Siste traineesamling for denne gjengen

Nyheiter

– Det verste er å innsjå at det tar slutt

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Stine Bortheim

Sol, hav, fiske og bading. Ramma for årets siste traineesamling kunne ikkje vore meir idyllisk. Her på Fanøya reflekterer traineeane over året som har gått.

Andreas Losnegård er 27 år og kjem frå Bergen. Han tok med seg ein master i administrasjon- og organisasjonsvitenskap til Luster og har jobba som trainee i kommunen i avdeling for nærings- og samfunnsutvikling.

– Det er ikkje til å stikke under stol at eg hadde høyrt at ein får andre arbeidsoppgåver på bygda kontra byen. Hovudmålet mitt var å lære mykje innan eit breitt spekter av oppgåver, fortel Andreas.

– Eg må seie at eg har fått mykje ansvar og tillit frå sjefane mine og mentoren min. Eg har fått klare arbeidsoppgåver og tillit til å løyse dei på dei måtane eg sjølv har meint var best. Det har eg sett stor pris på. Administrasjonen i Luster kommune fortener mykje skryt.

Traineeprogrammet var berre noko han måtte gjennom

At Andreas var med på eit traineeprogram tenkte han ikkje så nøye over i starten.

– Det som var viktig for meg var at eg hadde fått meg ein relevant jobb. Eg var kanskje litt negativ og likegyldig til samlingane og opplegget rundt det å vere trainee; det var berre noko eg måtte gjennom, seier han og fortset:

– Men det har vore veldig kjekt! Det er ein god måte å bli kjent med andre på og eg føler vi har blitt ein god gjeng. Det å gå ut er vemodig, og det hadde eg ikkje trudd på den første samlinga.

Saknar du storbyen?

– Eg saknar familie og barndomsvenner i Bergen, men eg har funne min plass i Sogn. Det er mange fordelar med å bu mindre sentralt. Fin natur, greie folk og fine karrieremoglegheiter, smiler Andreas

– Det å gå ut er vemodig, og det hadde eg ikkje trudd på den første samlinga.

Andreas Pasqual Losnegård

Blir verande for kollegane

Nikolai Otterdal Heggen visste knapt kven arbeidsgjevaren hans var då han starta i Coast Seafood.

– Eg søkte på alle stillingar som hadde med IKT å gjere, gjekk gjennom intervju og to veker seinare var eg tilsett. Det var ein kjapp prosess, fortel Nikolai

Eit år seinare er 27-åringen frå Hornindal nøgd med utfallet.

– Eg er fornøgd med leiarane mine og eg har fått eit godt inntrykk av bedrifta gjennom året. Arbeidsoppgåvene har vore alt ifrå standard, enkel IT-support, til større prosjekt som har ført til at eg har utvikla meg.

Med gode kollega og fleksible løysingar i bedrifta, var valet om å bli verande enkelt for Nikolai. Traineeprogrammet har betydd ein god del, i form av nye bekjentskap og ein god vei inn til arbeidslivet.

– Eg føler at ein er i tryggare rammer enn om ein berre hadde starta rett i jobb. Ein har meir sikkerheit når ein går gjennom eit program, forklarar han

– Det kjekkaste eg har vore med på dette året er turen til Brussel. Det var spennande å sjå korleis Noreg er representert i utlandet, og å sjå korleis vi blir påverka, og påverkar det internasjonale næringslivet.

Og det verste?

– Å innsjå at det tar slutt.

Nikolai Otterdal Heggen

Nikolai Otterdal Heggen

Karoline Salbu

Karoline Salbu

Ville oppleve noko nytt

Karoline Salbu søkte eigentleg på ei fast stilling på økonomiavdelinga i Sparebanken Sogn og Fjordane. Så vart den gjort om til ei traineestilling. Eit år er gått og fasiten er klar, kva tenker Karoline om det i dag?

– Det har verkeleg vore ekstremt bra. Det har tikka av alle boksane og treft på alle punkt. Eg har fått nye venner, bygd eit godt nettverk, og fått mykje ny kompetanse.

– Eg blei skikkeleg bra tatt imot, og det er noko eg må rose Sparebanken for. Du blir sendt på ei runde for å helse på alle i banken, deltek på nytilsettsamling, og får innblikk i dei ulike avdelingane. Eg har fått ein fagleg rettleiar og ein mentor, så det har vore veldig bra. Ein merkar at dei har gjort dette før og funne kva som fungerer for dei, forklarar Karoline ivrig

– Turen til Brussel var veldig bra, men det sterkaste minne er føredraget med Rasmus Mo. Det var sjukt motiverande å høyre på han, og ein får lyst å ta tak med ein gong.

Og kva har vore det verste?

– Det må vere då vi hadde kurs i presentasjonsteknikk, og vi skulle gå så lavt ned i toneleie som mogleg. Det klarte eg ikkje. Men om det er det verste, er det kanskje ikkje så gale. Det blei ei skikkeleg utfordring, ler Karoline

Kven vil du anbefale å bli trainee?

Andreas: Dei som er i min situasjon; akkurat ferdig med master, og vil ha utfordringar jobbmessig. Og bli kjent med folk.

Nikolai: Nyutdanna som er usikre på kva dei eigentleg vil.

Karoline: ALLE! Verkeleg, alle burde prøve eit traineeår. Eg er så glad for at eg fekk denne sjansen, sjølv om det var ei fast stilling eg søkte på.

Meld deg på nyhetsbrev og få traineestillingane for 2025/2026 rett i innboksen

Fleire saker