Sørfjorden er ein fin plass for folk som har gründerånda over seg. Heile kulturen her er knytt til den same skapargløden. Det ligg i sjela til området – ei drivkraft for å skape noko eige og byggje noko frå botnen av.
Ein tilflyttar og ein heimflyttar. To ganske forskjellige gründerreiser. Felles for Guro og Magnus er at dei begge har innstillinga: For å få det livet ein vil ha, må ein ta tak og skape det sjølv.
For Guro Kvalnes, som vaks opp i Hardanger, låg heimen alltid i bakhovudet, sjølv om ho studerte litteraturvitskap i Oslo og jobba som marknadsførar i Det norske Samlaget.
– Eg lengta alltid etter roen og naturen her heime, seier Guro.
Etter fleire år i storbyen, flytta ho heim att til Hardanger.
– Eg lengta alltid etter roen og naturen her heime
Magnus Kjepso Halvorsen har hatt ein meir internasjonal veg – frå Nesbru til militæret, vidare til NATO-base i Brussel og fire år med fysikk og internasjonale studiar i USA. Til slutt fann også han vegen tilbake til Noreg.
– Eg fekk jobb i eit selskap i Stavanger som hovudsakleg jobba med offshore olje og gass. 10% av omsetjinga deira var innan havvind og det var slik ideen med å starte eige selskap oppstod. Etter to år i Stavanger oppretta eg Hyndla saman med to kollegaer og ein kjenning frå Nesbru, fortel Magnus
– Vi starta med lite pengar og utan lønn, men gradvis bygde vi oss opp. Selskapet fekk støtte frå Innovasjon Norge, og det var avgjerande for at vi kunne vekse.
– Vi registrerte selskapet først i Oslo, men flytta det raskt til Flekkefjord. Det var lettare å få oppfølging og støtte i distrikta, og eg budde på det tidspunktet i Flekkefjord.
– Det var lettare å få oppfølging og støtte i distrikta
– Då pandemien kom, vart eg “fanga” på kjøkkenet til mamma og Sverre. Då tok eg valet om å flytte til Kjepso, ein gard på ei fjellhylle i Kvam, der mor mi er i frå.
Og sidan har selskape hatt ei utruleg utvikling.
– Det har vore heilt uverkeleg å sjå korleis Hyndla har vokse. Det gjekk fort frå 10 til 20 tilsette. Som gründer mister ein noko av kontrollen når selskapet veks, men det har vore ei naturleg utvikling. No har vi betre struktur og klarare arbeidsområde. I dag er vi ni tilsette i Noreg og totalt 21 på laget.
Magnus og Guro møtte kvarandre for fire år sidan, og saman har dei skapt seg eit rolegare liv i Hardanger.
På garden held dei ullgris til eige bruk. Dyrevelferd og kortreist mat er dei begge opptekne av. Guro seier det følest riktig å leve på denne måten, nært naturen og med eit bevisst forhold til maten dei et.
Magnus peikar på korleis livet i distrikta har gjort det lettare å finne balansen mellom jobb og fritid. Her er naturen rett utanfor døra, og han meiner det er annleis enn å bu i byen, der ein må vere meir aktiv for å kome seg ut.
– Her i Hardanger trekk naturen deg ut, seier Magnus. Å bu desentralisert er ikkje berre eit val om kvar ein vil bu, men også eit bevisst val om korleis ein vil leve gründerlivet.
Guro har også kasta seg inn i gründerlivet, med eit heilt anna, men like spennande prosjekt.
Etter å ha opplevd badstukulturen i Oslofjorden, slo tanken ho:
– Eg sit her og ser rett på operaen og tenkjer at dette er utruleg fint, men at det faktisk er mykje finare i Sørfjorden! Konseptet er latterleg enkelt, og det burde finnast i Hardanger.
– Badstua gjer fjordlivet tilgjengeleg på ein heilt annan måte. Folk kan trekkje ned til eit fjordbad, ikkje berre om sommaren, men året rundt. Det gir ei naturoppleving.
– Eg ville at dette skulle finnast heime, også er det gjerne slik på på bygda at om ein vil ha eit tilbod, må ein kanskje skape det sjølv.
Men kvar startar ein for å få til eit slikt prosjekt?
– Først lefla eg litt med ideen saman med venner. Men så kom eg i kontakt med Thomas, Stian og Kenneth frå Trolltunga Adventures, og oppdaga at vi hadde dei same tankane. Vi inngjekk eit samarbeid, fortel Guro
– Det viste seg å vere eit av dei beste vala eg har gjort. Det var viktig å gjere dette saman med rett folk, og det var avgjerande å ha med desse gutane – dei hadde med seg ein type kompetanse, eg hadde ein anna. Saman vart me eit godt lag.
Med pandemien som ei uforutsett utfordring, møtte dei mange hinder på vegen.
– Det var mykje spenning. På eit tidspunkt visste vi ikkje ein gong kvar badstua var – den var på eit skip ein stad i verda! ler Guro.
– På eit tidspunkt visste vi ikkje ein gong kvar badstua var!
– Eg var litt redd for at alt skulle gå i vasken, men til slutt gjekk det bra. Vi køyrde på, og badstua vart til slutt ein stor suksess!
Badstuprosjektet har no spreidd seg til fleire stader i landet, og Guro har selt seg ut av prosjektet.
– Eg hadde inga aning om at det var mogleg å tene pengar på dette, men det viste seg å vere tilfelle, fortel ho.
Guro er oppteken av at fleire kvinner må våge å satse på gründerlivet.
– Eg vil gjerne sjå fleire kvinner ta steget og bli gründerar, seier ho. Vi har fått fleire kvinnelege rollemodellar innan entreprenørskap no, og det er viktig å ha støttespelarar rundt seg, særleg for unge kvinner. Det finst mykje støtte der ute, og ein må tørre å lene seg på andre.
Kva er det som gjer at Guro og Magnus trur på gründerlivet i distrikta?
– Det handlar om å sjå moglegheitene som finst her ute, seier Magnus. Omsetninga vår kjem mest frå eksport, så det spelar ingen rolle om eg sit i Oslo eller her. Og dei få gongene eg må reise, går det heilt fint.
Guro meiner distrikta har mykje å tilby, spesielt for dei som er villige til å samarbeide med andre og dra nytte av støttemiljø som Innovasjon Noreg og næringshagar.
– Det er viktig å ikkje starte aleine, understrekar ho. Finn dei rette folka å gjere det saman med, då kan ein redusere risikoen. Eg hadde gutane i ryggen, og deira erfaring gjorde at eg følte meg trygg.
Ho meiner at livet i distrikta også bidrar til å halde på motivasjonen.
– Når du jobbar med noko du brenn for, og du samstundes bur ein stad der naturen er rundt deg heile tida, får du ein heilt annan energi. Ein kan når som helst ta seg ein pause, gå ut i fjellet eller ta eit bad i fjorden, seier Guro.
Så distrikta er staden for alle som vil skape noko?
– Sørfjorden er ein flott plass for folk med gründerånd. Kulturen her inne er knytt til den ånda – bøndene her har alltid vore gründerar, dei har alltid sett moglegheitene. Det handlar om å skape noko på eiga hand, og det er noko eg vil oppmode fleire til å gjere, avsluttar Guro.