18. februar kan du bli kjend med bedrifter frå ulike bransjar i heile Vestland. Møt din neste arbeidsgivar i Grieghallen!
Har du lyst til å vite meir om kva jobbar som ventar i Vestland? Meld deg på karrieremessa Ta Steget 18. februar kl. 10.00-14.00 i Grieghallen. 👣
Her har du sjansen til å møte nokre av Vestland sine mest attraktive arbeidsgivarar frå ulike bransjar, og orientere deg om kva karriere du kan skape deg i distriktet. Bedriftene du møter på stand ønsker veldig gjerne å bli kjent med deg og knyte kontakt for framtidig jobb 🧡
Forutan spennande bedrifter byr vi på :
*Goodiebags til dei som melder seg på før 15. februar.
Nytt i år er at vi arrangerer messa på dagen, har festmiddag på kvelden og samarbeider med Springbrettet – ein av Bergen sine største studentorganisasjonar. I tillegg til deilig middag og mingling med potensielle arbeidsgivarar, blir det korte bedriftspitchar på scena. Det er no fullbooka på festmiddagen, men det blir delt ut 50 billettar på messa på dagtid.
I år kan du få med deg to spennande foredrag under karrieremessa:
Noreg i ei uroleg verd
Sofie Høgestøl
USA, Trump, Noreg og verda – kva no? I dette foredraget vil USA-kommentator Sofie Høgestøl gi oss det store biletet på korleis verdspolitikken ser ut no, og vise oss korleis det heile heng saman med at Trump er tilbake i Det kvite hus. Til slutt vil ho dele nokre karriereråd som har vore viktig for henne i si karriere.
Tid og stad: Kl. 12.00, Klokkeklang
Jobbsjokket – Velkommen til arbeidslivet!
Maria Løberg og Stine Vintervoll
I dette foredraget får du høyre om vanlege utfordringar mange nyutdanna opplever i overgangen frå student til arbeidstakar. Ved hjelp av relevante teoriar fra psykologien vil du få ei betre forståing for korleis det er å vere ny på jobb, og du får konkrete verktøy du kan bruke for å sikre at du både trivst og presterer.
Tid og stad: Kl. 13.00, Klokkeklang
Som vanleg på Framtidsfylket karrieremesse vil du få moglegheita til å delta i konkurransar med særs flotte premiar. Vi snakkar festivalpass på nokre av Vestlandets kuleste festivalar, gåvekort til nokre av fylkets mest spektakulære opplevingar, og mindre premiar som kinobillettar og andre overraskingar.
Her er berre noko av det du kan vinne på messa:
Visste du at karrierestigen er kortare i distriktet?
I ei undersøking frå 2023 kan Vestlandsforsking stadfeste påstanden om at arbeidstakarar i distrikta opplever ei raskare karriereutvikling enn i større byar.
– Dette blir ofte forklart med breiare arbeidsoppgåver, meir ansvar og tettare band til leiinga i bedriftene på mindre plassar, seier prosjektleiar Kristin Løseth.
Det betyr at du kan få ei meiningsfull karriere i Vestland der DU får vere med og påverke arbeidsdagen din og utviklinga i bedrifta.
Dette er dagen du får innsyn i eit variert og innovativt arbeidsliv i Vestland! Kanskje går du derifrå med utsikt til ny jobb, ein sommarjobb, ei traineestilling eller eit samarbeid om studentoppgåve? Ta Steget og meld deg på
Karrieremessa bli arrangert i samarbeid med Springbrettet.
Lista blir oppdatert kvar dag!
Sist oppdatert 10.02.25