Erik og Torgrim

Nyheiter

Liten by, store karrieremoglegheiter

Å starte karrieren i eit internasjonalt selskap som PwC kan høyrast både stort og litt skummelt ut. Men for Torgrim Halse (31) og Erik Guddal Sunde (29) har karrierestarten i PwC vore jordnær – fylt med både faglege utfordringar og gode kollegaer.

På PwC sitt kontor i Førde har dei funne ei perfekt blanding av godt arbeidsmiljø, nærleik til naturen og ein god dose trivsel.

Jobb i PwC

Småbytrivsel og store moglegheiter

Både Torgrim og Erik har jobba i PwC i fleire år, og har fått prøve seg på litt av kvart. Torgrim er advokatfullmektig, medan Erik jobbar innan revisjon. Sjølv om dei begge er del av eit av verdas største revisjonsselskap, kjennast kvardagen både sosial og uformell. Det å jobbe i ein liten by som Førde gir nemleg mange fordelar.

– Her i Førde kjenner vi alle på kontoret godt, fortel Erik. Vi er ca. 20 stk. her, så det blir tett samarbeid og god stemning. Medan det på større kontor er vanleg at det er langt til sjefen, sit eg i lag med min sjef og er tett på dei som har erfaring.

– Den korte vegen til sjefen bidrar til at ein tidleg blir tildelt ansvar som bidrar til utvikling, skyt Torgrim inn.

– Her er eg tett på dei som har erfaring

Erik Guddal

– Vi er ein god miks av folk her, noko som lagar eit bra arbeidsmiljø, legg Erik til. Svein for eksempel, som har jobba her i mange år, er god på å dra oss med på bowling, fjellturar og quiz. Vi finn på mykje artig saman, både på kontoret og i fritida, så det er alltid noko å sjå fram til.

Det er ikkje berre på kontoret i Førde dei samarbeider, men også med andre PwC-kontor i regionen.

– Vi har mykje kontakt med kontora i Ålesund og ellers i Sogn og Fjordane, fortel Torgrim. Det blir ein god miks av både småbytrivsel og dei gode moglegheitene som eit stort selskap som PwC kan tilby.

PwC

Nyt godt av erfarne kollegaer og god opplæring

Det som gjer PwC til ein bra arbeidsplass er ikkje berre det sosiale, men også dei faglege moglegheitene. Med kurs og opplæring er det alltid noko nytt å lære.

– Revisjon er revisjon, men opplæringa her er god, seier Erik med eit smil. Vi har kurs vi må ta, og det er alltid nye standardar å setje seg inn i. Då er det herleg å ha kollegaer som alltid er villige til å hjelpe.

Torgrim legg til at PwC er flinke til å ta vare på dei nytilsette:

– Alle nytilsette reiser ei veke til Voss for opplæring. Der blir vi kjent med PwC sine verdiar, måtar å jobbe på og kvarandre. Eg hoppa til og med i fallskjerm! Det er eit opplegg som gjer at ein får eit godt innblikk i både faget og kollegaene, og det er alltid gøye aktivitetar med på kjøpet.

– Eg hoppa til og med i fallskjerm!

Torgrim

– I fjor fekk heile PwC delta på den siste delen av denne veka. Då var vi 2000 kollegaer samla på Voss! Det vart nesten som ein festival, med konsertar av Emma Steinbakken, Sigrid og Jarle Bernhoft. I tillegg kunne alle melde seg på ulike aktivitetar, som blant anna fallskjermhopping og sauesanking, legg Erik til.

Balanse

PwC har også vore flinke til å fokusere på balansen mellom arbeid og fritid, noko som har blitt viktigare med åra.

– Tradisjonelt har det kanskje vore om å gjere å jobbe mest mogleg, men no blir vi heller oppmoda til å spørre om hjelp for å fordele arbeidsmengda betre, seier Torgrim.

Erik er einig, og skyt inn:

– Vi alltid har mykje å gjere på revisjon om våren, men det er fint å ha kollegaer som passar på at det ikkje blir for mykje for nokon

Trivst i Førde

For både Erik og Torgrim er det ikkje berre jobben som trekkjer – det er også sjølve plasseringa. Førde er kanskje ikkje det første ein tenkjer på når ein høyrer "internasjonalt selskap," men for dei to er det ein perfekt kombinasjon av by og land.

– Her slepp eg kollektivtransport og stress, fortel Erik. Eg kan gå til jobb, og fritida mi er langt meir avslappa.

Torgrim nikkar og legg til:

– Samtidig er det passe små forhold her. Det er lett og få nye venner, og det er ikkje sånn at alle har kalendarane fulle to veker fram i tid, så det er lett å finne på ting og vere spontan. Førde er lite nok til å vere tett på, men stort nok til å ha eit kjekt sosialt liv.

– Sjølv som nordfjording må eg innrømme at Førde blir finare og finare kvar dag eg bur her, avsluttar Torgrim med eit smil

Jobb i PwC

PwC har eit betalt samarbeid med Framtidsfylket og er ei av mange verksemder som ønsker å vise fram arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Les meir om våre tenester for bedrifter her.


Fleire saker