Magnus Aftret

Nyheiter

«Vi ser etter nokon med litt meir erfaring»

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Photoevent

Er dette ei setning du ofte høyrer som nyutdanna? Magnus (27) fann løysinga i Vestland.

Magnus Aftret frå Trondheim hadde eigentleg ikkje planlagt å flytte frå heimbyen. Men etter å ha avslutta ein mastergrad i mediekommunikasjon og IT, oppdaga han at mange dører var vanskelege å opne for ein nyutdanna utan mykje arbeidserfaring.

Vi har starta utrullinga av traineestillingar for 2025/26. Sjekk ut!

– Eg fekk stadig same tilbakemelding då eg søkte jobbar i Trondheim: "Vi ser etter nokon med litt erfaring," fortel Magnus.

Traineeprogrammet opna dører

At Magnus ramla over Framtidsfylket, var litt tilfeldig. Men det faktum at traineeprogrammet nettopp søkte nyutdanna førte til at vegen til Vestland vart veldig kort. Stillinga i Aksello, eit selskap som jobbar med næringsutvikling, skilte seg ut.

– Fokuset deira på teknologi, grøn omstilling, nyskaping og utvikling var noko som verkeleg fanga interessa mi.

Aksello - Magnus

– Dei var veldig tydelege på at dei ønskte nyutdanna og eg følte meg velkomen frå første stund. I eit stort selskap trur eg mange berre blir plassert på eit kontor og forsvinn litt i mengda. Her får eg delta på mykje forskjellig og har fått moglegheiter eg trur hadde vore vanskeleg å finne i eit stort selskap i ein større by, seier Magnus.

Som trainee i Aksello jobbar han hovudsakleg med kommunikasjon, men får også ta del i næringsutviklingsprosjekt. Arbeidet spenner frå grafisk design til nettsider og artiklar, og han trekkjer fram at han får mykje ansvar og lærer mykje.

– Eg har aldri jobba på kontor før, så det har vore ei omstilling, ler han, men kollegaene er utruleg støttande, og eg føler at eg bidrar til noko viktig, seier han.

Tilflyttaren som koordinerer det lokale U40-nettvereket

Ein del av jobben til Magnus er å vere prosjektkoordinator for Flora U40 – eit nettverk for unge i Florø som skal styrke trivsel og bolyst i området.

– Eg fekk denne rolla berre ein månad etter at eg starta i Aksello. Det var litt skummelt å gå inn i ei slik rolle som tilflyttar, men det har også sine fordelar. Eg kan sjå på nettverket med andre briller enn dei som kjem herifrå. Eg kjem og frå ein studieby der det skjer mykje heile tida, så eg føler eg har mykje å bidra med.

Magnus Flora U40

Juleverkstad med Flora U40

Saman med ressursgruppa i U40 jobbar Magnus med å tilby eit breitt spekter av aktivitetar.

– Vi har nokre faste arrangement, som til dømes Lønningshils der folk kan møtast og bli kjent med nye folk, og Bakst og barnevogn, som er retta mot foreldre i permisjon. I tillegg til desse faste arrangementa, har vi mykje anna. Nyleg hadde vi eit målekurs, og tidlegare har vi arrangert klesbyttedag i samarbeid med Naturvernforbundet, samt strandrydding. Vi har også hatt Amazing Race Florø, ein lokal versjon av det kjende konseptet.

– Målet vårt er å skape møteplassar og gjere det lettare for folk å etablere seg her, fortel Magnus engasjert

Eit nettverk som er gull verdt

For Magnus har traineeprogrammet vore ein trygg og lærerik veg inn i arbeidslivet.

– Det beste med programmet er nettverket du får. Gjennom Framtidsfylket har eg møtt andre traineear, vi deler erfaringar og støttar kvarandre. Eg føler meg som ein vanleg tilsett, men det er fint å ha ein plattform der vi som er nye i arbeidslivet kan utveksle tankar, seier Magnus.


Magnus er tydeleg på at traineeprogrammet har vore ein perfekt start på karrieren.

Magnus Aftret

– Eg ville anbefalt det til alle som er nyutdanna. Det gir deg moglegheita til å prøve deg fram under trygge rammer, og du får eit nettverk som er gull verdt. For meg har det opna dører eg ikkje visste eksisterte, og eg får erfaringar som eg kan ta med meg vidare i karrieren, avsluttar han med eit smil.

Vil du og makse starten på karrieren?

Søk på ein eller fleire av årets traineestillingar!

Fleire saker