Framtida ligg i planane, og Christina lagar dei. Som arealplanleggar er ho på jakt etter dei beste løysingane for Luster kommune.
I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.
Namn: Cristina Grillo
Utdanning: Bachelor i samfunnsplanlegging og kommunikasjon, og master i byplanlegging.
Yrke og arbeidsgivar: Arealplanleggar hos Luster kommune
Dagen startar best med ein felles kaffikopp på avdelinga. Vidare trivst eg godt både når kalenderen er fylt med møter og samarbeid, og når eg kan putle med mitt med musikk på øyrene.
Det kollegiale er eigentleg avgjerande. Eg har ikkje vore vand med stillesittande jobb, så utan samarbeid og det sosiale hadde eg nok kjeda meg fort.
Stoltast er eg når arbeidet mitt bidrar til å gjere planprosessar meir tilgjengeleg og forståeleg for den vanlege mannen eller kvinna i gata.
Eg ville utan tvil gått tilbake til service og bevertning. Service og kundebehandling fell veldig naturleg for meg, og med tida er eg blitt ganske god på det.
Svolten, variert og profesjonell.
Eg har erfart at eg liker det fysiske skilje mellom jobb og fritid. Sjølv om det er veldig fint å ha moglegheita til heimearbeid, så reiser eg helst inn på kontoret.
Viss det ikkje er ein tydeleg møteleiar, tar eg fort på meg oppgåva med å setje ei felles retning for møtet. Elles skriv eg ofte referat, og passar på at det er ei felles forståing blant møtedeltakarane.
Sjølv om Bergen er ein del av Vestland, så ville eg fokusert på kva ein får utanfor byen. Det er flust av opplevingar og karrieremoglegheiter som venter!
Det er fleire aktørar rundt i Sogn som forsøker å etablere opplevingsbaserte konsept. Anten det er i kategorien arrangement, overnatting, naturopplevingar eller mat og drikke. Eg synes det er kult, og har tru på at det gir positive ringverknadar.
Akkurat no begynner fleire av dei første planprosessane eg har hatt ansvar for å nærme seg endeleg vedtak. Det er stas og bidrar til meistringskjensle!
Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Ei god blanding er ideelt.
Jobbe inne eller jobbe ute? Inne, men med gode pausar ute når det er vêr til det!
Matpakke eller kjøpe lunsj? Matpakke og aller helst restemiddag.
Ferie eller kvardag? Eg er heldigvis glad i kvardagen og rutinane mine. Så set eg veldig pris på fri og ferie, når det er tid for det.
Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Kreativt, men god musikk hjelp på rutinearbeidet!
Starte tidleg eller gå heim seint? Begge deler funkar for meg, men i den jobben eg har no så kjem eg heller litt tidleg enn å sitte utover kvelden.
Leie eller bli leia? Trivest eigentleg godt med å bli leia.