Det er stor interesse for resultata frå undersøkinga. På rekrutteringskonferansen FOLKA får du svaret.
Mange, inkludert Framtidsfylket, har hevda at ein kan få ei raskare karriereutvikling i distrikta. Få har undersøkt temaet med vitskapelege metodar – før no.
På bestilling frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har Vestlandsforsking utført ei større spørjeundersøking om temaet, og no er resultata klare. «Oppdragsgjevaren meiner oppfatninga om at karriereutviklinga i distrikta går kjappare er såpass utbreidd at ei rekkje arbeidsgjevarar no nyttar den som argument i sitt rekrutteringsarbeid.» (www.vestlandsforsking.no)
25. oktober presenterer forskarane resultata på rekrutteringskonferansen FOLKA på Skei.
– Kva er det eigentleg vi vil få svar på?
– Vi har sett på korleis folk i Sogn og Fjordane oppfattar arbeidslivet sitt, både når det kjem til moglegheiter og avgrensingar. Er det rom for å skifte jobb? Kan dei gå gradene? Og trur dei moglegheitene blir påverka av å vere lokalisert i distriktet, kontra det å vere i ein by? Undersøkinga har gjort oss klokare, men resultata må sjåast i samanheng med kven som har svart på undersøkinga, seier Kristin Løseth, som saman med medforskar Daniel Furberg skal gi oss svara.
Løseth kan røpe at fleire av funna vil vere kjente for dei som sit i salen og som ein kjenner frå eige arbeidsliv.
– Sjølv om mykje vil vere kjent, treng vi å vere bevisste funna. Dei tek oss vidare frå «anta» og «synast» og vil gi oss eit grunnlag for vidare diskusjonar og arbeid.
Løseth opplevde å bli både positivt overraska og avdekke negative sider ved arbeidslivet i distriktet:
– På nokre område tenkte eg «oi, er det så positivt?», men så fann vi også negative sider ved arbeidslivet i distriktet. Dette er ting som er kjent for mange, og spesielt de som jobbar med rekruttering.
Medan det stadig blir forska på fråflytting og tilflytting, er det gjort få undersøkingar om arbeidsliv og karriereutvikling i distrikta. Løseth trur det er fleire grunnar til det.
– Då eg sette meg inn i kva som er gjort før av undersøkingar om arbeidsliv i distrikta , viste det seg at det er svært lite. Den viktigaste grunnen er truleg at det er krevjande å kunne seie noko generelt ut i frå slike undersøkingar. Arbeidslivet er mangfaldig, med ulike krav til dømes til kompetanse eller utdanning. Distrikta varierer og, med andre moglegheiter og avgrensingar om ein arbeider i Førde enn i Solund. Og kva er eigentleg karriere? Er det å stige i gradene, eller er det å få til ein god balanse mellom jobb og fritid? Kanskje tenker ein annleis om karrieremål om ein vel å busette seg i distrikta.
Resultata frå denne undersøkinga må difor og heile tida sjåast opp mot kven som har svara på undersøkinga. Vi kan ikkje gje eit dekkande bilete av arbeidslivet i Sogn og Fjordane. Ho trur likevel at resultata frå undersøkinga vil vere nyttige:
– Vi fekk mange svar på undersøkinga, og omtrent like mange frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Undersøkinga vil bidra til å nyansere diskusjonar om korleis vi kan legge til rette for gode arbeidsplassar og karrieremoglegheiter i distriktet. Stadutvikling, bustader, kultur og fritidstilbod er viktig, men det er også viktig å ha arbeidslivet i fokus i arbeidet med rekruttering. I det store bildet om tilflytting og fråflytting må arbeidslivet få meir merksemd.
Ønsker du å vere blant dei første som får presentert resultata? Meld deg på rekrutteringskonferansen FOLKA: