Ein meiningsfull jobb er noko dei fleste av oss søker etter. Tage og Hans Petter er ikkje i tvil om at jobben dei gjer betyr noko.
– Straum er heilt essensielt for folk, det er ikkje mange som har vedfyrte komfyrar lenger! Kundane er ofte veldig takknemlege, og det er kjekt å kjenne på kor mykje dei set pris på det vi gjer. Når folk tar deg i handa og seier takk, då veit du at du har gjort ein forskjell.
Ute i vakre Solund, jobbar kollegane Tage Steinsøy og Hans Petter Indrøy tett saman. Begge starta som lærlingar hos HAFS Elektro og Rør etter å ha gått saman på skule heile livet.
– Vi har gått heile skulegangen saman, det var berre eitt år vi var frå kvarandre, fortel Tage. Då gjekk eg på TIP og Hans Petter på Idrett, men vi fann begge ut at det ikkje var heilt rett. Året etter var vi plutseleg tilbake i same klasse på elektro!
– Så vart vi lærlingar saman. Det var eit godt miljø allereie då, og vi lærte mykje. Det var ikkje berre for å bu heime at vi valde HAFS Elektro og Rør – men og for å jobbe i ei bedrift der det er hyggeleg å vere.
Ein av fordelane med å jobbe i HAFS Elektro og Rør er variasjonen i oppgåvene. Det å vere elektrikar her betyr at ein ikkje berre installerer stikkontaktar og brytarar i nye bygg, som det kan bli mykje av i større byar. Her blir ein utfordra på ulike måtar.
– Ein dag kan ein bli sendt ut på sjøen og neste dag jobbe på ein over hundre år gamal bygning. Eg trur ikkje vi hadde fått slike erfaringar mange andre stader, fortel Hans Petter.
Dei uvanlege oppdraga gir dei litt ekstra krydder i kvardagen. Hans Petter minnest eit spesielt prosjekt med ein båt som kom frå Kina:
– Det kom ein båt som var bygd i Shanghai, som eit norsk rederi hadde kjøpt. Det var ein ensilasjetankar, som kvernar opp daud fisk og fraktar det vekk frå oppdrettsanlegg. Det er eksplosjonsfare med slik last, så vi måtte vere ekstra forsiktige. Det er ikkje ofte vi har slike båtar innom, og denne skulle byte begge hovudmotorane. Alt på båten var på kinesisk og sjølv om den var frå 2019, såg det ut som om den var bygd på starten av 90-talet!
– To kinesiske Cummins-motorar skulle bytast ut med to amerikanske. Vi måtte bruke det kinesiske oppsettet for å få dei nye motorane til å fungere. Jobben min var å koble alt av ledningsnett, og eg måtte samarbeide med ein elektrikar i Danmark via telefon. Båten låg her ei god stund, og etter installasjonen tok vi den ut på testtur.
– Det er noko heilt anna å få ein 45 meter lang båt å gå som den skal!
– Ein ting er å slå på ein lysbrytar og sjå at det fungerer, det er noko heilt anna å få ein 45-meter lang båt til å gå som den skal! Det var veldig gøy, smiler Hans Petter.
– Elektrikarar blir ofte sett på som "trollmenn" som fiksar ting. Alle kan liksom snekre, men ein elektrikar må ha utdanning og vite kva han held på med. Mange trur vi kan trylle, men vi har jo lært oss faget og forstår kva vi gjer.
Tage har nyleg fått ansvaret for varmepumper i området, noko han ser på som ei god utfordring.
– Rett etter fagprøva tok eg varmepumpekurs, og no monterer eg varmepumper rundt i heile Solund, fortel han. Eg kosar meg når eg får stå aleine og forstå korleis ting fungerer. I starten var eg litt småusikker, men det er kjekt å vite at ein alltid kan ringe til kontoret eller ein kollega for hjelp.
– No er det Tage ein må ringe for å få hjelp til varmepumper! skyt kompisen inn
Å kunne stå på eigne bein gir mestringsfølelse, men det er også betryggande å ha erfarne kollegaer å støtte seg på. Hans Petter understrekar kor viktig dette er for å ha ein god arbeidsdag:
– Eg kan gjere kva som helst, så lenge eg har ein god kollega med meg
– Kollegane betyr 90% for trivselen min. Eg kan gjere kva som helst, til og med dei verste jobbane, så lenge eg har ein god kollega med meg.
Å jobbe i HAFS Elektro og Rør betyr at ein får vere med på utvikling og utfordringar som ein sjeldan finn i større firma. Bedrifta har tilsette med høg kompetanse, som Ole Kristian, ein erfaren kollega som gjerne deler av kunnskapen sin.
– Ole Kristian er spesielt flink til å lære bort. Han er ei stjerne innanfor faget og brukar tid på å sikre at vi forstår det vi jobbar med. Tage og eg har begge jobba og lært mykje frå han, fortel Hans Petter.
– Kollegane våre deler av erfaringane sine, slik at vi slepp å finne opp krutet på nytt kvar gong vi står overfor ei utfordring, legg Tage til.
For begge er HAFS Elektro og Rør ein plass som gir rom for utvikling, men også eit arbeidsmiljø der ein alltid kan snakke med kollegaene sine. Noko Hans Petter har god erfaring med:
– Rett før eg skulle ta fagprøva, var eg litt i tvil om eg trivst i jobben. Eg sette meg ned med Erlend, sjefen min, og sa rett ut til han at eg var usikker på om det var dette eg ville.
– Eg er ein veldig sosial person, og når eg jobba ute på bygda var eg gjerne ein god del åleine. Då blei dagane lett kjedelege for meg, og eg fekk ikkje den same gleda av arbeidet.
– Saman fann vi ut at dei dagane eg har det best, er dei dagane eg er verftet og jobbar. Her er eg saman med mekanikarar, røyrleggjarar og andre fagfolk. Etter at eg sa ifrå om det, jobbar eg stort sett på verftet og i industrien, og det passar meg veldig godt, smiler Hans Petter.
Det er stadig utvikling i elektrikarbransjen, og nye, meir effektive løysingar kjem til heile tida.
– På tre år har eg sett store endringar der mykje har blitt betre og meir funksjonelt. Det er givande å sjå at arbeidet vårt gir resultat. Vi kjem inn som ein slags redningsmann, og når vi går, fungerer alt igjen. Folk er ofte takknemlege, og det er godt å kjenne at folk set pris på det vi gjer, seier Tage
– Vi er òg heldige som har eit godt sosialt nettverk her i Solund. Mange på vår alder har flytta heim, og fleire vener jobbar turnus på sjøen eller som fiskarar, så mange bur i Solund.
For Tage og Hans Petter har jobben i HAFS Elektro og Rør blitt mykje meir enn berre arbeid. Det er ein stad for utvikling, nye utfordringar og, ikkje minst, ein plass dei trivst.
HAFS Elektro og Rør er ei lokal og allsidig bedrift med omlag 45 tilsette, som stolt utdannar nye fagfolk gjennom sitt arbeid som lærebedrift. Med avdelingar i Gulen, Hyllestad og Solund tilbyr HAFS Elektro og Rør eit breitt spekter av tenester, inkludert elektroinstallasjon, røyrlegging, maritime installasjonar, automasjon og smarthusløysingar. Bedrifta er ISO-sertifisert innan både kvalitetsstyring (9001) og miljøstyring (14001), som understrekar deira høge standardar for kvalitet og berekraft.
HAFS Elektro og Rør har eit betalt samarbeid med Framtidsfylket og er ei av mange verksemder som ønsker å vise fram arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Les meir om våre tenester for bedrifter her.