Dei siste fire åra har Sparebanken Sogn og Fjordane vore gjennom eit generasjonsskifte og tilsett nærare 150 nye, skriv kommunikasjonsdirektør Johanne Viken Sandnes.
Foto: Vidar Helle/Sparebanken Sogn og Fjordane
Omstillinga i næringa vår har og gjort at vi har måtta leite etter kompetanse vi ikkje har hatt i banken før, og har tråla nye jaktmarker etter talent innan svært mange fagfelt. Vi hadde nyleg ei nytilsettesamling med 35 nye medarbeidarar som har starta i løpet av det siste året.
Vi har blitt spurt om å dele lærdommane våre i jakta på nye tilsette, og dette er det som står ut for oss:
Administrerande direktør her i banken, Trond Teigene, har ein viktig leveregel som han stadig minner oss leiarar på: Ikkje ver så opptatt av å tikke av alle boksane i stillingsannonsene, ver opptatt av potensialet i personen framfor deg. Kva personen kan bli er det som bør telje mest. Det synest eg er ei viktig påminning. Og eg kan love at det funkar! Å gje motiverte folk ansvar og utfordringar, det gjer at dei klatrar raskt på læringskurva.
Å kommunisere merkevara di på ein ekte måte er det som skapar truverd. Pass på at du har ein god raud tråd i alt du gjer, enten du reklamerer for noko, er i media, eller du rekrutterer. Stemma til merkevara di må vere tydeleg, og det er noko vi jobbar med heile året.
Det er likevel rom for å vere kreativ! Vi testar og prøvar oss fram i måten vi presenterer bedrifta på, både når det gjeld tekst, bilete og kva kanalar vi vel å bruke. Det bør du og. Tenk nøye gjennom på kva du skriv og korleis du skriv det. Ulike stillingar krev og ulik tilnærming, og det må du ha med deg.
Vi gjennomførte ei undersøking blant nytilsette i 2021 om kva omdømmet til banken eigentleg betydde for dei når dei søkte, og svaret var eintydig: At banken tar samfunnsansvar gjer oss definitivt meir attraktive som arbeidsgjevar. Å kommunisere det samfunnsansvaret er viktig, men det viktigaste er ikkje å fortelje kva vi gjer, men å faktisk gjere det.
Vi tar ikkje samfunnsansvar for å vise kor snille vi er eller for å få folk til å søke på stillingar hos oss. Vi tar samfunnsansvar fordi vi ønskjer det aller beste for Sogn og Fjordane. Vi ønskjer levande bygder med mykje aktivitet, eit innovativt næringsliv og eit berekraftig samfunn. Vi kommuniserer samfunnansvaret vårt med handling framfor ord. Det trur eg når fram, også til jobbsøkande.
- Vi må hjelpe kvarandre å finne dei rette folka, for det er saman at vi skapar ein attraktiv arbeidsmarknad.
Banken sin aller viktigaste rekrutteringsmetode er å gå aktivt til verks. Å sende ut ei jobbannonse er berre startskotet. Vi oppfordrar dei tilsette hos oss til å tipse aktuelle kandidatar om stillingar og brukar nettverka våre for å sondere gode kandidatar.
I eit lokalsamfunn der fråflytting er eit problem og mangel på tilflytting eit endå større problem, kan det vere krevjande å finne aktuelle kandidatar. Vi ser derfor og utanfor kjerneområdet, og prøver å lokke til oss både tilflyttarar og heimflyttarar. Det er utruleg viktig å vere offensiv i prosessen.
Gjennom traineeprogrammet har vi rekruttert mange talent til banken. Per dags dato er 15 tilsette i bankentraineear eller tidlegare traineear. Dei er plassert i alle moglege avdelingar, også i konsernleiinga.
Aller sist vil eg kome med ei oppfordring om at vi alle spelar arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane god.
Eg har sjølv hatt dyktige talent og ypperlege kandidatar på intervju som ikkje enda opp med jobben. Dei har eg i etterkant tipsa om andre aktuelle stillingar i regionen, og gitt dei nokre namn å ringe til. Vi må hjelpe kvarandre å finne dei rette folka, for det er saman at vi skapar ein attraktiv arbeidsmarknad.
Johanne Viken Sandnes
Kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane