Viksdalen, håslåttfestivalen

Nyheiter

Den tradisjonelle, moderne bygda

Medan fråflytting og låge folketal er ei bekymring hos dei fleste bygdene i Norge, ser det ut til at denne bygda med sine 400 innbyggarar går mot straumen. Kva er det dei gjer riktig i Viksdalen?

Kontorfelleskapet for alle

Ei dagsturhytte, ein hurtigladsestasjon, og no eit kontorfellesskap – det siste prosjektet som no er på veg til å realiserast. Karsten Løvlid, kasserar i Viksdalen nærmiljøråd, er ein av pådrivarane bak denne utviklinga. Han fortel entusiastisk om korleis bygda har jobba med dette kontorfellesskapet i tre år:

– Det skjedde eit eigarskifte av bygget, og dei nye eigarane likte ideen vi kom med. Dei hadde ingen spesielle planar, så vi tok kontakt med kommunen og fann ut at dette var mogleg å få til.

Kontorfellesskap på viksdalen

Illustrasjon av Torgeir Bell

Dette kontorfellesskapet skal ikkje berre vere ein plass å jobbe – det skal også fungere som eit sosialt knutepunkt.

– Bøndene skal ha ein plass å ete lunsj, og vi skal involvere ulike delar av samfunnet på fleire måtar, fortel Karsten. Her kan ein kome for å levere tenester, utan å måtte leige ein plass fulltid. Dette gjer det enkelt for folk å bruke fasilitetane etter behov, anten det er kommunen som treng ein stad å behandle byggesaker, eller andre som vil ta ein pause frå arbeidet.

Attraktivt for unge og studentar

Eit av måla er å gjere Viksdalen meir attraktivt for unge menneske.

– Vi har sett av pengar for å betale gratis kontorplass til unge som vil flytte hit, eller til studentar som vil studere heimanfrå. Her kan du bu, jobbe og leve livet ditt, seier Karsten. Det er ein heilt ny måte å tenkje på bygdelivet, ein måte som kombinerer det beste frå det moderne arbeidslivet med dei unike fordelane ved å bu på ein liten plass.

Men det stoppar ikkje der. Kontorfellesskapet skal også ha ein 60 kvadratmeter stor terrasse der det blir mogleg å grille, treffe folk og ha det moro.

Viksdalen

Illustrasjon av Torgeir Bell

– Det er bra for eit lokalsamfunn at folk møtast, ikkje berre på butikken, påpeiker Karsten. Dette prosjektet er det første store i bygda sidan butikken blei opna, og det representerer ein viktig milepæl for samfunnet.

Fokus på kvinner i styret

Bygda ynskjer også å vere eit førebilete når det gjeld å få unge kvinner inn i styreverv.

– Vi jobbar spesielt med å få med unge kvinner i styret. Vi har ei mentorordning for å førebu dei på styreverv, og, fortel Karsten. Det er eit målretta arbeid som bidrar til å bygge eit berekraftig og inkluderande samfunn.

Nøkkelen

Karsten er overtydd om at bygda har ein lys framtid.

– Eg har tru på to ting: Sunnfjordingar må støtte kvarandre, og vi må heie på kvarandre. Det absurde er mogleg. Ei bygd med 400 innbyggarar bygger ei dagsturhytte, ein ladestasjon og eit kontorfellesskap – nesten utan midlar frå kommunen, seier han.

Så kva er nøkkelen til suksessen i Viksdalen? Karsten meiner det handlar om å vere litt gal, bygge nettverk, og jobbe knallhardt.

– Alle andre bygdesamfunn som har motgang i form av befolkningsnedgang må gjere noko berekraftig over tid. Vi har bygd ein organisasjon i nærmiljøet, med folk som er kompetente på mange felt. Vi har ein handlingsplan for året som vi utfører, og litt til, forklarar han.

Nøkkelen? Å vere litt gal, bygge nettverk, og jobbe knallhardt.

Karsten Løvlid

– I Viksdalen handlar det om å gi ungdommen ansvar, byggje grunnverdiar og vise at det er kjekt å bu her. "Vi seier ikkje berre ‘kom og flytt til bygda’, men spør heller ‘Kva har du lyst til at skal skje her?’ Vi inkluderer dei, fortel om planane våre og gir dei tru på staden sin, seier han.

Viksdalen har allereie sett resultat. Butikken har endra seg positivt, og folk frå nabobygdene kjem for å delta på aktivitetsveker, konsertar og ungdomsklubb. Dette har ført til at hittil tolv unge personar har flytta heim til bygda dei siste åra.

Å bygge framtida

For Karsten er det ingen tvil:

– Eg har ståltru på bygdesamfunnet. Vi skal ha grunnverdiar som å vere snille og ta vare på kvarandre, men vi må òg følge med i tida. Då må vi snakke med folk som har ulike erfaringar. Viksdalen er eit bevis på at små bygder kan tenkje stort, ta ansvar for si eiga framtid, og skape eit samfunn som er attraktivt for både noverande og komande generasjonar.

Vil du ha fast påfyll av inspirasjon?

Fleire saker