Traineeprogram Framtidsfylket

Nyheiter

Bli kjent med årets traineear

Det er ei stor ære å presentere 26 nye innbyggarar i Vestland. Sjå kor dei jobbar og kva tankar dei har om traineeåret.

I august starta 26 unge menneske arbeidslivet i Sunnfjord, Nordfjord, Sogn og Hardanger. Dei deltar i Framtidsfylket traineeprogram og skal tilbringe det neste året i ei bedrift i Vestland.

Her skal dei oppleve både fagleg og personleg utvikling, utvide nettverket sitt og få solid støtte av både Framtidsfylket, arbeidsgivaren sin og eigen mentor. Bli betre kjent med traineeane og sjå kva bedrift som har valt å gi nyutdanna ein sjanse:

Kva er ein trainee? Det kan du lese meir om her.

Sunnfjord

100 gonger betre enn studietida!

Kristoffer Olaussen

Kristoffer Olaussen (24) frå Bærum har ein bachelor i entreprenørskap og er trainee i Retrams.

– Vi lagar smarte, innovative og berekraftige løysingar for sterilsentralar på sjukehus. Min jobb er Project Manager for forretningsutvikling, sal og marknad. Det vil seie at eg er prosjektleiar for innovasjonsprosjekt, sal og internasjonalisering.

Kristoffer såg på traineestillinga som ein fin overgang frå studie til arbeidslivet.

– Eg er alltid svolten på å auke kompetansen min og ønsker å utfordre meg vidare i arbeidslivet. Å vere trainee verka som ein fin arena å starte på og plukke opp meir kunnskap og erfaring på vegen.

Kristoffer elskar å sjå film, vere sosial og å lage mat, samt litt trening innimellom. No ser han fram til å bli kjent med Florø:

– Det blir ein stad eg kan vidareutvikle meg sjølv og karrieren min. Arbeidslivet er 100 gonger betre enn studietida!

Matilde Gjesdal

Krevjande å stå på eigne bein

Matilde Gjesdal (26) kjem frå Jølster og har utdanning i marknadsføring og kommunikasjon. Det neste året skal ho vere trainee i Havyard og formidle fengande innhald frå eit selskap med lang historie frå skipsbygging.

– Eg valde å starte karrieren som trainee fordi det er ein mjukare overgang frå studentlivet.

Samtidig påpeikar ho at ho står meir på eigne bein i arbeidslivet, noko som kan vere krevjande. Forventningane til året er å lære mykje. Når Matilde ikkje jobbar, går ho på fjellet, trenar eller er sosial.

Maren Stenehjem

Godt med faste rutinar

Maren Stenehjem (26) kjem frå Sogndal og er utdanna jurist. Ho er trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Eg ønsker å vere trainee fordi det er ein sjanse til å prøve seg i arbeidslivet og å oppleve fellesskapet med dei andre traineeane.

Arbeidslivet har til no gitt ho eit positivt sjokk:

– Den største overraskinga er kor godt det er med faste rutiner!

Maren er glad i å trene og å gå på fjelltur. No ser ho fram til å utforske turmoglegheitene i Førde.

Sigrid Hatten

Fin inngang til arbeidslivet

Sigrid Helgheim Hatten (22) frå Førde har bachelor i økonomi og administrasjon og skal jobbe med revisjon i PWC si avdeling i Førde.

– Eg er frå Førde og kjenner byen, men eg gledar meg til å bli kjent med andre som eg elles ikkje hadde blitt kjent med. Traineestillinga verkar som ein fin inngang til arbeidslivet.

På fritida likar Sigrid å vere sosial eller å trene. Å vere i fast jobb blir uvant:
– Det blir nok mindre fridom og fleksibilitet enn i studietida.

Mia Charlotte

Meir fleksibilitet enn forventa

Mia Charlotte Holst (24) frå Bergen er PwC sin andre trainee i årets kull. Ho har ein master i innovasjon og leiing og skal jobbe som konsulent.

– Dette blir ein mjukare overgang frå studietilværelsen til fulltidsarbeid der eg kan bygge sosialt nettverk i ny by og oppleve spennande og lærerike samlingar.

Arbeidslivet har overraska ho positivt:

– Eg har fått meir oppfølging og meir fleksibilitet enn forventa.

Mia Charlotte ser fram til fine fjellturar, å gå på ski til vinteren og nye bekjentskap på og utanfor jobb.

Magnus Aftret

Få bedrifter torer å satse på nyutdanna

Magnus Aftret (27) kjem frå Trondheim og har mastergrad i medier, kommunikasjon og informasjonsteknologi. Han er trainee i Aksello og skal jobbe med kommunikasjon og næringsutvikling i inkubatoren i Florø.

