Najib Sharif i Odda

Nyheiter

– Det er her stemma di betyr noko

For Najib er ikkje dagen god før han har løfta fram eller hjulpe kollegane sine.

I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Najib Sharif
Utdanning
: Bachelor i økonomi og administrasjon, fordjuping i prosjektleiing og enkeltemner i IT
Yrke og arbeidsgivar: Ullensvang kommune – trainee digitaliseringstenester. Digitaliseringsrådgjevar/prosjektleiing

Kva er ein 10/10 arbeidsdag for deg?

Det handlar eigentleg om å hjelpe kollegaer med å nå det dei vil, og gjere det eg skal. Då har eg ein god dag.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Dei betyr mykje.

Kvar enkelt må bidra for at alle skal trivast. For at det skal vere eit godt arbeidsmiljø må eg og bidra. Eg kjem inn med eit smil og skapar god stemning, om nokon ikkje snakkar så mykje prøver eg å dra dei med i samtalen.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Eg prøvar å alltid vere stolt over meg sjølv fordi eg veit kor langt eg er kome og kva utgangspunktet mitt var. Eg har både personlege og profesjonelle ambisjonar, men det viktigaste er å hjelpe nokon på vegen.

Eg er eigentleg stolt kvar dag.

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Kanskje Leger Uten Grenser, dei gjer ein viktig jobb.

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Masse arbeid og jobb. Problemet er at det manglar folk. Inkluderande.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Det er viktig å ha noko sosialt utanfor jobb. Og uansett kor høge ambisjonar ein har, må ein tenke at ein er berre eit menneske. Ein har eit liv utanfor dei fire veggane som er jobb. Når du er gamal og grå er det ikkje den ekstra timen du jobba du hugsa, men det sosiale og gøye du har gjort elles.

– Når du er gamal og grå er det ikkje den ekstra timen du jobba du hugsar

Najib Sharif

Kva rolle tar du i eit møte?

I eit møte likar eg å observere og analysere. Så kan eg eventuelt bidra med det eg kan, og kanskje få andre til komme med sitt.

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

  • Er du opptatt av karriere er det mange moglegheiter her.
  • Her er fantastisk natur, det er ikkje noko å legge skjul på. Om du er glad i det, er Vestland staden å vere.
  • Det er lettare å halde fokus her. Det er ingen hemmelegheit at det ikkje skjer så mykje, og ein får ein slags zen og indre ro av å bu her. Det treng ein om ein skal klare å vere fokusert.
  • Det er kanskje ein liten plass, men folka er hyggelege og trivelege. Kollegane mine har tatt meg godt i mot, og etter å ha vore på traineesamaling, kickoff og møter i Vestland sit eg igjen med same inntrykk – folk flest er hyggelege og vil utrette ein forskjell.
  • Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein liten plass, det er her stemma di betyr noko.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Ullensvang kommune, fordi det er flinke folk som brenner for kvardagen og lokalsamfunnet. Folk bryr seg om plassen og vil få Ullensvang til å fungere.

Kva er det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Eg er prosjektkoordinator for eit større prosjekt saman med iTeam for helse og omsorgssektoren. Det er også første oppgåva mi, så det er veldig spennande. Som prosjektkoordinator skal eg oppretthalde kommunikasjon og sørge for at prosjektet held framdrift og er i sync.

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid: Praktisk

Jobbe inne eller jobbe ute: Jobbe inne

Matpakke eller kjøpe lunsj: Matpakke

Ferie eller kvardag: Definitivt ferie

Kreativt arbeid eller rutinearbeid: Kreativt arbeid

Starte tidleg eller gå heim seint: Starte tidleg. Jo tidlegare jo betre.

Leie eller bli leia: Å vere leiar.

Fleire saker