Øystein Salbu - HAFS Elektro og Rør

Nyheiter

Øystein får betalt medan han utdannar seg

Hos HAFS Elektro og Rør får dei tilsette ein ganske unik sjanse: å utdanne seg vidare medan dei jobbar – med full løn og dekka utgifter.

Ein av dei som har tatt imot tilbodet er Øystein Salbu, som no tar fagskuleutdanning i elkraft på deltid.

Etter Øystein tok fagbrevet som elektrikar i januar, følte han seg ikkje heilt ferdig utdanna.

– Eg fekk tilbodet om å utdanne meg ved sidan av jobben, og då takka eg ja, seier han, fornøgd med ordninga.

Studiet er lagt opp med to veker samling i Førde kvar halvår, og månadlege nettbaserte samlingar. Resten av tida kombinerer Øystein studiet med ein 100 % stilling i HAFS.

– Eg er kjempefornøgd med å ha fått denne moglegheita!

HAFS Elektro og Rør

Bedrifta gir han fri til å delta på både fysiske og digitale samlingar, og dekkjer kostnader til studiemateriell og studieavgift.

– Det er ikkje alle som har ei slik ordning, fortel Øystein. Tilbodet er enkelt: Eg får dekka tapt arbeidsinntekt og alt som trengst til studiet.

Til no har Øystein klart å finne balansen mellom jobb og studie, sjølv om det til tider krev litt.

– Det blir ein del timar i månaden, men det har gått greitt, seier han. Når det er travelt på jobb, kan det bli litt meir å sjonglere, men eg prøvar å ha helgene fri.

– Om eg treng fri til å arbeide med skulearbeid, får eg det. Eg har ikkje hatt behov for det enno, men til våren trur eg det kan bli meir hektisk.

Planen for framtida er ikkje heilt klar, men han veit at moglegheitene med denne utdanninga er gode.

– Eg kan jo gå vidare som saksbehandlar eller kanskje ta installatørpapira, seier Øystein.

For HAFS Elektro og Rør er kompetanseheving for sine tilsette viktig. Gjennom økonomisk støtte og fleksible løysingar får tilsette som Øystein sjansen til å utdanne seg vidare utan å gå glipp av arbeidsinntekt.

– Eg er kjempefornøgd med å ha fått denne moglegheita, avsluttar han med eit smil.

Om HAFS Elektro og Rør

HAFS Elektro og Rør er ei lokal og allsidig bedrift med omlag 45 tilsette, som stolt utdannar nye fagfolk gjennom sitt arbeid som lærebedrift. Med avdelingar i Gulen, Hyllestad og Solund tilbyr HAFS Elektro og Rør eit breitt spekter av tenester, inkludert elektroinstallasjon, røyrlegging, maritime installasjonar, automasjon og smarthusløysingar. Bedrifta er ISO-sertifisert innan både kvalitetsstyring (9001) og miljøstyring (14001), som understrekar deira høge standardar for kvalitet og berekraft.

HAFS Elektro og Rør
HAFS Elektro og Rør

HAFS Elektro og Rør har eit betalt samarbeid med Framtidsfylket og er ei av mange verksemder som ønsker å vise fram arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Les meir om våre tenester for bedrifter her.

Fleire saker