Astrid Myren SFE

Nyheiter

Jobb med meining

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Photoevent

Er du ein av dei som høyrer ordet "trainee", og ser for deg eit år med kaffikoking og skrivebordssliting? Då har du ikkje møtt Astrid Myren.

– For meg var traineeåret ein fantastisk start på arbeidslivet. Eg fekk prøve ut både bedrifta og området under trygge rammer, fortel ho med eit smil.

Vi har starta utrullinga av traineestillingar for 2025/26. Sjekk ut!

Ville jobbe med klima

Astrid er oppvaksen på Sotra, men brennande engasjement for klima og fornybar energi førte ho til både Ås, Bergen – og til slutt Sandane.

– Eg visste tidleg at eg ville jobbe med noko som gav meining. Klimaendringane var, og er, den viktigaste saka for meg, så eg ville bruke arbeidstida mi på det, seier ho.

SFE, Nyvinn

Med master i energi og eit tilfeldig møte med ein annonse for traineestilling i SFE, tok livet ein ny vending.

– Eg såg at eg kunne bruke det eg hadde lært til å erstatte fossil energi med fornybar energi. SFE var stort nok til at eg kunne bli kjend med bransjen, og Sandane – vel, det er jo heilt nydeleg her! Eg måtte berre søkje.

Ingen planar om å reise tilbake til storbyen

Sidan den gong har Astrid gått frå trainee til prosjektutviklar, og no jobbar ho med grøn innovasjon i Nyvinn, eit nyoppretta selskap av SFE.

– Der skal vi jobbe med grøn utvikling og verdiskaping i regionen. Dei konkrete prosjekta vi held på med er mellom anna eit biogassprosjekt på Byrkjelo og hydrogenprosjektet HyFuel i Florø, fortel ho entusiastisk.

– Overgangen frå SFE til Nyvinn har vore flytande. Eg syntest det var veldig spennande og litt skummelt. Men eg såg at i eit slikt selskap kunne eg vere med å påverke. Eg var aldri i tvil om at eg ville ta denne rolla.

– Eg kjem alltid tilbake til motivasjonen min for å jobbe med dette: Eg har lyst å kutte utslepp og redusere klimaendringar, og det får eg jobbe med kvar einaste dag.

Men jobben er ikkje det einaste som lokka.

Sandane

– Sandane er eit friluftseldorado. Akkurat no held eg på å renovere hus, så det er ganske travelt. Men vanlegvis er eg mykje ute og gjer forskjellige aktivitetar. Det kan vere å gå på ski eller padle kajakk, og eg har blitt heilt hekta på å plukke sopp – mykje tid ute i skogen, rett og slett. Eg har gløymt kva kø er, ler ho.

Astrid er også ein av initiativtakarane bak Gloppen U40, eit nettverk for unge i kommunen.

– Det å bygge eit sosialt nettverk her har betydd mykje for trivselen. Vi blir kjend på tvers av kommunen og bransjar – og det er skikkeleg kjekt!

Astrid har ingen planar om å forlate Sandane.

– Så lenge eg jobbar med noko eg brenn for og som gir meining, er eg nøgd, seier ho.

– Berre hopp i det!

Astrid meiner traineeåret gav ho den perfekte starten på karrieren.

– Eg fekk utvikle meg både fagleg og personleg. I tillegg var det eit sosialt høgdepunkt – vi reiste til ulike plassar både i regionen og i utlandet og opplevde mykje saman, fortel ho.

Ho er ikkje i tvil om kva råd ho ville gitt til unge nyutdanna:

– Berre hopp i det! Traineeåret gir deg tryggleik til å teste ut både jobb og liv i ein ny region. For meg vart det starten på noko stort – både profesjonelt og personleg.

Klar for å makse starten på karrieren?

Søk på ein eller fleire av årets traineestillingar!

Fleire saker