Erlend Stueland

Nyheiter

Michelinkokken under Buerbreen

Erlend jobba tidlegare på Michelin-restauranten Bare i Bergen. No finn du han i Buerdalen, der han tryllar fram magiske rettar av lokale råvarer.

I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Erlend Stueland
Utdanning
: Kokk, restaurant og matfag
Yrke og arbeidsgivar: Kjøkkensjef på Buer Restaurant

Kva er ein 10/10 arbeidsdag for deg?

Eg treff alle på jobb til morgonmøte med kaffi. Vi går gjennom dagen og alle bookingane, sjekkar om det er spesielle hensyn og markeringar vi må vete om. Så preppar vi på kjøkkenet, alle varene er komt, alt er i orden og alt er fresht.

Vi et personalmiddag, «familydinner» halv fire. Der snakkar vi om alt, både jobb og ikkje jobb.

Så vaskar vi ned kjøkkenet, setter opp og gjer klar til middag. Også har vi ein full restaurant med berre glade gjestar. Vi vaskar igjen, stenger og gjer klar til neste dag.

Det er ein 10/10 dag. Og det er stort sett sånn kvar dag, fortel Erlend med eit lurt smil.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Veldig mykje. Vi er eit lite team her så alle er like viktige. Vi hadde ikkje klart å drive viss vi var færre en det vi er. No har vi fem fulltidstilsette og ti ekstrahjelper som rulerar på å jobbe i løpet av året.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Eigentleg kvar kveld. Spesielt om vi har nokon gjestar som seier dei har hatt ei oppleving som dei aldri kjem til å gløyme, eller seier det er det beste dei har ete i heile sitt liv. Då er det gøy å vere kokk.

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Pilot. Det stod i mellom det eller kokk. Men eg har dårleg syn og var dårleg i matte, så då vart kokk.

Buer-kyr
Idyllisk i Buerdalen

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Veldig god. Enkelt å få seg jobb. Kokkar har verdens største moglegheiter her. Det trur eg og gjeld innan helse. Om du flyttar til Odda skal du ganske greitt klare å finne deg ein jobb.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Det må vere å planlegge fridagane sånn at du brukar dei på noko du vil bruke dei på. Dei må ikkje forsvinne vekk i ingenting. Du må jobbe mykje når du først jobbar, og spare slik at du kan ta lenger fri og oppleve noko når du har tid. Det er viktig å ha noko å sjå fram til.

Kva rolle tar du i eit møte?

Stort sett leiar, sidan eg sjef.

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Då hadde eg sagt naturen, folka, miljøet og moglegheiter for vekst er store. Det er rimeleg å bu her i forhold til storbyen. Det kostar ikkje 1000 kr for busskort og 15k i husleige for ein liten kvadrat. Her blir stadig meir ting ein kan gjere: mange restaurantar, vinbar, konsertar, utestadar, badebasseng, fotball, volleyball, innebandy, kino, tennisklubb, springeklubb, turlag, Røldal skisenter og Jondal skisenter.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Boliden, dei har investert mykje i det siste og skal bli det grønaste sinkverket i verda med 100 årsplan og greier. Det er kome mange nye til Odda på grunn av det. Dei er nok den største aktøren i Odda no.

Kva er det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Vi held på med ny meny. Her følgjer vi årstidene og lagar berre norsk mat av kortreiste råvarer. No om hausten er det, lam, sopp, krabber, nøtter, potetpuré... så det er gøy å jobbe med det.

Vi driv og å byter frå sommar til vinterope. Neste veke er vi ope for middag torsdag, fredag og laurdag. Då har vi meir tid til planlegging av arrangement og temakveldar, slik at vi er klar til februar, mars og april.

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid: Praktisk

Jobbe inne eller jobbe ute: Inne

Matpakke eller kjøpe lunsj: Lage sjølv

Ferie eller kvardag: Ferie

Kreativt arbeid eller rutinearbeid: Kreativt

Starte tidleg eller gå heim seint: Gå heim seint

Leie eller bli leia: Leie

Fleire saker