Guro Grønsnes Opedal

Nyheiter

Sjefo i Opedalstunet

For to år sidan sa Guro opp fast jobb for å satse på sider, juletre og gardsbutikk saman med mannen Erland. Det har ho ikkje angra på.

I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Guro Grønsnes Opedal
Utdanning
: Sjukepleiar
Yrke og arbeidsgivar: Sjefo i Opedalstunet. Bakar, kokk, potet

Kva er ein 10/10 arbeidsdag for deg?

Eg trivst godt når eg får produsere ein del, som mat og det som er i butikken. Dei fleste dagar får eg ikkje gjort alt eg har tenkt, eg har nok litt for store ambisjonar. Men når eg får gjort det eg har planlagt, då er eg nøgd. No om hausten er det sylting og hermetisering, og eg bakar ein del kaker. Før jul bakar eg mykje julekaker til butikken, og eg lagar mat til selskap. Viss eg har ei ledig stund kan eg gjerne pitle eple. Det er kjekt å kome seg ut.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Det er litt spesielt, for den einaste kollegaen min er mannen min. Mange lurer på om eg saknar fleire kollegaer, men me har sesongarbeidarar her halve året, og me har ein vennegjeng som fort stiller opp som gode hjelparar når det er arrangement i tunet. Så det sosiale manglar ikkje.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Det er eg stort sett alltid. For to år sidan sa eg opp ein fast jobb for å satse fullt her heime, og eg har ikkje angra ein einaste dag.

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Blomsterdekoratør. Men ellers har eg bytta nok, så eg skal ikkje bytte meir.

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Vi opplever ei positiv utvikling i Hardanger no. Folk på Lofthus er optimistiske. Bygda er i vekst med siderproduksjon, bakeri, pub og hus som vert raskt selde. Gardane og bøndene er veldig aktive, både innan tradisjonelt jordbruk og siderproduksjon.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Der slit me. No om hausten er det lite fritid, arbeidsdagane er på minst 12, kanskje 14 timar. No skal det vere travelt, det er høgsesong, og eg vil ha det sånn.

Me har gode vener som me reiser på tur med, men me har mykje mindre fritid enn dei med 8-4-jobb. Det er noko anna når ein driv sjølv, ein tel ikkje timar, ingen piskar meg etter klokka og det er fleksibelt. Klart det er mykje jobb, og eg må bli flinkare til å reise vekk til for eksempel hytta eller Italia, for viss ein ikkje reiser vekk, får ein ikkje fri. Sjølv om butikken er stengd, kjem det folk innom.

Kva rolle tar du i eit møte?

Eg er ikkje den som er mest frampå, men viss det er ei sak eg brenn for frontar eg den- og då kan eg vera ganske bestemt. Eg likar fysiske møter betre enn møter på nett.

Om du skulle overtale nokon til å søkje jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Eg ville sagt at det er mange moglegheiter her. Fin natur for dei som er glade i det, og du kjem deg fort til byen om du vil det ein dag.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg tru på?

Mikkelparken er veldig bra for regionen. Eg har også tru på alle sidergardane og turismen, spesielt etter Trolltunga og Dronningstien.

Kva er det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Ei stor gruppe på 80 personar som kjem på sidersmaking i morgon.

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid: Praktisk

Jobbe inne eller jobbe ute: Helst ute

Matpakke eller kjøpe lunsj: Matpakke

Ferie eller kvardag: Kvardag

Kreativt arbeid eller rutinearbeid: Kreativt

Starte tidleg eller gå heim seint: Starte tidleg

Leie eller bli leia: Leie.

Fleire saker