Det kan virke fjernt å tenke på sommarvikarar no, men som med alt anna som gjeld rekruttering, er det lurt å tenke langsiktig.
«Sommarvikarar har vi verken tid eller råd til.» Kjenner du deg igjen? Kva om du snur på det? Å ikkje ha sommarvikarar har vi verken tid eller råd til.
Sommaren 2022 kom det eit nytt smilande fjes inn på kontoret til Framtidsfylket. Endre Erdal var halvvegs i mastergrada Strategic Marketing Management ved BI i Oslo, og ville gjerne bidra med sin kompetanse i nokre veker. Han var ivrig, nysgjerrig og hadde kunnskap som vi mangla, og alle var einige om at han var både eit frisk pust og ein stor ressurs.
Ifølge Endre lærte han mykje desse vekene, men heilt ærleg: Vi lærte kanskje vel så mykje av han? Og med tanke på alt han fekk gjort, er vi sikre på at det hadde blitt dobbelt så dyrt om vi skulle kjøpt konsulenttenester tilsvarande jobben han gjorde.
Då han vinka farvel ein varm julidag, var det med desse orda: Det kan fort komme ein jobbsøknad frå meg ein gong i framtida.
«Ja, takk» svara vi i kor.
Lys ut sommarjobb og bli med i sommarjobb- kampanje!
Vestland Fylkeskommune, NHO Vestland, NAV og Framtidsfylket samarbeider i år om kampanjen Sommarjobb i Vest der studentar og ungdom kan få oversikt over ledige sommarjobbar i fylket. Kampanjen vert køyrt i sosiale media, på vidaregåande skular, i media og andre kontaktflater.
Vil du ha med din sommarjobb på Sommarjobb i Vest? Då følgjer du desse trinna:
Då vil sommarjobbivest.no plukke opp jobben, og etter nokre timar vert den synleg i oversikta.
Lukke til med jakta på sommarvikarane! Vi bistår gjerne!