Toril

Nyheiter

Katalysator for kvalitetstid

Dei drøymer om meir tid og fridom, og å dyrke sin eigen mat. Eplehagen Mikrohuslandsby i Luster er den første av sitt slag i Norge.

Når helga omsider kjem, ventar 200 kvadratmeter med husvask. Du lengtar etter å reise meir, men huslånet set ein effektiv stoppar for det. Maten handlar du på Rema, men du klarar ikkje gje slepp på drøymen om din eigen kjøkkenhage.

Kjenner du deg igjen? Mange gjer det, ifølge Torill Bye Wilhelmsen. Ho er heilt sikker på at det vil dukke opp fleire mikrohuslandsbyar i distrikta.

– Mange lengtar etter ein enklare kvardag. Dei vil ikkje bruke alt av tid og pengar på eit stort hus, men ha meir fridom til å gjere det dei vil.

"Vi ønsker å gjere det lettare å flytte til bygda"

Mikrohus Skjolden

Vil gjere det lettare å flytte til bygda

Ho er prosjektleiar for Eplehagen Mikrohuslandsby,eit bustadprosjekt som består av totalt 11 mikrohus. Mikrohuslandsbyen er plassert i Skjolden, ein liten tettstad inst i Sognefjorden i Luster kommune. Prosjektet skal bidra til auka tilflytting, og til no er åtte av elleve hus selde.

– Bustadmarknaden i Luster er pressa med få hus til sals, eller store hus som krev renovering. Vi ønsker å gjere det lettare å flytte til bygda gjennom innflyttingsklare, høgstandard mikrohus for dei som ønsker ein minimalistisk livsstil, betre tid og romslegare økonomi, forklarar ho.

Mikrohus

Eplehagen har elleve mikrohus av modellen Flor, med fokus på komfort, smart arealbruk og god estetikk.

Heilt ny buform

Eplehagen er den første av sitt slag i Norge

– Dette er ei ny buform, og det er faktisk ikkje meir enn eit år sidan det vart lovleg å bu i slike hus i Noreg.

Mikrohuslandsbyen blir bygd på ei av Skjoldens mest sentrale tomter, med kort veg til serveringsstadar, butikk, skule og barnehage. Her finn du også allaktivitetshuset Fjordstova som rommar kontorfellesskap, symjehall, klatrevegg, bygdekino, treningssenter og meir.

– Det er luksus på ein så liten stad. Er det kommuneøkonomien som gjer det mogleg?

– Eg vil heller seie at det er folka som gjer det mogleg. Innbyggarane i Skjolden er gode på dugnad og å skape noko saman.

Ønsker meir kvalitetstid

Prosjektet er allereie ein suksess. Interessa har vore stor frå dag éin, og alle som har kjøpt mikrohus i Skjolden er tilflyttarar. Nokre av dei har fått jobb i Luster, medan andre tek med seg jobben eller jobbar remote.

– Kjøparane har ulike profilar, men har til felles at dei ønsker endring i livet. Vi har alt frå unge par som ønsker seg inn på bustadmarknaden til dei som vil bytte ut den store einebustaden med noko enklare. Vi har også ein kjøpar som kjem frå høgblokk i Berlin. Alle ser på den nye buforma som ein katalysator for meir kvalitetstid.

Mikrohus Sogn

Mikrohusa passar best for einslege, par eller ein liten familie.

Mikrohus Flor

Små, men smarte bad. Her har du alt du treng.

Det beste frå to verder

Torill fortel at kjøparane har vist vel så stor interesse for uteområdet som for husa.

– Det som er spesielt med dette prosjektet, er at det skal vere ein kombinasjon av bustadhus og ein økologisk eplehage. Det felles uteområdet vil også by på bålplass, benkar, grøntområde, grønsakhage og eit fellesbygg.

– Men mykje av dette følgjer jo med ein tradisjonell einebustad på bygda?

Det som er attraktivt med denne buforma er at du deler på ansvaret. Du kan dyrke dine eigne grønsaker, ha fantastisk utsikt og god plass rundt huset, men ikkje betale like mykje eller ha like mykje ansvar. Du får dei same kvalitetane, men mindre å passe på og vedlikehalde. Vi ser at fellesskapsløysingane er veldig attraktive, fordi dei gjer at du kan disponere tid og pengar annleis.

Stortrivst med ny livsstil

Toril har sjølv flytta frå 190 kvm i Vågå til 34 kvm i Skjolden. Ho og familien valde å gjere hytta si om til permanent bustad og stortrivst med sin nye livsstil. Sjølv om familien tel fire personar, inkludert ein tenåring, meiner ho det var eit godt val.

– No brukar vi meir tid ute, og familien har bytta ut husarbeid og vedlikehald av bustad med hobbyar. Og så slepp vi å rope så fælt mellom etasjane, ler ho.

Ho synest Skjolden er spesielt gode på å legge til rette for tilflyttarar. Dei bidrar med å skaffe både bustad, jobb og nettverk, og tilbyr blant anna ein bygdevert til nyinnflytta, der dei koplar folk med felles interesser.

– Å vite at du har nokon å spørje kan vere greitt for å orientere seg i lokalsamfunnet.

Mikrohus
Mikrohus Skjolden

Står klar til sommaren

Ho trur ikkje det blir vanskeleg å selje dei tre siste mikrohusa. Sju hus er sett ut, tre er innflytta og til sommaren skal mikrohuslandsbyen stå ferdig.

– Mikrohus er ikkje for alle, men eg trur fleire og fleire vil få auga opp for denne buforma. Det handlar litt om tida vi lever i. Mange lengtar etter meir tid og fridom.

Fleire saker