Steffen får ei ekstra god kjensle når prosjekta nærmar seg slutten og resultatet både ser bra ut, og alt fungerer som det skal.
I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.
Namn: Steffen Nyland
Utdanning: I lære
Yrke og arbeidsgjevar: Elektrikarlærling i HAFS Elektro og Rør
Då går ting på skinner og eg veit kva eg skal gjere. Når alt nesten går av seg sjølv, då har eg ein god dag på jobb.
Det er viktig å ha eit godt forhold til kollegaene, og det har vi her.
Når vi begynner å bli ferdige med eit prosjekt. Eg blir stolt både av korleis det ser ut og at det fungerer som det skal – og forhåpentlegvis vil vare lenge.
Det er gode moglegheiter til å gå teknisk fagskule og bygge vidare på utdanninga. Eg har fleire kollegaer som har teke fagskule og kjem tilbake som ein slags ingeniør.
Du må klare å skru av når du kjem heim, ikkje gå og tenkje på jobb heile tida.
Ofte får ein oppdrag frå serviceleiarane, men ein får også styre litt sjølv. Om vêret er dårleg, kan ein velje å jobbe inne. Vi har óg kreativ fridom til å løyse problem, og det synest eg er kjekt.
Du får sett mykje! Vi i HAFS Elektro og Rør jobbar litt overalt, så du får oppleve både land og strand, og det er kjekt å ikkje vere på same plass heile tida.
Akkurat no monterer vi brannanlegg, og det er spennande å få det til å fungere. Det er mykje som skal styrast av brannanlegget, som ventilasjon og dørautomatikk – alt må fungere saman.
Praktisk arbeid eller stillesitjande arbeid? Praktisk
Jobbe inne eller jobbe ute? Kjem an på vêret
Matpakke eller kjøpe lunsj? Matpakke
Ferie eller kvardag? Jatakk, begge deler
Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Kreativt
Starte tidleg eller gå heim seint? Starte tidleg
Leie eller bli leia? Bli leia
HAFS Elektro og Rør er ei lokal og allsidig bedrift med omlag 45 tilsette, som stolt utdannar nye fagfolk gjennom sitt arbeid som lærebedrift. Med avdelingar i Gulen, Hyllestad og Solund tilbyr HAFS Elektro og Rør eit breitt spekter av tenester, inkludert elektroinstallasjon, røyrlegging, maritime installasjonar, automasjon og smarthusløysingar. Bedrifta er ISO-sertifisert innan både kvalitetsstyring (9001) og miljøstyring (14001), som understrekar deira høge standardar for kvalitet og berekraft.
HAFS Elektro og Rør har eit betalt samarbeid med Framtidsfylket og er ei av mange verksemder som ønsker å vise fram arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Les meir om våre tenester for bedrifter her.