– Eg meiner at altfor få bedrifter torer å satse på yngre og nyutdanna personar. Det førte til at eg begynte å sjå nærare på traineestillingane i Vestland.
Det største sjokket i arbeidslivet var å skaffe seg oversikt over alt som skal gjerast:

– Eg er vant til å jobbe systematisk etter lister, med konkrete oppgåver som må fullførast innan ei bestemt tid. I arbeidslivet kan det vere utfordrande å ha oversikt over alt eg skal gjere og å planlegge når eg skal utføre oppgåvene jeg blir tildelt.

I Florø ser han fram til flott natur, mange turmoglegheiter, møteplassar for unge vaksne og å møte hyggelege menneske. Magnus likar stisykling, men kan også roe ned med ein serie eller god musikk.

John Erik

Fått fast sitteplass ved trivelege kollegaer

John Erik Åndahl (27) frå Kristiansund har mastergrader i sosialantropologi og sosiologi og er Norec, norsk kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, sin nye trainee.

– Å være trainee i Norec gir ein spennande og variert inngang til norsk utenriks- og bistandsforvaltning, i tillegg til sjansen til å opparbeide erfaringar gjennom Framtidsfylkets trainee-ordning.

Arbeidslivet byr på litt forskjellig:

– Det største sjokket var kor omfattande datasystem ein må forhalde seg til! Synest forøvrig ein kjekk forskjell frå studietida er å ha ein fast sitteplass ved sidan av trivelege og fagleg dyktige kollegaer.

John Erik håpar Førde har eit godt og variert sosialt liv, med gode kulturtilbod. Han ser også fram til å utforske naturen i regionen, og spelar gjerne fotball!

Magnus Eikeland

Tilbake i heimbyen

Magnus Westbø Eikeland (27) kjem frå Florø og er no tilbake i heimbyen etter ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon, samt mastergrad i innovasjon og leiing. Han skal vere trainee i Bue Salmon, der han skal jobbe med produksjonsplanlegging og finans. Bue er kjent for å nytte det beste av moderne, banebrytande landbasert gjennomstrømningsteknologi for å beskytte økosystema våre og avle fram ein sunnare laks.

– Den største fordelen med å vere trainee er omfattande opplæring, utviklingsmoglegheiter, god rettleiing og nettverksbygging.

Når han ikkje skal jobbe med laks, er planene å golfe så masse som mogleg!

Silje Nordang Bale

Vil lære mykje!

Silje Nordang Bale (22) kjem frå Balestrand og har ein bachelor i PR, kommunikasjon og media. Ho skal jobbe med kommunikasjon i Røde Kors Sogn og Fjordane. Ho valde å vere trainee i håp om ein litt mjukare overgang mellom studie og arbeidsliv, samt at ho ønsker å lære mykje og oppleve nye ting. Forventningane til traineeåret er at ho vil like seg her, då Førde ikkje er ein alt for stor plass.

– Og så trur det er godt miljø for dei unge her. Det er også mykje fin natur og turmogelegheiter rett utanfor døra som eg set veldig pris på.

På spørsmål om kva som er største overgangen frå studie til jobb, er svaret mindre fritid og at ein er avhengig av rutiner og ein god plan for å få tid til alt ein ynskjer. Det forstår vi godt, sidan Silje trenar styrke opp til seks gonger kvar veke!

Thomas Reggie Ytrelid Thorsnes

Fekk uventa mykje tillit

Thomas Reggie Ytrelid Thorsnes (22) frå Balestrand er klar for eit år som trainee i Bremanger kommune. Her kjem bacheloren hans i PR, kommunikasjon og media godt med, då han blant anna har fått ansvaret for å lage ein nettstad som fremjar bulyst og viser kommunen sine tilbod innan bustad, arbeid og fritid.

– Som nyutdanna har eg mykje akademisk kompetanse, men mindre erfaring med korleis bruke det i arbeidslivet. Som trainee får eg ein mentor og ei "innføring" i arbeidsdagen. Alle på kontoret er innforstått med at eg er nyutdanna og nytilflytta, og det gjer at eg kan senke skuldrane, gjere feil og lære frå andre.

På spørsmål om kva som var det største jobbsjokket, framhevar han tilliten han får:

– Det største sjokket er kor mykje mine sjefar og kollegaer med ein gong sat pris på mitt syn på sakar, til og med når eg føreslår endringar eller kjem med konstruktiv kritikk.

