Amanda Bjørnenak

Nyheiter

Ein kan ikkje forvente at alt berre dukkar opp

Nøkkelen for å få den jobben du vil ha i Vestland, er å vere proaktiv og lage liste over kva du ynskjer deg i arbeidslivet, meiner Amanda.

I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Amanda Bjønenak
Utdanning
: Bachelor og master i pedagogikk frå Universitetet i Tromsø
Yrke og arbeidsgivar: Forretningsutvikler/prosjektleder i Næringshagen i Ullensvang

Kva er ein 10/10 arbeidsdag for deg?

Ein perfekt arbeidsdag for meg er ein kombinasjon av rådgjeving med gründarar, internmøter med kollegaer, og eit arrangement eller seminar. Eg likar godt å både gi og få kunnskap, og diskutere faglege spørsmål.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Kollegaene betyr eigentleg alt. Det er viktig å kunne ha humor og ein uformell tone, samtidig som ein kan diskutere fritt og dele sine meiningar. Eg set også pris på at kollegaene kan utfordre meg på dei tinga eg synest er ubehagelege, og gi meg ekstra støtte når det trengst – spesielt når ein er ny i arbeidslivet. Eg har berre jobba i eit halvt år, og støtta frå kollegaene er avgjerande for å bygge gode relasjonar og trivsel.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Eg er stort sett alltid stolt. Eg har ein yrkesstoltheit i det å vere ein sentral aktør i næringslivet i regionen. Når eg sender e-postar eller deltek i møte, kjenner eg på den yrkesstoltheita.

Amanda

Arne Opheim frå Green Zink Odda og Amanda på karrieremessa i Bergen. Foto: Vidar Alfarnes

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Sidan eg var ung har eg hatt eit ønske om å jobbe i Olympiatoppen med å utvikle talent. Det er ei nysgjerrigheit som har fulgt meg sidan eg satsa på langrenn.

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Variert, spennande og lokalbasert

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Eg har ikkje funne den rette balansen heilt enno, men eg jobbar med det. Nokre veker føler eg at eg har kontroll, medan andre veker tek jobben overhand, og eg tar den med meg heim. Samtidig er det periodar der eg føler meg som eit "supermenneske" – med kontroll på jobb, trening, kosthald, sosialt liv og familie.

Gi meg gjerne tips!

Kva rolle tar du i eit møte?

Som rådgjevar tek eg ofte leiinga i møtet, men eg kan også vere passiv og lyttande før eg kjem med innspel. Eg trivst i begge rollene, avhengig av situasjonen.

Om nokon lurer på å søkje jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Eg ville sagt at ein må vere proaktiv og oppsøkje moglegheiter, enten gjennom bedrifter eller folk ein kjenner. Ein kan ikkje forvente at alt berre dukkar opp. Det er viktig å vere litt aktiv, engasjert, og ikkje minst, å ha uformelle samtalar. Lag deg ei liste over kva du ønskjer deg i arbeidslivet – om det er kollegaer, arbeidsoppgåver eller ansvar. Det skjer mykje spennande på Vestlandet, og det er mange moglegheiter.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Eg vil trekkje fram sidernæringa, eller siderklynga. Det er mykje spennande som skjer der.

Kva er det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Akkurat no jobbar eg med ei yrkes- og utdanningsmesse som skal vere om to veker. Eg har rekruttert bedrifter for å synleggjere sine arbeidsplassar og laga eit opplegg med workshop om korleis skrive ein god CV, både for ungdomsskule, vidaregåande og vaksenopplæring. Det blir eit stort arrangement, og Lothepus skal ønskje velkommen. Det blir ein flott dag, og det er eit superviktig tiltak for regionen.

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid: Stillesittande

Jobbe inne eller jobbe ute: Inne

Matpakke eller kjøpe lunsj: Matpakke

Ferie eller kvardag: Ferie

Kreativt arbeid eller rutinearbeid: Kreativt

Starte tidleg eller gå heim seint: Starte tidleg

Leie eller bli leia: Bli leia