sofie høgestøl

Nyheiter

Sofie Høgestøl til Ta steget

USA, Trump, Noreg og verda – kva no? USA-kommentator Sofie Høgestøl kjem til karrieremessa Ta steget i Bergen 18. februar.

Vi lev i ei uroleg tid der ting endrar seg raskt. Er du som oss og tenker: Kva er det eigentleg som skjer med verda no, og kva har det å seie for oss her i Noreg? Då vil dette foredraget gjere deg litt klokare, og gi deg ein ting eller to å snakke om i lunsjen neste dag.

Noreg i ei uroleg verd

Sofie Høgestøl er ein norsk jurist som for mange vart eit kjent fjes etter at ho dekka valet i USA hausten 2020. Ho imponerer med si evne til å formidle kompleks politikk på ein forståeleg måte, og er stadig å sjå på skjermane våre når det vert snakka om geopolitikk og USA.

I foredraget sitt under Ta Steget vil Sofie gi oss det store biletet på korleis verdspolitikken ser ut no, og vise oss korleis det heile heng saman med at Trump er tilbake i Det kvite hus.

Ho vil snakke om utfordringane som ligg i mykje av det som skjer no, men óg om moglegheitene som kan ligge der.

Til slutt vil ho dele nokre karriereråd som har vore viktig for henne i si karriere.

Dette vil du ikkje gå glipp av!

Tid og stad:
Kl. 12.00, TBA
Avgrensa tal plassar.

Har du ikkje meldt deg på messa?

Påmelding deltakar
Påmelding bedriftsstand

Fleire saker