Stine Bortheim

Nyheiter

Bli kjent med Stine, vår nye kollega!

Stine Bortheim starta karriera si som trainee i Intin. No er ho på plass i Framtidsfylket og klar for å sjølv framsnakke arbeidslivet i Vestland.

– Dei siste åra har eg jobba i gründerbedriftene Intin og Invite. I starten var dei under same selskap, men i 2022 vart Invite sjølvstendig. Det er utruleg spennande å jobbe med start-ups. Det er høg puls, sjeldan kjedeleg og mykje rom for idear. Det å være med å skape noko er veldig gjevande. Så eg har ein kjekk arbeidsplass å komme tilbake til etter vikariatet.

– Som ung og relativ fersk i arbeidslivet er eg opptatt av å utvikle meg sjølv, derfor var tilbodet frå Framtidsfylket rett og slett for freistande til å takk nei til. Tema er noko eg brenn for, og målgruppa er veldig spennande å jobbe mot.

Stine Bortheim

Brenn for det visuelle

Stine er oppvaksen i Førde og har studert både i Australia og Bergen. Med seg har ho ein bachelor i marknadsføring og merkevareleiing og fagbrev som mediegrafikar.

– Kommunikasjon er eit samansett fagfelt. Tidlegare arbeid har handla mykje om visuell kommunikasjon, og det tar eg med meg inn i Framtidsfylket. Samtidig ser eg unike moglegheiter for å utvikle andre ferdigheiter innan kommunikasjon og marknadsføring saman med eit veldig kompetent team.

Stine steiker sveler

Stine har også tidligere vist at ho er ein kompetent svelesteiker, som er ein av dei viktigaste oppgåvene vi har her i Framtidsfylket

Sterke røter i Sunnfjord

– Eg er ein Sunnfjord-patriot. Pappa er frå Dale, Mamma er frå Jølster, eg er vaksen opp i Førde og bur no i Naustdal. Eg har alltid visst at eg skulle heim igjen etter studier. Og då passa det bra at Framtidsfylket si traineeordning ordna det for meg for 4 år sidan. Det var nemleg på Framtidsfylket si digitale karrieremesse i 2020 eg møtte Hugo Mølmesdal, dåverande dagleg leiar hos Intin/Invite og fekk jobb. Det var ei traineestilling men eg vart værande i 3,5 år.

– No står eit år som Kommunikasjonsrådgjevar i Framtidsfylket på trappene og det er noko eg ser skikkeleg fram til. Eg har fått høyre frå folk at dette er ein jobb som passar meg, vi får håpe dei har rett. Eg gler meg i alle fall veldig til å jobbe saman med gjengen i Framtidsfylket.

Styrkar laget

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, er nøgd med nytilsetjiga.
– Det er kjekt å ha Stine med på laget, ho styrkar teamet med kompetanse vi ikkje har hatt internt tidlegare, vi er heldige om har fått ho med oss.

Fleire saker