Maria løberg og stine vintervoll

Nyheiter

Jobbsjokket – velkommen til arbeidslivet!

Korleis kan du skape deg ein god karrierestart? Maria Løberg og Stine Vintervoll kjem til karrieremessa Ta steget i Bergen 18. februar.

Kva er eigentleg draumejobben? Er leiaren nøgd med meg? Prioriterer eg riktige oppgåver? Å gå frå å vere student til å bli arbeidstakar er for mange ein stor overgang. Bratte læringskorger, småprat ved kaffimaskina, møtekultur og oppgåver ein aldri har vore borti før vert plutseleg daglegdags.

Ein del kan få noko som kan likne på, ja – eit jobbsjokk. Det vil Maria Løberg og Stine Vintervoll hjelpe deg med å unngå.

Velkommen til arbeidslivet!

Maria og Stine har skrive boka Jobbsjokket – guiden til en god karrierestart, og tek med seg teoriar frå psykologien for å gi deg ei betre forståing av korleis det er å vere ny på jobb.

Du vil få høyre om vanlege utfordringar mange nyutdanna opplever i overgangen frå student til arbeidstakar, og du får konkrete verktøy du kan bruke for å sikre at du både trivst og presterer.

Tid og stad:
Kl. 13.00, Klokkeklang
Avgrensa tal plassar

Om foredragshaldarane:

Stine Vintervoll er siviløkonom fra NHH, og ho ønsker å inspirere unge arbeidstakarar til å bli samfunnsbyggjarar som skapar eit berekraftig samfunn i tråd med eigne verdiar.

Maria Løberg er spesialist på organisasjonspsykologi og brenn for å hjelpe unge personar med å oppnå sitt potensial. 

Ikkje meldt deg på messa enno?

Påmelding deltakar
Påmelding bedriftsstand

Fleire saker