Berta Fuelbox

Berta Lende Røed er Relasjonsarkitekt og CEO i FuelBox. Foto: DnB

Nyheiter

Traineeprogrammet hentar inn relasjonsekspert

Då det kom tilbakemeldingar om at ikkje alle traineebedriftene leverte på oppfølging, tok Framtidsfylket grep.

– I ein travel jobbkvardag er det ikkje alltid tid til oppfølging av nytilsette. Det har vi full forståing for, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket, og legg til:

– Og kanskje har ikkje vi vore tydelege nok på kva som er forventa av traineebedriftene?

Linda Hovland traineesamling

Linda Hovland er dagleg leiar i Framtidsfylket og ansvarleg for traineeprogrammet.

Lovar ekstra støtte

Gjennom traineeprogrammet lovar Framtidsfylket unge, nyutdanna ekstra støtte og tett oppfølging av eigen mentor. Målet er ein mjuk overgang frå studieliv til arbeidsliv, samtidig som ein får betydeleg ansvar og sjansen til å utvikle seg.

– Det er viktig at traineeane får eit godt førstemøte med arbeidslivet og ein jobb i distriktet, og det vi levere på. Dei tre siste åra har dessverre nokre av traineeane rapportert at dei ikkje får god nok oppfølging av leiar eller mentor. Dei saknar meir dialog og støtte.

Hentar inn relasjonsekspert

Dette var bakteppet for at Framtidsfylket bestemte seg for å hente inn ekstern kompetanse. Valet fall på FuelBox, som har spesialisert seg på relasjonar. Dei meiner tillitsfulle relasjonar er avgjerande for å skape gode resultat i ei kvar bedrift, og har utvikla verktøy for dette.

– På årets første traineesamling i Balestrand vil FuelBox tilby eit eige opplegg til mentorane.

Målet er å skape engasjement for det ansvaret og den moglegheita som ligg i det å ta imot ein trainee, forklarar Hovland.

Kvifor er relasjonar så viktig i arbeidslivet?

– Psykologisk tryggheit er den faktoren som er viktigast for høgt presterande team, og ei forutsetning for god samhandling i teamet, seier Berta Lende Røed, Relasjonsarkitekt og CEO i FuelBox.

Ho meiner gode relasjonar er heilt avgjerande for å utløyse potensialet i ei kvar verksemd:

– Vi kan forklare psykologisk tryggheit som at relasjonane i eit team er robuste nok til at alle kan vere seg sjølv, be om hjelp, uttrykke ueinigheit, utfordre og bringe inn nye innspel og idear utan å frykte negative reaksjonar og sanksjoner frå dei andre i teamet.

"Å vere nysgjerrig er ei superkraft"

Fuelbox

Foto: Tommy Ellingsen

Samtalar som elles ikkje oppstår

Fuelbox si viktigaste oppgåve blir å fasilitere samtalar mellom mentor og trainee på samlinga:

– Vi er tilhengar av gjensidig mentoring i traineeprogrammet. Det vil sei at både mentorane og traineeane skal få utforske og utfordre seg sjølv gjennom samtalane vi fasiliterer for, samtalar som elles ikkje oppstår av seg sjølv. Dei vil få verdifull kommunikasjonstrening som er nyttig for dei som mentor i programmet, men også som leiarar på arbeidsplassen.

Nysgjerrigheit er ei superkraft!

– Kva er det viktigaste de ønsker å lære traineeane?

– At nysgjerrigheit er ei superkraft som er avgjerande for eiga utvikling, ny kunnskap og ikkje minst utvikling av relasjonar med andre menneske. Vi ønsker å gi dei innsikt i, og erfaring med, korleis dei kan utvikle relasjonar og samhandle best mogleg med andre – både heime og på jobb.

Vil du vere traineebedrift i 2023/24. Vi tar inn nye bedrifter fram til 1. november.

Eg vil vite meir om å vere traineebedrift

Fleire saker