Matilde og Silje

Nyheiter

Her kan du ikkje stikke av!

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Stine Bortheim

Det er like spennande kvart år – 25 unge mennesker som ikkje kjenner kvarandre møtast for første gong.

– Det her er eigentleg ein heilt perfekt plass å bli kjent med andre. Her er det aude, men samtidig idyllisk – og du kan ikkje stikke av!

Silje Nordrang Bale reflekterer over dei siste dagane på traineesamling på Tuftegarden i Viksdalen. Hovudfokuset på samlinga er relasjonsbygging, med MYKJE prating.

– Nesten alle jentene bur i same hus, så vi har blitt ekstra godt kjent. Eg er trainee i Førde og ny i byen og har derfor vore mykje åleine siste månaden. Her har eg derimot vore veldig nær folk og nesten sove i same seng, smiler Silje og fortset:

– Men det er kjekt å bli kjent med nye folk og høyre historia deira. Det er mange som ikkje er herifrå, og det er spennande å høyre kva som fekk dei til å kome akkurat hit.

– Ein blir nysgjerrig på folka rundt seg

Silje Nordrang Bale

Skyhøgt desibelnivå

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, er godt nøgd med starten på traineeåret.

– Det å gje av seg sjølv til ei gruppe ukjende menneske er utfordrande, men heilt avgjerande for at året skal bli vellukka. Å skape ei ramme der ein kjenner seg trygg nok til å dele er det viktigaste. Det fekk vi til her oppe, seier ho.

– Desibelnivået var skyhøgt, og det betyr at folk kosar seg. Eg trur dette blir eit knakande godt traineeår… igjen, smiler Linda Hovland lurt.

Sondre Espeland Ellingsen, Najib Shariif og Linda Hovland

Stemninga på topp! f.v. Sondre Espeland Ellingsen, Najib Shariif og Linda Hovland

Hæ, finst det kommunikasjonsjobbar der?

Traineeane jobbar innan eit breitt spekter av fagområde, men i år det heile seks traineear som jobbar innan kommunikasjonsfaget. Silje og Matilde Berg Fargerland er to av dei.

– Det er kjempekjekt å treffe alle. Mange av traineeane driv med kommunikasjon, og eit eige nettverk for fag er fint, seier Silje

Silje jobbar hos Røde Kors Sogn og Fjordane og Matilde i Sogn og Fjordane Energi. Begge i heilt nyoppretta traineestillingar.

– Eg fann jobben litt tilfeldig på Finn og det første eg la merke til var at stillinga var i Førde. Då tenkete eg: Hæ, finst det kommunikasjonsjobbar der?

– Jobben er veldig gjevande. Eg reiser rundt til frivillige og fortel deira historier. Vi set lys på jobben dei gjer og legg til rette for at det skal vere enklast mogleg å vere frivillig. Eg trudde først at Røde Kors berre var hjelpekorpset, og at når det er krise så rykker dei ut. Men no vil eg vise alt det fine omsorgsarbeidet som også blir gjort, til dømes besøksvenn med hund, arrangement og konferansar, fortel ho entusiastisk

Etterlengta retur

Matilde fekk tips frå ei venninne som er tidlegare trainee om å sjekke ut programmet.

– Eg er interessert i kraftbransjen og grøn energi, så jobben hos SFE er ein gyllen moglegheit til å lære meir om det. Jobben verka variert, og det var viktig for meg, fortel ho.

relasjonsbygging

Gjennom prating...

Teambuilding

... og lagaktivitetar blir traineeane godt kjent

– Korleis har første samling vore?

– Lærerik, mange inntrykk, ein del refleksjon og mange fine folk! Fuelbox overraska meg kanskje mest. Eit nyttig verktøy for å setje i gang praten på ein måte som ein kanskje ikkje har gjort tidlegare.

– Kva tar du med deg frå samlinga?

– Mykje! Etter samtale med mentor er det blitt tydelegare korleis vår relasjon skal vere. No veit eg at eg kan bruke ho som rådgjevar og at ho stiller opp for meg. Eg kan vere med på å forme kvardagen, og eg kan fint seie «eg har lyst til å gjere meir av dette», seier Matilde.

– Det er blitt tydelegare korleis vår relasjon skal vere

Matilde Berg Fagerland

Matilde er frå Brønnøysund, men har studert både i Bergen og Oslo.

– Det er deilig å flytte tilbake til Vestlandet! Eg har gleda meg til å flytte tilbake til fjell og fjordar. Sandane er sjølvsagt mindre enn Bergen, så eg må tilpasse meg. Men det verka som eit lokalsamfunn med mykje driv, og eg ser fram til å bli kjent med tilbod som Gloppen U40.

Meir førebudd til neste samling

Neste gong traineeane møtast, blir det i Stryn.

– No kjenner eg meg meir trygg på neste samling. Eg veit at det er ein fin gjeng som skal møtast, og eg veit at det blir god stemning, smiler Silje.

Fleire saker