Han jobbar heiltid som rådgivar for næringslivet i Sogn, men byttar gjerne ut kontoret med nysnø om sjansen byr seg.
I Jobbintervjuet blir vi litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland
Namn: Bård Basberg
Utdanning: Siviløkonom med spesialisering mot marknadsføring
Yrke og arbeidsgivar: Seniorrådgivar i Sogn Næring
Frå: Barndomsår i Trondheim, ungdomstid i Bergen, og eit par år i utlandet undervegs. No har eg budd i Sogndal i 14 år, som betyr at her har eg budd lengst i livet – så eg er Sogning!
Ein 10/10 arbeidsdag er heilt avhengig av kva eg gjorde dagen før, og kva eg skal dagen etter! I Sogn Næring reiser vi mykje rundt i heile Sogn og på Vestlandet og møter folk som gjer spennande ting! Innimellom har vi møtedagar på kontoret eller rolege dagar føre skjermen. Det viktigaste for meg er ein kombinasjon av dette.
Eg har mange gode kollegaer både sosialt og fagleg, og det er sjølvsagt viktig for trivselen! I tillegg har vi eit godt miljø med andre bedrifter, gründerar og samarbeidspartnarar. Eg er heldig som får møte mykje bra folk!
Som siviløkonom med ei rådgivarstilling endar ein ofte opp som generalist med kompetanse innan mange ulike område. Marknadsføring er kanskje det eg har sterkast kompetanse rundt, og noko av det kjekkaste er å ha møte med bedrifter der ein merkar at det går opp eit lys hos dei etter noko ein har sagt!
Eg hadde nok brukt meir tid på noko kreativt. Eg jobba som fotograf tidlegare, og det saknar eg jo av og til. Eg er glad i å lage ting, så kanskje eg skulle vorte møbelsnikkar?
Kompetent, variert, sterk
"Det er viktig med ein arbeidsgivar som gir rom for å flekse på dagar med nysnø!"
Det har jo ikkje vorte lettare å leggje frå seg jobb med ein smarttelefon som konstant er påkopla. Så tipset mitt blir å skru av alt jobbrelatert når du har fri. I tillegg er det viktig med ein arbeidsgivar som gir rom for å flekse på vinterdagar med nysnø! Eg jobbar heller nokre timar på kveldstid, slik at eg får nokre timar utandørs på dagtid.
Eg er ingen fan av å bruke tid på unødvendige møte, så om eg ser at ting sporar av eller kan avklarast på e-post, seier eg frå! Elles så seier eg det eg meiner så lenge eg har kunnskap om det som blir diskutert!
Den faktoren som har trekt flest tilflyttarar til Sogndal dei siste åra, ligg i kombinasjonen jobb og fritid. Det at ein har gode sjansar for å finne ein god jobb, samtidig som ein har naturen og friluftslivet tett på! Sogndal har bygd eit godt rykte på nettopp dette, men fine fjell finn ein jo på heile Vestlandet!
Med fare for å gløyme nokon så vel eg å gi ein ekstra applaus til alle små bedrifter i Sogn som jobbar hardt med å få til kule ting!
No jobbar eg mykje med eit prosjekt der vi skal utvikle profil og merkevare for Sogn. Ein identitet alle dei seks kommunane i indre Sogn kan stille seg bak og vere stolte av! Vi har jobba masse med lokalbefolkninga, næringslivet, politikarar osb. No gler vi oss til å presentere det vi har kome fram til!
Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid: Eg sit gjerne nokre timar føre skjermen, men det må kombinerast med å gjere noko anna meir kreativt!
Jobbe inne eller jobbe ute: I min tidlegare jobb som fotograf og i skiprodusenten SGN skis, var eg ute nesten heile tida. Det er ingen tvil om at eg saknar det når sola skin, så då blir det desto viktigare å komme seg ut på fritida!
Matpakke eller kjøpe lunsj: Eg prøvar å spare lunsjpengane så godt eg kan, men på fredagar har eg og eit par kollegaer fast avtale om risengrynsgraut i kantina!
Ferie eller kvardag: Kva er ferie utan kvardag, og kvardag utan ferie? Livet er ein hårfin balanse, og den norske ferielova kombinert med ein fleksibel arbeidsgivar gir meg det eg treng.
Kreativt arbeid eller rutinearbeid: Eg får lov til å gjere ein del kreative oppgåver i den jobben eg har, samtidig som eg trygt kan grave meg ned i meir rutinemessige oppgåver.
Starte tidleg eller gå heim seint: Eg er ganske styrt av opningstidene på SFO. Men vi har alltid nokre arrangement her og der, eller eit møte i nabobygda, så ein og annan tidleg eller sein dag bli det.
Leie eller bli leia: For meg er det viktig å ha menneske å støtte meg på som kan meir enn det eg kan sjølv! Og så håpar eg jo at eg kan lære bort litt av kunnskapen mine til andre! Så ein god *kombi der altså!