Evoy

Arbeidsliv

Arbeidsmarknad: Heile verda

Å lytte til dei tilsette sine behov og legge ein god strategi for korleis integrere dei i både bedrifta og samfunnet er noko av det viktigaste vi gjer meinar Linda Sinclair Aukland i Evoy.

Linda Sinclair Aukland er HR- og Administration Manager i Evoy i Florø, som i dag har tilsette frå heile 11 ulike nasjonalitetar. Frå tidlegare har Linda mellom anna lang erfaring innan reiselivet og frå bemannings- og rekrutteringsbyrået Adecco. Ho skriv månadens innlegg på vår blogg om rekruttering.

Evoy designar, utviklar og produserer kraftige og 100% elektriske båtmotorar (utanbords og innanbords) og er ei internasjonal og multikulturell bedrift som i dag teller 48 tilsette frå 11 ulike nasjonalitetar. Som ei vekstbedrift i rask utvikling, er vi alltid avhengig av å ha dei rette ressursane med på laget for å nå neste milepæl. Spisskompetanse på ulike avdelingar og innan ulike fagområde er prekært for å lukkast. Som ei teknologi- og kompetansebedrift må vi i aller høgste grad tenke nytt rundt rekruttering, også internasjonalt.

– Vi må tenke nytt og kreativt når vi skal nå dei rette kandidatane.

Linda Sinclair Aukland

Utfordrande arbeidsmarknad

Først litt om enkelte utfordringane vi og fleire andre bedrifter møter når det kjem til rekruttering. Det er framleis låg arbeidsløyse i samfunnet, og konkurransen om de flinkaste hendene og klokaste hovuda er tøff. Spesielt innan fagkompetansen som vi treng innan produksjon. Der konkurrerer vi også om arbeidskrafta med store nasjonale og internasjonale gigantar. Dessverre har det òg blitt slik i Noreg at yrkesfag ikkje lenger har så høg status, slik at vi opplever det er eit dalande tal elevar om vel å utdanne seg til ei slik yrkesretta karriere.

I tillegg har desse yrka ein skeiv kjønnsbalanse. Dei er hovudsakeleg mannleg dominert, noko som gjer at det naturlegvis er færre kandidatar å velje mellom enn om også fleire kvinner valde desse yrka. Vi har også ei ekstra utfordringa med at vi treng våre fagfolk til å vere på lokasjon ved våre produksjonsfasilitetar i Florø og har då ikkje moglegheit til å tilby dei hybridløysingar. I vår del av verda ser vi som mange andre mindre sentrale strøk at det er krevjande å få folk til å flytte til distriktet for å satse på ei karriere, og det er ofte avgrensa med aktuelle lokale kandidatar med rett kompetanse til rett tid.

Betyr det at det er håplaust? Absolutt ikkje. Men det betyr at vi må tenke nytt og kreativt når vi skal nå dei rette kandidatane. Ein av strategiane er å sjå utanfor eigne landegrenser.

Evoy båt

Så korleis jobbar vi for å nå dei internasjonale arbeidstakarane?

Vi praktiserer engelsk som hovudmål, både internt i bedrifta og der det elles er naturleg, og eksternt i alle våre kontaktflater. På denne måten tiltrekker vi kandidatar frå andre land som enkelt følgjer med på kva vi driv med og kva vi har av ledige stillingar. Fleire har sagt at dette var heilt avgjerande for at dei i det heile tatt tenkte det var relevant for dei å søke ein jobb her.

Vi er aktive i sosiale medium som LinkedIn, Facebook og Instagram, og jobbar tett saman med marknadsansvarleg for å nå ut til dei rette målgruppene med rett bodskap, også med fokus på Employer branding. Her marknadsfører vi oss ikkje berre som aktør, men også som ein attraktiv arbeidsplass som jobbar med ei spennande, bærekraftig og framtidsretta grøn utvikling. Vi set gjerne fokus på våre tilsette og lar dei ta ordet og tre fram som våre gode ambassadørar som kan svare utfyllande på korleis det er å jobbe i Evoy. Den yngre generasjon jobbsøkarar ønsker gjerne å sjå meir bak kulissane korleis det er å jobbe i ei bedrift og kva dei kan forvente.Mange som har søkt jobb hos oss fortel at dei har følgt oss lenge, og at vi framstår som nettopp ein arbeidsplass der det er spennande å jobbe, med gode utviklingsmoglegheiter.

Vi har ei målretta tilnærming i dei kanalane som tillet det. Vi brukar til dømes segmenteringsmoglegheitene i LinkedIn for å source dei rette profilane frå inn- og utland med relevant og riktig kompetanse. Dette har vi god erfaring med.