På fritida likar han å gå tur, sjå gamle skrekkfilmar, spele videospel, baking eller kreativt gjenbruksarbeid. Han er også glad for at Svelgen har eit aktivt lag- og organisasjonsmiljø:

– Der planlegg eg å delta i noko meiningsfullt.

Kenneth Santiago Holmgren

Først i administrasjonen

Kenneth Santiago Holmgren (32) har returnert til Florø med to bachelorgrader (Markedsføring og salgsledelse frå BI og rytmisk musikk frå UiA), Pedagogikk frå HVL og ein pågåande master i Organisasjon og leiing frå NTNU.

Han er Fjord1, det leiande ferjeselskapet i Noreg, sin aller første trainee i administrasjonen. Kenneth har fått i oppgåve å sette seg inn i drift og driftsstøtte for å utføre jobben til ein operativ leiar, samt delta i andre prosjekt for å gi tilbakemelding om kva som kan bli gjort annleis.

– Det er ein god sjanse for å få nødvendig erfaring, skape nettverk og potensielt komme seg inn i eit spennande selskap med utviklingsmogleghiter.

Han skal ikkje berre ha ei viktig rolle på jobben framover:

– Eg skal bli pappa på nyåret, så forventningane mine handlar om å kunne utvikle meg personleg og samtidig skape ein familie på verdas beste heimstad.

Malene Skurtveit Rossnes

Skummelt og spennande på same tid

Malene Skurtveit Rossnes (24) er Sparebanken Sogn og Fjordane sin nye trainee. Ho kjem frå Frekhaug, er siviløkonom og skal jobbe med berekraft.

– Traineeprogrammet verka som ein unik sjanse til å starte arbeidslivet. Her får jeg utvikla meg fagleg samtidig som eg blir kjent med både kollegaer og andre traineear i området. No skal eg prøve ut det eg har lært i praksis. Det er både skummelt og spennande på same tid.

Sjølv om ho har budd heile livet på Vestlandet, er Førde heilt nytt for ho:

– Eg ser fram til å oppleve staden. Eg er glad i ein miks av turar og rolige kveldar.

Sarah Sundquist

Sakna småbylivet

Sarah Sundquist (24) er trainee i Hub for Ocean, ein medlemsorganisasjon og eit nettverk som representerer heile verdikjeder i den blå næringa. Sarah kjem frå Tromsø og tek med seg ein bachelor i internasjonal marknadsføring og reiseliv + årsstudium i digital innhaldsproduksjon. Ho skal jobbe med kommunikasjon og eventkoordinering, og valde å starte arbeidslivet som trainee fordi det verka som ein fin og trygg start.

– Eg er glad i det rolege småbylivet. Etter studier i ei lita bygd flytta eg til Oslo. No saknar eg tilhøyrsle, å møte kjente på butikken og generelt det å ikkje vere heilt anonym i folkemengda.

Sarah ser fram til eit år på Vestlandet:

– Framover ser eg for meg at jeg vil nytte meg av U40 i Florø for å skape meg eit nettverk, utforske den fine naturen som Vestlandet har å by på og bruke tid på å bli betre kjent med regionen.

Nordfjord

Mathias Leaux

Inngangspass til sjømatbransjen

Mathias Lexau (22) frå Måløy har utdanning i økonomi og administrasjon med fordjupning i skatt og rekneskap. I år skal han vere trainee i Coast Corporate Service, dotterselskap av Coast Seafood – kjent for å eksportere norsk sjømat.

– Å vere trainee er ein fantastisk sjanse til å komme inn i arbeidsmarknaden i ein bransje det kan vere vanskeleg å få jobb i.

Han ser fram til ei bratt læringskurve:

– Det blir gøy, men utfordrande.

Når Mathias ikkje er på jobb, brukar han tid med vener og familie og elles det sesongen har å by på av aktivitetar i vakre Måløy.

Mathilde Berg Fagerland

Ønska seg varierte dagar

Matilde Berg Fagerland (30) frå Brønnøysund har master i medievitenskap og er Sogn og Fjordane Energi sin kommunikasjonstrainee.

– Eg ønska å starte karrieren innan kommunikasjonsfaget hos ei bedrift som har varierte dagar med myke læringspotensiale. Her hos SFE får eg bistå med intern- og eksternkommunikasjon, mediekontakt, prosjektarbeid og sosiale medium.

Ho har allereie eit godt inntrykk av Sandane:

– Sandane verka som ei bygd med mykje drivkraft og mange eldsjeler. Derfor er det fleire fritidsaktivitetar eg kan teste ut, hyggelige kafear å besøke og kulturelle arrangementer å delta på – som eg gledar meg til å ta del i!

