Jenny Staalnacke

Nyheiter

Pulsklokka seier at vestlandslivet er bra

Berre eit par veker inn i vestlandslivet skjedde det noko på pulsklokka til Jenny.

I vår nye spalte "Jobbintervjuet" blir vi litt betre kjend med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Jenny Staalnacke

Utdanning: Reklame og merkekommunikasjon ved Kristiania, pluss litt sosialantropologi ved UiO.

Yrke og arbeidsgivar: Dagleg leiar i Stryn Næringshage

Kva er ein 10/10 arbeidsdag for deg?

Å erfare at nettverket vi har tilknytta oss fungerer! Å legge spennande planar saman med andre, få halde ein workshop eller to kring mine favorittema (merkevarebygging og kommunikasjon) gir meg energi. Det å faktisk hjelpe bedrifter på ekte gjennnom å skape positiv endring og inspirere til utvikling og vekst, er verkeleg 10/10 for meg.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Kollegaer er superviktig både for å utvikle seg sjølv og bedrifta. Dei finn eg både på kontoret og i nettverket eg har rundt meg.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Når ei bedrift opplever eit «aha-augeblikk» etter rådgjeving frå oss, og vel å gjere positive endringar på bakgrunn av råd vi har gitt – og det funker!

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Hadde nok blitt ein tur tilbake til reklamebransjen som kreativ leiar.

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Spennande, variert og unik.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Å skrive ei fysisk «to do»-liste for komande veke kvar fredag før ein går frå jobb (og legge den att på jobb), gjer at hjernen min kan vere 100% påkopla familien heile helga. I næringshagen tek vi oss også ein skitur eller fjelltur dersom det plutselig er knallvær, så fleksibilitet er også noko eg vil anbefale for auka produktivitet og trivsel.

Kva rolle tar du i eit møte?

Er oppteken av at møter skal vere nyttige, og passar difor på at vi oppsummerer og eventuelt snakkar om neste steg før møtet er over. Så har eg også ein tendens til å kome med kreative tankar heilt plutseleg. Der er eg nok belasta frå mi tidlegare karriere i reklamebyrå.

"Då eg budde i Oslo varsla smartklokka mi meg om at eg hadde for høg puls."

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Då eg budde i Oslo varsla smartklokka mi meg om at eg hadde for høg puls. Berre eit par veker inn i vestlandslivet varsla den meg om at pulsen min var blitt lav. Ein får ikkje betre bevis på at dette er det gode liv! Her får du sjansen til å påverke samfunn og utvikle deg karrieremessig gjennom at nettverka er mindre og samhaldet sterkare.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Eg jobbar akkurat no med kring 40 spennande bedrifter, så det er umogleg å plukke ut berre ei, dessverre! Heia alle!

Kva er det kulaste du jobbar med akkurat no?

Akkurat no jobbar eg med eit spennande foredrag kombinert med workshop, som eg skal halde for 25 bedrifter! Elles går det mykje i å hjelpe bedriftene med å finne si retning merkevaremessig. Der har eg knytta meg opp eit nettverk av superdyktige freelancerar som eg likar å halde kontakten med (les du dette og er kreatør, ta kontakt!). I mars arrangerte vi fagdag med fokus på kvinnehelse på kvinnedagen, og vart fullbooka på 3 timar! Vi ønskjer å gjenta suksessen i år, så no er eg på sponsorjakt der eg skriv søknader og finn dyktige foredragshaldarar som kan løfte tematikken kring kvinnehelse ytterlegare.

Sju superkjappe:

Praktisk eller stillesittande arbeid: Ein kombinasjon!

Jobbe inne eller ute: Ja takk begge deler!

Matpakke eller kjøpe lunsj: Matpakke dersom eg har baka brød.

Ferie eller kvardag: Kvardagen har stabilitet, ferien har spenning. Vi treng begge deler.

Kreativt arbeid eller rutinearbeid: Kreativt!

Starte tidleg eller gå heim seint: Dette kjem an på tid, stad, oppdrag, timeplan og dagsform.

Leie eller bli leia: Skummelt spørsmål, med mindre eg får skilje på leiing og leiarskap? Leiing handlar om å ha kontroll, dei fokuserer ofte på «korleis» (prosessar og system). Leiarskap handlar meir om å skape endring, og fokusere meir på føremål og visjon gjennom «kvifor» (eit spørsmål eg stiller litt vel ofte til det aller meste). Om eg kan vere ein pådrivar for innovasjon og framsteg, så vel eg å ha moglegheita til dette gjennom godt leiarskap.

Fleire saker