Vi deltek på internasjonale arenaer og events som er relevante for bransjen vår. Sjølv om det ikkje handlar om rekruttering er det med på å synleggjere Evoy og byggje merkevara vår. Vi har alltid med tilsettambassadørar på dei ulike arrangementa og vi ser at dette gjer ein forskjell i å tiltrekke seg gode kandidatar. Evoy samarbeider også tett med akademia og ser viktigheita av å spele på lag med ulike utdanningsinstitusjonar for å knytte framtidas arbeidskraft tettare til oss. Vi har vore svært nøgde med våre traineear frå Framtidsfylkets traineeordning. Ei anna ordning vi og har hatt positive erfaringar med er Studentjobb i regi av Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling AS og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Gjennom dette prosjektet får ingeniør- og teknologistudentar i Førde tilbod om relevant studentjobb i studietida. Campus Førde er førebels einaste stad i landet med ei slik ordning.

Ikkje berre reiser vi ut i verda, men vi inviterer også verda til oss. I haust inviterte vi til dømes internasjonale journalistar og investorar til Florø. Dei fekk oppleve Florø på sitt beste ein klar og kald novemberdag. Dei oppmøtte fekk servert varme vaflar og drikke, teste elbåtane, besøke våre produksjonslokaler og vart betre kjent med oss som bedrift. Vi kalla det for Evoy-dagane, og lagde eit opplegg som heile lokalsamfunnet i Florø kunne delta på. På denne måten fekk vi vise fram bedrifta vår til både lokale og internasjonale aktørar.

Evoy rib

Og sist, men ikkje minst: Vi ønsker å tilby våre nytilsette som vel å flytte til Florø ein smidig og god overgang til byen og bedrifta vår. Det er ei stor omvelting å starte i ein ny jobb i eit nytt land. Derfor prøvar vi å leggje til rette for at overgangen skal bli ei god oppleving for alle involverte. Det kan dreie seg om å sikre dei ein bustad, organisere praktiske aspektar ved flytting, hjelpe med utfylling av nødvendige søknadsdokumenter, eskortere til besøk på skattekontoret i Førde eller banken i Florø, samt være til hjelp der det er mogleg og nødvendig, også når det gjelder deira familiemedlemmer.

Marknadsføringa av livet i distriktet og Florø som ein attraktiv plass å leve og bu, er også veldig sentralt i en rekrutteringsprosess. Et godt eksempel er vår nye kollega Willem frå Nederland som nyleg har begynt i en seniorposisjon som ingeniør på vår tekniske avdeling.Willem bidrar med verdifull kompetanse og innehar styrker som er viktige for vår videre utvikling. Men Willem kom ikkje aleine, han flyttar til Florø med si kone og to barn. Når vi rekrutterer, må vi alltid vurdere kva kandidaten kan tilby oss men også kva vi kan tilby kandidaten, noko som er avgjerande for at kandidaten vil trivest og gjere ein god jobb for Evoy. Det er samtidig avgjerande for oss å være ærlege og skape realistiske forventningar.

Kva så når dei kjem hit?

Jobben er ikkje ferdig då, langt ifrå. Vi som bedrift ha ein strategi for korleis vi integrerer dei, ikkje berre i bedrifta, men også i samfunnet, og då må vi lytte til kvar tilsett og deira behov. I Evoy har vi til dømes eit buddy-program som er eit lav-terskel tilbod om sosiale aktivitetar som våre tilsette kan delta på, t.eks. quiz på Vesle Kinn, eller bli med på ein (elektrisk) båttur på fjorden eller ein tur på Brandsøyåsen. Det er også viktig å gje dei tilsette god oppfølging den første tida i ny jobb. Vi ønsker at alle får ein god moglegheit til å lykkas i Evoy og tilbyr gjerne kompetanseheving og fagleg påfyll ved behov. På den måten får våre tilsette utvikle seg både personleg og profesjonelt og vekse saman med bedrifta. Vi ønsker å bygge ein god bedriftskultur i Evoy med fokus på kontinuitet og stabilitet. Vi ser på våre tilsette som ei verdifull investering og det er viktig for oss å behalde gode ressursar som har opparbeidt seg verdifull kompetanse. Det er et kontinuerleg arbeid som vi må ha fokus på dagleg for å oppretthalde fornøgde tilsette som opplever et positivt og sunt arbeidsmiljø. Vi ønsker at alle våre tilsette skal kjenne på ei tilhøyregheit og stoltheit over arbeidsplassen sin. Tilsette som føler seg verdsett og støtta av bedrifta, samt opplever arbeidsglede i kvardagen er meir tilbøyelege til å være engasjerte og motiverte og det fører ofte med seg økt produktivitet og kvalitet i utført arbeid.

  

Linda Sinclair Aukland,

HR- og Administration Manager i Evoy

Fleire saker