anne mette Hjelle blogg rekruttering

Arbeidsliv

Vis kven du er – ditt DNA

Kvifor i all verda skal ein talentfull person ville jobbe for deg? Det varierer, men eg høyrde ei god historie om jakt på talent. Den illustrerer eit poeng om å vise kven du er, ditt DNA.

Historia lyder slik: Eit selskap i teknologi-bransjen sendte for nokre år sidan ei eske med ølflasker i julegåve til konkurrerande bedrifter. Ølet hamna i kjøleskap. Overraskinga var stor då temperaturen endra etiketten. I staden for ølmerke, lyste det no eit nytt bodskap. Vil du jobbe hos oss ;-)

Det frekke og freidige stuntet skal ha enda med vellukka rekruttering. For det var også målretta, kreativt og gøy. Kanskje er det ei røvarhistorie, men vi kan lære noko av det. Du må bygge og selge selskapet sitt DNA til dei beste kandidatane i arbeidsmarknaden slik at det blir lagt merke til.

Kvifor jobbe hos deg?

Det første du bør gjere er å spørje kva som triggar. Det er ikkje sikkert den du leitar etter fell for di skryteliste og behov, men heller om kva moglegheiter og funksjonar dei kan sjå for seg hos deg.

  • Kva vil bedrifta?
  • Kva skal gjerast?
  • Kven jobbar der?
  • Kva trur leiarane på?
  • Korleis tek de vare på folka og talenta?

Dette finn vi støtte for i ei undersøking gjort av rekrutteringsbyrået Randstad i 2022. Den viser at dei viktigaste drivarane ved val av arbeidsgjevar er godt arbeidsmiljø, godt leiarskap og god opplæring. Så kjem attraktiv løn og jobbtryggleik. Potensielle jobbsøkarar er også opptatt av balansen mellom arbeid og fritid og ønskjer fleksible arbeidstidsordningar og tilgang til fjernarbeid.

Dette betyr at vi må definere og raffinere strategien - i takt med at konkurransen blir skarpare. Er ikkje dette på plass, så krev det tid og innsats. Å skryte av det, utan at det blir opplevd slik, er kortsiktig og skadeleg.

- Ha det gøy på jobb. Seriøst!

anne mette Hjelle blogg rekruttering

Det handlar om kultur

Jobb med kulturen, gjer gode grep og gjer det kjent - saman med dei tilsette. Det er deira historier, noverande og tidlegare, som kjem til nytte eller står i vegen i jakta på talent. Det er dei som marknadsfører arbeidsplassen i vennelag, familieselskap eller i sosiale medium. Bruk desse historiene til å bli betre, men også til å kommunisere ut. Her er nokre konkrete råd:

  • Start med ein enkel workshop med tilsette og leiinga. Involvering og samarbeid på tvers gir stoltheit, truverde og kvalitet.
  • Jobb saman om å skrive gode tekstar tilpassa målgruppa. Kommunikasjonsfolka er trent i dette, så ta dei med frå starten, ikkje slutten. Har du ingen, prøv likevel. Søk råd på nettsider som dette, eller gå til eksterne rådgjevarar.
  • Bruk samfunnsrolla som ein motivator.
  • Finn det særeigne, det som skiljer deg ut.
  • Tør å ta sjansar. Trekk gjerne fram det som ikkje er så perfekt. Det vil gje truverde.
  • Sjekk at språk og foto/illustrasjonar får fram det du vil vise.
  • Lag budsjett for spredning. Har du ikkje økonomi til det, så bruk iallfall tid på alle dei gratis ressursane og kanalane på nett.
  • Del med miljø der målgruppa finst, både fysiske og digitale. Det kan vere facebook, instagram, snapchat og/eller LinkedIn. Fysiske karrieremesser er effektive. Det same med tips og tilråding via personlege kontaktar.
  • Lag eigne nettsider for korleis det er å jobbe hos deg. Ver til stades på LinkedIn, annonser i redaksjonelle medium og lag opplegg for redaksjonelle innsal.

Høyres det travelt ut? Ja, men alternativet er verre. Så hald oppe praksisen og prinsippa. Då vil ikkje berre lojaliteten blant noverande tilsette auke, men dei vil bidra til ein god arbeidsplass som andre vil kjempe for å bli ein del av.

Det er mange som er blitt gode på dette. Det er dei som vinn i det lange løp. Som rekneskapsprogrammet mitt Fiken seier på si rekrutteringsside; Ha det gøy på jobb. Seriøst!

Lukke til!

Smil frå Anne Mette Hjelle

Fleire saker