Kristoffer i Retrams

Nyheiter

Vestlandet var aldri planen

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

På full fart heim til Bærum fekk Kristoffer tilbod om traineestillinga han ikkje kunne takke nei til.

– Om eg nokon gong hadde vurdert Vestlandet? Aldri, svarar han ærleg frå kontoret i Florø, Norges vestlegaste by.

Det heile starta då Kristoffer Nordhuus Olaussen studerte siste året på bachelor i entreprenørskap ved BI i Trondheim. Studentgruppa hans gjorde ei marknadsundersøking for oppstartsselskapet Retrams, som utviklar helseteknologi.

Vi har starta utrullinga av traineestillingar for 2025/26. Sjekk ut!

– Dei synest vi gjorde ein god jobb og spurde om eg ville halde eit innlegg om oppgåva på Teams.

Uvanleg jobbintervju

Kristoffer tok det som ei utfordring og bestilte flybillettar til Bergen.

– Kvifor ikkje gjere det skikkeleg når ein får sjansen, smiler han.

Presentasjonen gjekk svært bra, og i etterkant har dagleg leiar i Retrams, Stein-Asle Øvrebotn, sagt at dette var Kristoffer sitt jobbintervju. Kort tid etter kom nemleg tilbodet om ei traineestilling i teknologibedrifta.

– Min første tanke var at eg eigentleg var på veg heim til Bærum. Samtidig var dette ein unik sjanse! Heile grunnen til at eg valde å studere entreprenørskap, var at eg drøymde om å jobbe i ei oppstartsbedrift og bidra til innovasjon. At eg i tillegg skulle få vere trainee gjorde det til eit klart ja!

Trainee Vestland

Årets kull: Som trainee får du delta på samlingar i Vestland og bli kjent med andre unge, nyutdanna som ønsker ein god start på karrieren.

Møtte heidundrande gjeng!

Som heilt ny i kystbyen er det ein stor fordel å vere med i Vestland sitt eige traineeprogram.

– Som trainee får du delta på samlingar rundt om i fylket og bli kjent med andre unge som har flytta til Vestlandet for å starte karrieren.

Han ler litt:

– Det er ein heidundrande gjeng! Eg gler meg alltid til samling!

Samlingane blir brukt til å få eit sosialt nettverk i fylket, men også sparring og refleksjon rundt det å vere fersk i arbeidslivet.

Shit, eg er jo heilt ny

–Å ha nokre dagar til å reflektere rundt utviklinga du har hatt i jobben saman med andre unge, nyutdanna, er både fint og nyttig, seier Kristoffer.

Han har hatt fleire aha-opplevingar på traineesamling:

– Det å komme ny inn på ein arbeidsplass, der du skal starte karrieren din, bruke kompetansen din og vere del av eit heilt nytt system. Altså, det er masse som skjer. Du innser at «Shit, eg er jo heilt ny i arbeidslivet!»

Både personleg og fagleg utvikling står på programmet gjennom traineeåret.

– Vi har blant anna sett på kven vi er på arbeidsplassen. Kva pregar meg, kva bygger meg opp og kva bygger meg ned? Eg synest det er nyttig å bli bevisst på slike ting.

Retrams

Imponert: Kristoffer har fått auga opp for drivkrafta du finn i distriktet og meiner den er heilt unik.

Imponert av drivkrafta

Kristoffer hadde ikkje Florø på kartet då han søkte jobb, men innser at det er ein super region å starte karrieren i.

– Den drivkrafta som er i innovasjonsmiljøet her, den har eg ikkje sett maken til! Eg blir både imponert og inspirert av å sjå kva nyskaping som skjer i distriktet, og kva ein kan få til! Folk heiar på deg og har trua på deg, og alt du gjer blir så synleg. Det er kanskje største fordelen med å skape noko i distriktet.

Kristoffer hadde lyst til å jobbe med innovasjon som gjer ein forskjell. Det gjer han kvar einaste dag i Retrams.

"Å få jobbe med helseteknologi er utruleg givande"

Retrams

Ein jobb med meining

– Å få jobbe med smarte, berekraftige løysingar til sjukehus, som gjer det mogleg å identifisere kirurgisk utstyr, er ekstremt givande. Du gjer ikkje berre ein jobb, men bidrar til eit større samfunnsoppdrag. Med fantastiske kollegaer som brenn like mykje for å ta samfunnsansvar, som for produktet, kjenner eg at eg er med på noko viktig og rett.

Heve Nordmannen fenget sin Heim?

Når jobben sjekkar av på alle punkt, må vi jo berre spør om kva han tenker om å bu i Florø?

– Hehe. Eg forstår at folk blir nysgjerrige på «han frå Bærum som aldri, aldri hadde planar om Vestlandet». Som trainee har eg reist litt rundt i fylket, og eg kan ikkje seie anna enn at det er fantastisk vakkert her. Oslofjorden og svaberga er fint det, men å vere omringa av fjell og nær sjøen slik du er i Florø, det er heilt spesielt. Eg tar meg stadig i å nynne på den der «Mellom bakkar og berg...», ler han, og røper at turkleda ligg klare .

Florø

Det var aldri planen, men Kristoffer har lært seg å sette pris på Vestlandet.

Super start

For Kristoffer er det ikkje det så viktig med ein plan på kor lenge han blir i Florø – eller om han blir. Det han veit, er at han har fått ein super start på arbeidslivet:

– Eg veit berre at eg elskar jobben min og er glad for at eg fekk sjansen til å vere trainee i eit så spennande selskap. Betre start på karrieren trur eg ikkje eg kunne fått, smiler han.

Klar for å makse starten på karrieren?

Søk på ein eller fleire av årets traineestillingar

Fleire saker