Kristine i Solund

Nyheiter

Har slutta å haste seg gjennom kvardagen

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

Kristine tok ein sjanse då ho flytta til øykommunen lengst vest. Der fann ho kvardagen ho ikkje visste at ho sakna.

– Du takka ja til å fortsette i jobben?

Det er kanskje eit rart spørsmål å stille ein nyutdanna 26-åring. Dei fleste som får tilbod om fast jobb som passar utdanninga, takkar ja. Men for Kristine Holm er det litt annleis. Ho har nemleg flytta frå alt ho kjenner i Bergen til Solund, Norges vestlegaste øyrike– og den aller minste kommunen i Vestland.

Vi har starta utrullinga av traineestillingar for 2025/26. Sjekk ut!

Her starta ho karrieren som trainee i Framtidsfylket, og skulle jobbe eitt år som kommunikasjonsrådgivar. Kristine fekk i oppgåve å sette den vesle øykommunen på kartet.

Jobbe i Solund

Kommunikasjon: Som trainee fekk Kristine i oppgåve å formidle livet i Solund.

Ein ny type ro

I løpet av året ha ho funne ei ro ho aldri før har opplevd. Ho brukar ikkje lenger øyreproppar når ho går til jobb. No er det lyden av vinden og bølgeskvulp som følgjer ho. Eller skatebordet som rullar bortover smale vegar. At framande snakkar til ho på butikken, er blitt ein hyggeleg vane.

– Det er eit liv eg trivst med, smiler Kristine.

Då ho bestemte seg for å søke traineejobben, hadde ho ingen ide om kva ho gjekk til. Berre at ho elskar å utforske nye stadar.

– Då eg googla plassen såg det heilt fantastisk ut, og faktisk så er det enda finare i verkelegheita. Det er kjekt å jobbe med å vise fram Solund til fleire.

Villsau

Medeigar: Året i Solund har resultert i at Kristine har blitt parteigar i villsaulaget.

Heilt sjukt traineeår

Ho skildrar traineeåret som «heilt sjukt».

– Eg har opplevd så utruleg mykje som kommunikasjonsrådgivar, seier ho, og ramsar opp alt ifrå kommunestyremøte til kronprinsbesøk, til den gongen ho skulle dekke ei mann over bord-øving, og enda med å vere den som måtte i sjøen og bli heisa opp i helikopteret. Eller verdas villaste båttur til Norges vestlegaste fyrtårn.

Kristine ristar på hovudet når ho tenker tilbake på året ho har vore gjennom. Ho skildrar traineeåret som «heilt sjukt gøy.»

Ein annan gong fekk ho i oppgåve å dokumentere at CNN var på øya for å lage dokumentar om korleis dei driftar villsaulaget der.

–Eg har forresten blitt parteigar i det villsaulaget, ler ho.

Breidde grusar spisskompetanse

– Det er fort å tenke at du ikkje får spisskompetanse når du jobbar i distriktet. Du må gjere litt av «alt» her. Men så gløymer ein kor mykje kompetanse det er i den breidda, og kva du kan trekke ut frå dei erfaringane. Berre det er grunn nok til å reise ut av byane for å få jobberfaring. Gi det eit år i det minste, rådar ho.

Kristine set pris på å ha vore del av eit traineeprogram. Det har sikra ho både fagleg og sosialt påfyll saman med andre traineear i Vestland.

– Eg gleda meg alltid til samling det året eg var trainee. Det var eit artig opplegg og ein artig gjeng, og deilig å snakke med andre med liknande utfordringar og forventingar. Vi reiste alltid frå samling litt klokare.

"Som nyutdanna likte eg å ha stempelet trainee."

På jobb i Solund

Kor vil du gå?

Når ho ser tilbake på traineeåret, opplevde ho det som ein mjuk og fin start på arbeidslivet.

– Som nyutdanna likte eg å ha stempelet trainee. Det gav litt lågare skuldrar rundt det å gjere feil. Samtidig opplevde eg aldri å bli behandla annleis. Frå start har eg blitt spurt om mi meining og kva veg eg ønsker gå.

Det har skapt arbeidslyst og motivasjon:

– Når dei er så opne mot meg og ønsker at eg skal få utfolde meg fagleg, får eg lyst til å bli endå betre for dei og gi tilbake. Eg opplever at dei satsar på meg.

Kollektiv i havgapet

Kristine bur saman med to andre tilflyttarar, i ein romsleg tomannsbustad seksti meter frå strandkanten. Ho valde kollektiv for å bli lettare kjend med andre. Om ein ser vekk frå at dei bur på ei øy lengst vest i Norge, gjer dei mykje av det same som andre unge vaksne gjer.

– Trening, fest, quiz, middag med venner, badeklubb, ramsar ho opp og legg til:

– Vi har sjølvsagt ikkje same kulturtilbodet som i byen, men når det først skjer noko her, ein konsert, kino eller teater, blir det litt stas. Og så er jo Bergen berre ein båttur unna.

Sollnd skateboard

Ro: I Solund fann Kristine roen ho ikkje visste at ho sakna.

Kvardagen glir litt lettare

– Kva har øysamfunnet gjort med deg?

Kristine må tenke seg om. Ho er jo den same, men samtidig ikkje.

– Det er så lett å komme i prat med folk her. Når eg reiser heim til Bergen, er det lettare å vere den som seier: ja, kven er du då? Eg har blitt meir open og spørjande. Det er hyggeleg å sjå andre – og å bli sett.

Ho synest kvardagen glir litt lettare her. Skuldrane er låge. Det er ingenting som hastar.

– Eg har slutta å haste meg gjennom kvardagen.

På nyåret skal på ho på reise i Mellom-Amerika. Behovet for å oppleve nye stadar vil alltid vere der.

– Det er ganske deilig å kjenne på at eg gruar meg til å reise frå Solund. Eg gler meg allereie til å komme tilbake til kvardagen min her. Til no har eg berre vore på 6 av 1700 øyer og holmar, så det er framleis mykje igjen å oppleve, smiler utforskaren i øyriket.

Klar for å makse starten på karrieren?

Søk på ein eller fleire av årets traineestillingar

Fleire saker