst. Det heile handlar om å vise god lagånd, kviskrar Bjørkedal frå sida og observerer korleis eine laget planlegg å frakte ei tønne med vatn til toppen av sandtaket på kortast mogleg tid.
Iverksett hurtig trening av rekruttane – til Dovre faller, står det i meldinga frå sentralkommando. Og trening skal dei få... Det blir jobba knallhardt med å frakte tunge tønner og tømmerstokkar opp bakken, og godt samarbeid og tydeleg leiing er avgjerande for å lukkast. Skytetreninga krev fokus for å treffe blink, medan minerydding krev 100% konsentrasjon:
– Det er stort mentalt press i å leite etter miner og ekplosivar, forklarar Dan Gøran Espedal.
Han har lang erfaring frå minerydding i internasjonale operasjonar og veit kva han snakkar om. Seinare på dagen skal traineeane få høyre foredraget hans "Mitt liv".
Sjølv om dagens oppdrag er heilt ufarleg, er spenninga til å ta og føle på når rekruttane får prøve seg som mineryddarar. Centimeter for centimeter stikk dei tolmodig mineprodd inn i ein markert sanddunge, heilt til dei treff noko hardt.
– Hald roen og fokuser på rolla di, instruerer Espedal og fortel at dei vanlegvis jobbar i minefeltet i tjue minutt kvar før dei byter, for å klare å vere 100% fokusert til ei kvar tid.
Adrian Helgheim er trainee ved Høgskulen i Vestlandet, avdeling Sogndal. Han var ein av dei som gliste då han skjønte kva som stod på programmet.
– Skvadron Hending er eit supert opplegg som sette oss på prøve i å kombinere teamarbeid, logisk tankegang og fysiske utfordringar. Det var kult å sjå konkurranseinstinktet til traineekollegaene mine, smiler han.
Han synest det var utfordrande å bli einige som lag om korleis dei skulle løyse oppgåvene:
– Laget har ulike perspektiv og tankar om kva som er best for å løyse oppgåva. Samtidig gav det gode diskusjonar som enda i gode avgjerder.
Å vere rekrutt for ein dag og følge ordre kunne også vere ei utfordring:
– Ja, det er krevjande å halde maska og å vere i «militærmodus».
"Vi har ulike perspektiv og tankar om kva som er best for å løyse oppgåva."
Han sit att med mykje lærdom etter å ha deltatt i Skvadron Hending. Opplegget sklir lett inn i traineeåret.
– Eg har definitivt lært å kjenne mitt eige bidrag i gruppa, men også korleis andre bidrar. Vi oppdaga fort at alle må delta og yte sitt beste for å prestere som lag – uansett forutsetningar. Eg set også pris på lærdommen kring disiplin, og har utvilsamt fått større respekt for dei som driv med militært arbeid til dagen, avsluttar rekrutt Helgheim.