Når den nyinnflytta traineen ikkje lagar innhald frå kraftbransjen, tek ho gjerne ein tur i symjehallen i Trivselshagen, eller kosar seg med strikketøyet framfor TVen.

Peter Arntzen Olaussen

Ein unik sjanse til å bygge erfaring og relasjonar

Peter Arntzen Olaussen (27) kjem frå Trondheim og tek med seg ein mastergrad i digital samhandling til Brødrene Aa i Hyen. I det verdsleiande båtbyggeriet skal han jobbe med digitalisering og IT.

– Som trainee får eg ein unik sjanse til å bygge erfaring og sosiale relasjonar med andre i same båt. Dette er noko jeg set veldig pris på som innflyttar til Sandane.

Han trur det blir eit bra traineeår som vil gi gode moglegheiter å bli betre kjent med andre traineear i Sandane og omegn. Han er stor fan av brettspel og elles glad i å gå turar. No er han klar for å utfordre seg sjølv og fagkunnskapen sin i større omfang enn på skulebenken.

Anne Ryssedalsnes Dombestein

Rart å ikkje vere student lenger

Anne Ryssdalsnes Dombestein (25) er frå Naustdal, men skal no vere trainee i Gloppen kommune. Ho er utdanna jurist, og skal vere ein del av tilsynssamarbeidet for byggjesak og spreidde avløp.

– Eg ønsker å starte arbeidslivet som trainee fordi eg ser på det som ein gylden sjanse til å etablere eit godt fagleg og sosialt nettverk.

Anne kjenner Sandane godt, ettersom ho har familie der.

– Men eg forventar likevel å få moglegheita til å utforske meir av det Sandane har å by på. Når eg ikkje er på jobb likar eg å tilbringe tid med venner og familie, trene og gå på turar i flott natur.

Anne opplever ein ny kvardag som arbeidstakar:

– Det største sjokket er vel eigentleg at det tek tid å bli vandt med ein heilt ny kvardag, og at det kjennest rart å ikkje vere student lenger.

Steffen

Stortrivst allereie!

Steffen Engum Gottheim (27) kjem frå Berkåk og har tatt med seg fagbrevet sitt innan fjell- og bergverksfaget, samt ein bachelor i fornybar energi til traineestillinga i Sogn og Fjordane Energi. SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet, og her skal Steffen jobbe med nye og rehabilitering av vasskraftverk. Største fordelen med å vere trainee meiner han er at han får innblikk i fleire område i verksemda, men han gler seg også til å bli kjent med ein heilt ny stad:

– Eg trur dette blir ein trivelig stad å bu. Det er veldig fint her, og eg stortrivst allereie!

Med fritidsinteressene friluftsliv, ski, sykkel og motorsykkel, skulle Sandane passe han godt.

Hung Thanh Nguyen

Det blir bra uansett!

Hung Thanh Nguyen kjem opprinneleg frå Vietnam og er utdanna byggingeniør. Han er trainee i Gloppen kommune, der han skal vere VA- ingeniør. Han forventar eit traineeår fullt av læring og sjølvutvikling. Sjølve staden han skal bu på har han ikkje så mange meiningar om:

– Det blir bra uansett!

Fritida brukar han til trening, lesing, videocall med familie, gå på tur og dataspel. Han må også bruke litt tid på å lære nynorsk.

– Eg forstod ikkje så mykje i starten, men no går det betre.

Sogn

Tallah Bakri

Får innsikt i kva ho vil fokusere vidare på

Tallah Bakri (22) frå Kyrksæterøra har ei bachelorgrad i økonomi og jus. Ho er Sognekraft sin nye trainee på økonomiavdelinga.

– Etter studiar var eg usikker på kva retning eg ønsker å spesialisere meg innan. Som trainee får jeg sjansen til å delta i ulike prosessar i økonomiavdelinga, noko som gir meg verdifulle erfaringar og innsikt i kva eg vil fokusere vidare på. Eg får ein god overgang til arbeidslivet, der eg kan lære og utvikle meg i eit trygt miljø samtidig som eg bygger kompetanse.

Tallah synest største forskjellen frå student til arbeidstakar er graden av ansvar:

– I arbeidslivet er du del av eit team og må ta omsyn til både kollegaer og prosjekt. Det krev ein annan form for ansvar og samarbeid.

Når Tallah har fri, går tida med til løpeturar, fjellturar og trening. I Sogn skulle alt ligge til rette for det.

