Bård Stana, tomat

Nyheiter

Då familiegarden lokka måtte New York vike

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Stine Bortheim

Tenk deg at du har budd fem år i USA, midt i travle og storbyaktige Upstate New York. Så bestemmer du for å pakke og flytte til Hardanger.

Det meste er forskjellig i New York, alt er større. Eit årskull med elevar på skulen der er på 1500, medan det i Tyssedal er på 5. Livet går i eitt med jobb, pendling og den pulserande rytmen som aldri tar pause. Så ein dag bestemmer du deg for å bryte opp, pakke saman, og flytte med familien tilbake til garden i Hardanger som har vore i slekta i generasjonar.

Det her er historia til Bård Stana, som no bur på Stana. Der kombinerer han heimekontor i eit stort konsulentfirma med gardsdrift og lokalmatproduksjon. Han er beviset på at bygdelivet ikkje berre handlar om natur og ro, men også om moglegheiter.

Hardanger 1 – 0 New York

Det er så vidt bilen kjem seg opp den bratte og svingete vegen til Stana. Men når den først har klart å karre seg opp til hovudhuset blir eg møtt av ei utsikt som nok er vanskeleg å gå lei. Det er litt regn i lufta og skodda ligg som eit slør over fjella som forsvinn ned i Sørfjorden saman med fossane. Det er vakkert.

Stana gard

Her har Bård vekse opp. Då han var 18 år flytta han for å studere i Trondheim, deretter til Oslo og til slutt til Upstate New York. For tre år sidan valde han og familien å flytte tilbake til Garden som har vore i familien sidan 1600-talet.

Kvifor?

– Ein av dei viktigaste grunnane var ønsket om å gi ungane moglegheita til å vekse opp i nærleiken av naturen, og ikkje minst i eit trygt og tett miljø som Tyssedal kan by på. Vi flytta slik at ungane skulle rekke skulestart her, fortel Bård og fortset:

– Det som spelte ei stor rolle var skulen og idrettslaget i Tyssedal, som gjorde det enkelt å kome inn i miljøet. Det er praktisk med kort veg, og skulen er liten, men veldig bra.

Fleksibilitet i kvardagen

Med utdanning som sivilingeniør, jobbar Bård no som konsulent i Deloitte med heimekontor på garden på Stana. Det å kunne jobbe frå heimen gjev han ein fleksibilitet som mange i dag lengtar etter.

– Eg sparar mykje tid på å sleppe pendling, og kan enkelt kombinere jobben med gardsdrifta, forklarar han. Hovudkontoret mitt er teknisk sett i Bergen, men klientane er i Oslo, så viss eg skal reise nokon plass er det Oslo eg reiser til.

Lokalmaten som identitet

For Bård handlar livet på garden om mykje meir enn berre arbeid. Han driv med dyr og drivhus, og gjennom selskapet sitt, Stana Lokalmat, tilbyr han mellom anna storfekjøt, egg og grønsaker til lokalsamfunnet og restaurantar i Odda. Sjølv om det ikkje er ei fulltidsinntekt, ser han på det som ein meiningsfull måte å bidra til det lokale miljøet på.

Bård matar geit
to kyr

– Det er sosialt og fint å produsere mat. Eg tilbyr for eksempel egge-abonnement som eg levera ut ein gong i månaden. Då leverer eg på døra til folk. Storfekjøtt slaktar eg ein gong i året, og det er allereie folk som lurer på når eg kjem til å ha kjøtt igjen.

Sjølv om han bur i midt i frukteldorado, må han innrømme at fruktproduksjon ikkje heilt er hans greie.

– Eg synest det er kjekkare å drive med dyr. Det er meir variert enn fruktarbeid, smiler han.

Eit rikt sosialt liv i Tyssedal

Mange kan kanskje frykte at bygdelivet blir einsamt eller kjedeleg, men for Bård har det vore motsett. Tyssedal har eit aktivt nærmiljø med eit sterkt idrettslag og eit godt skulemiljø. Ungane blei raskt integrerte, og dei har funne seg godt til rette i det vesle, men samansveisa lokalsamfunnet.

– Det er veldig enkelt å bli kjent med folk her, fortel Bård. – Det er eit godt miljø, spesielt for barnefamiliar.

– Det er eit godt miljø, spesielt for barnefamiliar.

Bård Stana

Noregs «Champagne»

Ein annan stor fordel med å bu i Odda er at ein er tett på dei mange spennande initiativa som er i gang, spesielt innan lokalmat. Hardanger har lenge vore kjent for frukt, og med eit blomstrande Cidereventyr er det mykje som tyder på at Hardanger er Noregs svar på Champagne.

Bård meiner at det er viktig å ikkje gløyme alt det andre gode som blir produsert i regionen. Sjølv brenn han for å løfte fram lokale produkt, og håpar han kan hjelpe andre bønder på sikt. Draumen er at mat frå Hardanger blir ei eiga merkevare.

– Vi har fått mange gode restaurantar i Odda, noko som kan vere ein bieffekt av at det bønder i området. Oppe ved Buerbreen for eksempel, driv dei både gard og restaurant i eitt.

Folk med ungar må flytte hit!

I dag, med fleire moglegheiter for heimekontor og større fleksibilitet, ser han store moglegheiter for folk som vil flytte til bygda, men samtidig halde på jobben sin i byen.

Kven vil du anbefale å flytte hit?

– Helst folk som har eller skal ha ungar, ler han, det hadde ikkje vore feil å få fleire inn på skulane. Men ja, kven som helst eigentleg, folk som likar naturen og ikkje er redd for å ta i eit tak.

– Hardanger har ei unik blanding av natur, kultur og nærmiljø som mange større byar rett og slett ikkje kan konkurrere med.

Ein ting er sikker: For dei som vurderer å ta steget ut av storbylivet og inn i det Bård kallar «eit trygt og tett nærmiljø», er det mykje å vinne.

Fleire saker