Sarah Anderson

Nyheiter

Frå solkyst til vestkyst

Kva får ein australiar til å bli på Vestlandet? Hint: Det er ikkje vêret!

I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Sarah Anderson

Utdanning: Ph.d. i samfunnsgeografi, NTNU

Yrke og arbeidsgivar: Seniorrådgjevar - folkehelse og inkludering, Vestland fylkeskommune

Kan du skildre ein 10/10 arbeidsdag?

Det kan være ein dag med fordjuping i ei stor oppgåve som krev mykje fokus, eller ein dag med mange små oppgåver. Men ein dag der eg får møte hyggelege kollegaer og samarbeidspartnarar, få moglegheita til å trekke inn litt frisk luft, og oppleve å få bruke kompetansen min og lære noko nytt, då blir dagen bra.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Dei er alfa omega. Eg er ganske ny her, men i Førde har eg blitt så godt tatt imot. Folk hukar tak i meg i kantina eller kjem innom kontoret for å helse på «ho nye» og slå av ein prat. Det er nok ein fordel med at det er små forhold på Førdekontoret. Det diggar eg. Elles har resten av teamet i Bergen og Leikanger også stilt opp og laga god stemning. Det blir fort smittsamt.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Som sagt er eg ny i organisasjonen, men heilt ifrå eg las stillingsutlysinga vart eg stolt over fylkeskommunen. Dette er ein organisasjon med eit bevisst forhold til inkludering og sosial berekraft! Då blir det lett å vere stolt over å kunne jobbe med inkludering på eit strategisk nivå. Som akademikar i botnen er det heilt nydeleg å kunne bruke kunnskapen rett inn i samfunnsplanlegging og rådgiving av kommunar i korleis skape inkluderande lokalsamfunn. 

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Då ville eg valt gartnar, landskapsarkitekt eller anleggsgartnar. Eg elskar å jobbe med hendene og kroppen, og minigraver har stått på ønskelista i mange år nå (utan hell!).

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

No bur eg i Stryn, sjølv om eg jobbar i Førde. Eg brukar å ha regionsbriller på, så uttalar meg om Nordfjordregionen her: framoverlent, pragmatisk og løysingsorientert.

Sarah anderson familie

Sarah balanserer familielivet med fire barn i Stryn...

sarah anderson kontor

...med superspanande arbeid frå fylkeskommunen sitt kontor i Førde.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Der trur eg at du spør feil person. Eg har heimekontor 2 dagar i veka og er i Førde 3 dagar, så ein kan kanskje stille spørsmål ved om det er god balanse i det…

Men at det kokar heime med 4 barn gjer at eg berre må prioritere familien når eg ikkje er på jobb. Når eg er i Førde kan eg jobbe lengre dagar, og gjere det eg vil elles, så dagane heime brukar eg på barna. Ein type tvungen balanse.. Kanskje pendlartilveret er svaret på spørsmålet ditt likevel?

Kva rolle tar du i eit møte?

Viss ingen andre tar leiarrolla så tar eg den. Eg taklar dårleg møter utan retning. Men eg kan også (skrekk og gru) vere den som problematiserer ting som vi ikkje treng å problematisere. Eg skuldar det på akademikarhjerna… Beklagar til dei det gjeld!

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

No har eg vakse opp i Australia, med sol og varme, så eg ville nok sagt at Vestlandet er for spesielt interesserte.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Nordfjordkompaniet. Heier ordentleg på dei og det dei får til!

Fortel om det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Eg fekk hoppe rett inn i saksbehandling av politiske saker, og jobbar no med ei sak om å forbetre levekåra for skeiv ungdom i Vestland. Det er veldig spennande å få lov til å jobbe med ei slik sak, som kan ha stor betydning for nokon der ute.

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Ei god blanding, helst.

Jobbe inne eller jobbe ute? Er det regn, slaps og sterk kuling er eg glad for at eg ikkje jobbar som anleggsgartnar! På ein solfylt maidag er det ingenting eg heller vil enn å vere ute.

Matpakke eller kjøpe lunsj? Kantina her får meg til å ete mykje meir grønt enn noko matpakke før har klart, så eg slår eit slag for å kjøpe lunsj.

Ferie eller kvardag? Ein treng kontrastar for å sette pris på det ein har. Det er nydeleg med ein lang ferie, men etter kvart lengtar eg etter ro og rutine.

Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Eg er glad for at eg slepp å tvinge fram kreativiteten, den får sleppe til når den vil.

Starte tidleg eller gå heim seint? På papiret liker eg best å starte tidleg, men den rolege kaffikoppen i fred og ro heime på hybelen blir ofte til to koppar, og plutseleg har tida gått.

Leie eller bli leia? Bli leia! Av dyktige leiarar. Da får eg tid til å jobbe med faget.

Fleire saker