Ane Jørgine Frøyen Kalvåg

Nyheiter

Ane Jørgine dansar vidare i livet

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Sol Fure

Korleis kan ei som elskar store folkemengder og pulserande byliv slå seg til ro i ei bygd med knappe 400 menneske?

Ho treng ikkje livvakt i Kalvåg. Det er heller ingen som ber ho om å skrive autografar her. Livet til Ane Jørgine Frøyen er fjernt frå det glamorøse livet som dansar i Bollywood og Mexico.

Stjerner i auga

Ane Jørgine får stjerner i auga når ho snakkar om det som var, men også det som er. For dette er ikkje ei trist historie om ho som måtte gi opp karrieren og reise heim, men ei som valde å satse på eit nytt kapittel.

– Alt til si tid, smiler ho lurt frå kontoret sitt i Kalvåg.

Mexico Ane Jørgine Frøyen

Private foto frå tida som internasjonal dansar.

Ane Jørgine Frøyen film

Ane Jørgine tar også modell- og skodespelaroppdrag.

Mellomlanding

34-åringen har hatt eit innhaldsrikt liv. Allereie som femtenåring flytta ho til England for å ta danseutdanning – hennar store lidenskap. Etter fullført utdanning reiste ho verda rundt som dansar, men hadde også mellomlandingar i Kalvåg for å undervise på kulturskulen i Bremanger.

– Sjølv om eg elska det hektiske og urbane livet som dansar, gav innsjekkingane i heimbygda meg nødvendig ro. I underbevisstheita begynte det å danne seg ein tanke om å slå seg ned her. Heilt sprøtt, seier ho tankefullt.

– Eg eg stortrivst jo med yrande folkeliv og pulserande byliv rundt meg!

"Å sjekke inn i heimbygda gav meg meg ro"

Dans i Kalvåg

Modningsprosess

Tanken om heimbygda trengte tid til å modne. Samtidig visste ho at ho ikkje kunne jobbe som dansar for alltid, og tok difor både PT-utdanning og fysioterapeututdanning.

– Dansen har mange fellestrekk med å vere fysioterapeut. Det handlar om fysikk, kropp, trening og menneske, forklarar ho.

Etter fysioterapeututdanninga fekk ho og sambuaren to barn på rappen. Dei hadde fast base i Bergen, men i permisjonstida var ho i periodar heime i Kalvåg medan sambuaren jobba på sjøen. Ho oppdaga at det var fint å vere der med barn. Sambuaren hadde vore klar for å bytte base til Kalvåg lenge, men Ane Jørgine var usikker. Kva med jobb?

Roleg på heiltid

– Eg hadde veldig lyst til å starte min eigen klinikk, men var usikker på marknaden. Og var eg verkeleg klar for å bu så... roleg? På heiltid? I Bergen kunne eg kombinere fast jobb med spennande danseoppdrag, og eg er som sagt veldig glad i den bypulsen.

Meir tid. Meir grubling Men så!

– Du veit jo aldri før du har prøvd. Og dette kjem frå ei som i si tid flytta til India og satsa som dansar – og lukkast, smiler ho.

Lang historie kort: I 2021 flytta den vesle familien frå Bergen til Kalvåg, og Ane Jørgine opna Kalvåg Fysioterapi og Trening.

Kalvåg fysioterapi

I 2021 opna Ane Jørgine Kalvåg Fysioterapi og Trening. Snart får klinikken nye lokale – med spegelsal.

Kreativ heile vegen

– Praksisen er heilprivat. Det betyr at eg må vere kreativ heile vegen for at dette skal gå rundt.

Det er ikkje nødvendigvis negativt for ei som elskar å tenke nytt og er full i idear:

– Det er utruleg spennande å skape sin eigen arbeidsplass og forme arbeidsdagen slik eg vil. Her kombinerer eg PT-timar med behandling, samtidig som eg leiger meg sjølv ut som senterleiar og instruktør til det lokale treningssenteret. Det er full fart kvar dag og på ingen måte roleg. Akkurat slik eg likar det, ler ho.

– Kalvåg har tatt godt i mot meg. Det har gått mykje betre enn eg frykta.

Sluttar aldri å danse

– Men kva med dansen?

– Eg kjem aldri til å slutte å danse, seier ho bestemt og røper dei nyaste planane for klinikken sin:

– Akkurat no er vi i gang med å planlegge ein ny klinikk i sentrum. Her blir det blant anna ein spegelsal der eg kan halde workshops og dansehelger, og kanskje undervise litt? For meg er dans verken jobb eller hobby, det er min store lidenskap. Derfor dei speglane opp, ler ho.

Kalvåg
Bremanger

Har slått av autosøk på Finn

Om overgangen frå å reise verda rundt, til Bergen og til slutt Kalvåg, seier ho dette:

– Eg har brukt litt tid på å omstille meg, og det er ikkje lenge sidan eg slo av autosøk for «einebustad Bergen» på finn.no, innrømmer Ane Jørgine.

– Men det er noko med den roa. Eg merkar at eg treng den. I Bergen skjer det så mykje, og du blir nesten svimmel av alle tilboda. I Kalvåg er det skikkeleg stas når det først skjer noko. Og for ein luksus med hav, fjell og skog rett utanfor døra! Når helga kjem vil ungane ut på tur, anten i båt eller til fots. Dei er berre ein sykkeltur unna søskenbarna sine og stortrivst i Kalvåg. Eg tenker at dei er heldige som får denne oppveksten.

"Når helga kjem, er det ut på tur med familien"

På tur i Bremanger

Behov for påfyll

Men ho treng framleis påfyll. Behovet for bypuls og store folkemengder er der enno.

– Danseoppdraga i Bergen er berre ein båt unna, seier ho og fortel at ho har heile tre oppdrag i den kommande veka.

– På den måten får eg utløp for dansen og fylt dei urbane behova. Men eg treng berre nokre dagar i byen, så har eg fått det eg treng, avsluttar ho.

Fleire saker