Marie Heieren

Nyheiter

Traineeprogrammet skapar tilhøyrsle

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Stine Bortheim

Marie Heieren er opptatt av at nytilsette skal kjenne at dei høyrer til. Å vere traineebedrift gjer det litt lettare.

Marie er fagansvarleg for HR i Sparebanken Sogn og Fjordane og har lang erfaring med å tilsette nye personar.

– For at ein ny person skal trivast i jobben, er det viktig at han eller ho kjenner at dei høyrer til. Dette kan ta tid, men som traineebedrift i Framtidsfylket er det litt enklare å få til.

Ho siktar til den tette oppfølginga som traineen får gjennom eigen mentor, breiare inngang i bedrifta og deltaking på traineesamlingar.

– Som trainee får du innsyn i heile banken og blir fortare kjent med både dei tilsette og arbeidsplassen. Gjennom samlingane får du eit nettverk utanom jobben.

Oppdatert på det nyaste

Marie opplever at traineen er ein ressurs frå start.

– Dei kjem rett frå skulebenken og har med seg rykande fersk kompetanse frå universitet eller høgskule. På den måten blir vi oppdatert på kva som er det nyaste innan faget.

Torer å utfordre

Det er ikkje alltid like lett å vere ny på arbeidsplassen og utfordre erfarne kollegaer til å tenke nytt.

– Det kan sitte litt langt inne, men når vi oppfordrar traineen til det, så kjem det ofte gode innspel. Å bli sett med heilt nye auge er nyttig.

Marie Heieren

Traineesamling: Samlingane legg opp til utvida nettverk på tvers av bedrifter. På første samling er også mentorane med.

Får sjølv utbytte

Marie er sjølv mentor for både fjorårets og årets trainee. Også ho har personleg nytte av programmet:

– Samlingane med andre mentorar har gitt meg utvida nettverk og fagleg påfyll. Særleg FuelBox (relasjonsekspertar) sitt dialogverktøy har vore svært nyttig, og i samtale med andre traineebedrifter har eg funne ut at vi er mange som har tatt i bruk det vi lærer av Framtidsfylket på samling.

Har du lyst til å tilsetje ein trainee? Send ein e-post til kine@framtidsfylket.no

Deltar i stor kampanje

Sparebanken Sogn og Fjordane er ein arbeidsgjevar som jobbar godt og jamt med rekruttering. Som traineebedrift opplever dei at fleire ser stillingsannonsen deira.

­– Sjølv om Vestland har mange attraktive stillingar, så manglar regionen arbeidskraft. Då er det viktig at jobbane er synlege. Gjennom Framtidsfylket sin omfattande og nasjonale traineekampanje blir vi godt synlege og får fleire søkarar. Den synlegheita er eit stort pluss med å delta i traineeprogrammet, avsluttar ho.

Les meir om å vere traineebedrift

Fleire saker