Jonas Holt

Ønsker å utvikle seg

Jonas Holt (27) kjem frå Fjaler, men skal no vere trainee i nabokommunen Hyllestad i Tersan Havyard. Han har utdanning innan leiing og skal jobbe som HR-koordinator.

– Eg ønsker å utvikle meg både personleg og fagleg.

Som trainee på ein ny stad håpar han staden har gode fritidstilbod. På spørsmål om kva som blir største forskjellen frå å vere student til å vere arbeidstakar, svarar han dette:

– Eg trur eg får meir fritid etter arbeid.

Helena Dyregrov

Får prøve seg på ulike arbeidsområde

Helena Dyregrov (24) frå Gulen er trainee i Havyard og skal jobbe som maskiningeniør.

– Eg er trainee i prosjektgjennomføring. Her skal eg i hovudsak følge eit prosjekt gjennom ulike avdelingar. På den måten vil eg få eit innblikk i kva prosessar som inngår i eit prosjekt.

Ho fekk først og fremst interesse for stillingsbeskrivelsen:

– For min del handla det om stillinga eg søkte på. Den gir meg sjansen til å prøve ulike arbeidsområde med god oppfølging. I tillegg verka det veldig trygt å starte arbeidslivet som trainee.

Helena kjenner Gulen godt frå før og er sikker på at ho vil trivast:

– Eg likar både å vere ute på tur og inne og strikke. Største overgangen no blir å gå frå digitalt studie, der ein styrer arbeidstidene sjølv, til ein 07:00-15:00 arbeidsdag.

Sondre Ellingsen

Hadde høyrt mykje godt om traineeprogrammet

Sondre Ellingsen (26) frå Bergen har ein bachelor i Reiselivsledelse og ein Master of science in Business/ Markedsføring og Innovasjon. Han er trainee i NAV Økonomiteneste og skal jobbe med intern kommunikasjon og fagstøtte, ein ny strategiplan, samt teste ut ulike avdelingar.

Sondre hadde høyrt mykje godt om traineeprogrammet frå tidlegare deltakarar då han bestemte seg for å søke:

– Det verka som ein fin overgang mellom studier og arbeidsliv. Du får prøve ut fleire delar av bedrifta og ulike fagområde. I tillegg får du tidleg ansvar.

Sondre har budd fem år i Sogndal som student, og er derfor mest spent på korleis det er å vere del av arbeidslivet der. Fritida brukar han på fjellet, volleyball, ski og trening.

– Største overgangen frå studieliv til arbeidsliv blir å ikkje kunne styre eigen timeplan lenger.

James Haugen

Digg å sleppe eksamenspress

James Haugen (26) kjem frå Bergen og er trainee i Highsoft, selskapet bak verdas mest populære diagrambibliotek. Han tek med seg ein master inn i traineestillinga og får tittelen Business Analyst.

James skal jobbe frå Bergen, men ønsker å vere del av Framtidsfylket sitt traineepogram:

– Det gir gode sjansar for utvikling profesjonelt og fagleg.

Og kva var mest digg med å starte arbeidslivet?

– Ingen eksamenspress!

Andreas Tistel

Det var ikkje utlyst andre stillingar

Andreas Tistel (27) kjem frå Vik i Sogn og er no trainee i heimbygda. Han har fagbrev som telekommunikasjonsmontør og bachelor i ingeniørfag data, og skal jobbe med utvikling av programvare i Highsoft. Då det viste seg å vere vanskeleg å få jobb, søkte han på traineestillinga:

– Det var ikkje utlyst andre stillingar.

No ser han fram til eit år i Vik og håpar på fint ver og meir fritid enn då han var student. For på fritida skal han nemleg pusse opp eit heilt hus.

Hardanger

Najib Sharif

Arbeidslivet er heilt annleis enn studiar

Najib Sharif (28) har tatt vegen heilt frå Trondheim til Odda. Her skal han vere trainee i Ullensvang kommune. Han har ein bachelor i økonomi og administrasjon og skal jobbe med digitalisering og prosjektleiing. Grunnen til at han søkte traineestillinga, var at det var mangel på jobb som nyutdanna i større kommunar. Jobben i Odda ser han på som ein sjanse til erfaring frå å jobbe i kommunen og å komme inn i arbeidslivet.

Overgangen frå student til arbeidstakar har lært han at ting blir gjort annleis enn på skulen:

– Sjølv om ein skal følge mange av dei same teoriane og metodikkane, er arbeidslivet heilt annleis enn på skulen.

Framover vil han prøve å bli kjent med andre i Odda, samt bruke tida si på å trene.

Er du vår neste trainee?

Fleire saker