Synnøve

Nyheiter

Arbeidsgivaren bad Synnøve om å reise

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Kristine Slettehaug

Men på karrieremessa ville han ha ho tilbake.

– Skal eg verkeleg søke jobb hos dei som bad meg om å reise?

Det høyrest brutalt ut, men vi må tilbake til 2021 for å forstå bakgrunnen. Frå 2017 til 2021 var Synnøve Aaberg Skjærli lærling i salsfaget i smarthusbedrifta Intin. Ho hadde null planar om vidare utdanning eller å forlate Sunnfjord. Her hadde ho familie og venner, og likte seg godt i jobben. Det var heilt til sjefen, Hugo Mølmesdal, utfordra ho.

– Han meiner det er sunt å utvide horisontane, og oppfordra meg til å flytte vekk og ta meir utdanning.

Tok sjefen på ordet

Synnøve tok han på ordet og søkte seg inn på bachelor i marknadsføring og salsleiing på Høyskolen Kristiania i Bergen.

Det skulle vise seg at den tidlegare sjefen hadde rett. Synnøve likte både studiane og byen, men ville gjerne tilbake til Sunnfjord etter fullført bachelor. Denne gongen med meir kompetanse og utvida horisontar.

– I januar 2024, eit halvt år før eg var ferdig med studiane, fekk eg tips om å besøke Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen. Eg ville vite meir om kva som finst av jobbar i Vestland, og då spesielt i Sunnfjord.

Leika med tanken om Nordfjord og Sogn

– Det eg fekk innsyn i på messa, gjorde at eg vurderte heilt nye regionar. Du anar verkeleg ikkje kva som finst av jobbar i distriktet. Eg tok meg tid til å snakke med mange arbeidsgivarar, også dei som i utgangspunktet ikkje var så aktuelle. Desse pratane førte til fleire nye kontaktar.

Påmelding karrieremesse

Møtte gammal kjenning

På messa møtte ho også ein gamal kjenning. På ein av standane stod Invite Guest Technology og Hugo – den tidlegare arbeidsgivaren som altså bad ho om å reise.

– Hugo ville ha ein prat med meg, og det var sjølvsagt veldig interessant. I løpet av dei åra eg tok utdanning hadde det skjedd masse spennande utvikling i bedrifta.

Programvara Invite var skilt ut frå Intin. Frå no av skulle dei jobbe utelukkande med å levere software til utleige og overnattingsbedrifter – ei reise Synnøve kunne tenke seg å vere med på med nyerverva kompetanse.

– Samtidig lurte eg litt på om det var riktig å gå tilbake til sin gamle arbeidsgivar. Gjer ein det?

Invite messe

Då Invite Guest Technology stod på stand under Framtidsfylket karrieremesse i 2024, hanka dei inn igjen ein av sine tidlegare tilsette.

Takknemleg for tilfeldigheitene

– Rett før påske kom jobbtilbodet, smiler Synnøve, som synest det var herleg å lande jobben før ho var ferdig utdanna.

I dag har ho vore eit halvt år i Invite, og stortrivst.

– Eg er veldig glad for at eg takka ja. Og for at eg reiste ut, og at eg gikk på karrieremessa, OG for at eg møtte Hugo, ler ho.

– Legg igjen den negative haldninga heime

Synnøve oppfordrar andre i Bergen til å gjere det same – også dei som tenker at distriktet er uaktuelt:

– Mange av studentane er veldig fikserte på at dei skal jobbe i ein by. Det er likevel greitt å vite kva som finst i distrikta, og kanskje finst det jobbar der du ikkje visste om? Legg igjen den negative haldninga heime og ver litt open for nye perspektiv, smiler ho lurt.

Ifølge Synnøve er det null stress å møte åleine:

– Det gjorde eg sjølv, og det var ikkje farleg i det heile tatt.

Blir du med på karrieremesse 18. februar?

Eg vil melde meg på karrieremessa i Bergen

Fleire saker