Katrine Bortheim

Nyheiter

Katrine (30) kurerer angst på fire dagar: – Svært givande

Psykolog Katrine Bortheim håpte at det var jobb til ho i Sunnfjord. At ho skulle få jobbe med eit så spennande tema, var ein stor bonus.

Ønsket om å bli psykolog starta tidleg for Katrine. Då ho gjekk i sjuande klasse såg ho ein film som gjorde inntrykk.

– Heilt sidan eg såg den filmen, har eg hatt lyst til å bli psykolog. Det verka koseleg å jobbe med samtaleterapi. I dag veit eg at yrket har meir med seg enn det, og det er interessa for menneskesinnet og korleis vi fungerer som driv meg.

Fascinert av behandling

Under psykologistudiet fekk Katrine bekrefta at ho var på rett stad.

– Då eg vart introdusert for kognitiv åtferdsterapi, stemte det veldig med det eg ønska å jobbe med.

Det var spesielt éi behandling ho vart nysgjerrig på: Firedagars-behandlinga.

– Bjarne Hansen var ein av forelesarane på studiet. Han har saman med Gerd Kvale utvikla ein metode for å behandle angst på berre fire dagar, og den metoden vart eg veldig nysgjerrig på.

I fire-dagars-modellen til Hansen og Kvale er eksponering ein viktig del av behandlinga. Pasienten må ut av terapirommet og utsette seg for det dei fryktar mest. Det har vore vanleg å tenke at psykiske lidingar krev langvarig behandling, men denne modellen lar pasientar bli kvitt tvangsliding, også kalla OCD, i løpet av fire dagar.

– Det synest eg var utruleg fascinerande og gjorde at eg ønska meg inn i miljøet.

Fekk drøymejobben i Førde

Planen var å flytte heim etter fullført utdanning. Ho visste at det var eit godt kognitivt miljø i Førde, men var ikkje sikker på at ho fekk jobbe i den retninga.

– Eg hadde praksisen min i Førde, og då eg fekk autorisasjonen min, søkte eg fast stilling. Nesten samtidig som eg fekk tilbod om jobb, begynte eg å hospitere i Helse Førde sitt firedagarsteam – akkurat det eg vile.

Angst på fulltid

I dag er ho sertifisert innan metoden og jobbar fulltid med å kurere angst på fire dagar.

– Det er ein stor bonus at eg får jobbe med noko som er så spennande og nytt innan psykologifaget i Førde. Her er eit fagleg sterkt miljø, og det er alltid rom for å utvikle seg vidare eller ta i bruk nye metodar.

"Du veit omnen er av, men vil sjekke for å dempe angsten"

Helse Førde psykolog

Eksponeringsterapi

Ein arbeidsdag for Katrine kan blant anna bestå av å eksponere pasientane for det dei er aller mest redd for.

– Som til dømes å slå på og av elektrisk utstyr, utan å ta den ekstra sjekkerunden. Du veit omnen er av, men ønsker likevel å sjekke for å dempe angsten. Eller vi framprovoserer symptom på eit panikkangstanfall, og så skal pasienten erfare at det går bra – du mistar ikkje kontrollen. Når vi jobbar med sosial angst, brukar vi grupper og utfordrar pasienten på å blant anna ta ordet.

Angsten skrik at det er livsfarleg

– Kva gir jobben deg?

– Å sjå at jobben du gjer har positiv effekt på menneske i ein tung situasjon, betyr mykje. Og så blir eg stolt av pasientane mine! Dei har bestemt seg for ei endring, gjerne etter mange år med angst. Angsten skrik at dette er livsfarleg, likevel går dei på og møter sine største redsler. Det står det stor respekt av!

At dei kan leve ein normal kvardag etter berre fire dagar, er unikt i psykologien. Nokre av pasientane treng meir oppfølging, men dei fleste opplever betring.

– Tradisjonell terapi tar tid. Derfor er det ekstra givande å jobbe med noko du ser resultat av så fort. 90 % har klar betring på den fjerde dagen, og er sjølvsagt både letta og glade når dei reiser herifrå.

Du kan lese meir om behandlinga her

Vil ikkje klatre Via Ferrata

– Er det lov å spørje ein som behandlar angst om kva ho sjølv er redd for?

– Hehe. Ja, eg er redd for høgder.

– Då veit du kva du skal gjere for å bli kvitt angsten?

– Jada, det veit eg veldig godt. Men heldigvis er det ikkje noko som hemmar meg i kvardagen, så det blir ikkje Via Ferrata med det første, smiler psykologen.

Fleire saker