Ørjan Sunnfjord Utvikling

Nyheiter

Ørjan spekulerer ikkje i ny jobb

Han meiner Vestland er ein arbeidsregion full av sjansar, men har sjølv fullt fokus der han er. For Ørjan er det viktigast å trivast.

I vår nye spalte "Jobbintervjuet" blir vi litt betre kjend med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Ørjan Stubhaug

Utdanning: Master i Samfunnsplanlegging og kulturforståelse ved Universitetet i Tromsø, tilleggsutdanning innan arbeids- og organisasjonspsykologi.

Yrke og arbeidsgjevar: Prosjektleiar for Invest In Fjordane i Sunnfjord Uvikling.

Kva er ein 10/10 arbeidsdag for deg?

På ein 10/10 arbeidsdag føler eg meg produktiv og engasjert. Eg startar dagen med å lage ein god plan, har gode samtalar med nettverk og kollegaer og løyser utfordringar saman med dei.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Kollegaer og nettverk har mykje å seie for trivselen min. Positive menneke gjev god energi.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Ikkje noko eg tenkjer spesielt på. Eg trivst med jobben, og det er det som betyr noko for meg.

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Er ikkje tankar eg har. Fullt fokus på der eg er!

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Variert, utfordrande, moglegheitsrik.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

For å vere god både på jobb og i fritida, må du greie å prioritere begge delar. Sørg for å vere til stades i det du gjer, og unngå å blande jobb og fritid saman.

Kva rolle tar du i eit møte?

Tek nok ei noko leiande rolle.

"Vestlandet er den desidert største eksportregionen"

Sunnfjord utvikling

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Her finn du eit hav av moglegheiter. Vestlandet er den desidert største eksportregionen i landet, noko som gir mange spennande jobbar innan privat næringsliv og eksportnæringar. I tillegg er det mange offentlege arbeidsplassar her, som saman gir eit breitt spekter av moglegheiter for karriereutvikling og eit stabilt arbeidsmiljø. Vestland er staden for deg som vil vere ein del av eit dynamisk og framoverlena arbeidsliv!

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Som leiar av Invest In Fjordane er det svært vanskeleg å gjere slikt. Vestland har eit breitt spekter av verksemder, frå store multinasjonale selskap til innovative gründerbedrifter, som alle er engasjerte i å drive den grøne omstillinga. Eg heiar på alle som ynskjer å ta ei leiande rolle i det grøne skiftet!

Kva er det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Akkurat no jobbar eg med Invest In Fjordane for å tiltrekke investorar som vil bidra til den grøne omstillinga. Regionen har mykje attraktivt næringsareal for kraftkrevjande industri og den som ynskjer å legge til rette for berekraftig vekst. I sum gjer det regionen til eit interessant område for framtidsretta investeringar. Det er utruleg spennande å vere med på denne satsinga og sjå korleis Fjordane utviklar seg som ein leiande region for berekraftig innovasjon.

Sju superkjappe:

  1. Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Likar godt praktisk arbeid, men utdanninga og erfaring tilseier ein del stillesitting.
  2. Jobbe inne eller jobbe ute? Ja takk begge deler.
  3. Matpakke eller kjøpe lunsj? Ja takk begge deler.
  4. Ferie eller kvardag? Ferie og reiser.
  5. Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Kreativt arbeid.
  6. Starte tidleg eller gå heim seint? Starte tidleg.
  7. Leie eller bli leia? Leie.

Fleire saker