Maria Thaule

Nyheiter

Skal gjere bedrifter i Stryn grønare

Tekst: Maria Thaule

Foto: Privat

Maria Thaule skal bruke sommaren på å hjelpe bedrifter i Nordfjord med å bli betre på berekraft.

I spalta «Min sommarjobb» får du møte unge menneske som skal bruke sommaren på læring, utvikling og spennande prosjekt i Vestland fylke.

Kva går jobben ut på?

Eg har fått sommarjobb i Stryn Næringshage og skal arbeide med eit forprosjekt som nylig er starta opp. I løpet av ca. 6 veker skal eg prøve å finne ut korleis bedrifter i Stryn og omegn kan arbeide betre med berekraft og ombruk som ein del av vegen mot det grøne skiftet. Det er fleire bedrifter som allereie har kome langt og har ei tydeleg målsetjing om å bli ei grønare bedrift. For å kartleggje korleis det blir arbeida, har eg vore ut i dei største produksjonsbedriftene i Stryn for å samle inn info, men også for å bevisstgjere dei ovanfor korleis arbeidet mot berekraft kan forbetrast med heilt enkle grep. Eg skal også prøve å framme samarbeid mellom bedriftene om mogleg utnytting av kvarandre sine avfallsressursar. Det vil gjere at avfall kan få nytt liv og brukast i produksjonen til ei anna bedrift i nærleiken i staden for å bli kasta.

Kva er det mest spennande med jobben?

Det som er mest spennande og motiverande er å ha moglegheita til å gjere ein liten forskjell i den store CO2- rekneskapen. Det er godt å sjå at arbeidet mot ei grøn omstilling blir tatt seriøst. Det er også veldig kjekt å få eit innblikk i korleis større produksjonsbedrifter arbeider kvar dag. Eg visste ikkje at det var så mange spennande og kreative bedrifter i Stryn og Nordfjord før eg verkeleg byrja å setje meg inn i det.

Maria Thaule

Korleis får du brukt utdanninga di, eller interessene dine, i jobben?

Eg har fullført ein ingeniørfagleg bachelor innan fornybar energi. Dei tidlegare somrane har eg ikkje hatt noko studierelevant jobb, sidan det ikkje alltid er så lett å få seg det før ein har fullført ein bachelor eller master. I løpet av studietida har eg lært om viktigheita av å nytte seg av fornybare energiressursar og teknologien bak, samt forståinga av den situasjonen vi og verda er i dag. Eg har eit ønske og eit håp om at både enkeltpersonar og store aktørar tek ansvar for konsekvensane av vala sine.

Kva håpar du at du vil lære i løpet av arbeidsperioden?

Eg har allereie lært mykje desse første vekene i sommarjobben. Vidare håpar eg å få ein breiare forståing over tiltak som faktisk fungerer i praksis for bedriftene når det kjem til berekraftig arbeid på lang sikt. Håpet er at fleire bedrifter kan snu seg til Stryn og sjå kva som fungerer i våre bedrifter. Då vil forhåpentlegvis fleire bedrifter følgje etter.

Maria Thaule
Maria Thaule

Kva erfaringar vil du ha med deg vidare?

Gjennom arbeidsperioden vil eg knyte kontaktar med tilsette og leiarar i bedrifter i Stryn. Sidan planen min er å flytte heim til Stryn etter studiar, tenkjer eg at den kontakten og oversikta eg får over bedriftene i Stryn kjem til å kome meg til gode ved seinare anledningar. Kanskje kjem eg over ei bedrift eg ønskjer å arbeide i seinare. Elles er det kjekt å skaffe seg relevant arbeidserfaring som eg eventuelt kan nytte i masteren min eller andre arbeidsplassar eg kjem til å ha seinare. Til hausten skal eg byrje på master i Berekraftig arkitektur på NTNU i Trondheim.

Kvifor valde du å takke ja til akkurat denne jobben?

Eg har i fleire år vore på leit etter relevant sommarjobb, og når dette tilbodet dukka opp måtte eg berre takke ja. Når eg i tillegg fekk moglegheita til å arbeide med eit så viktig og spennande prosjekt var det ikkje vanskeleg å bestemme seg. Det er også eit stort pluss for meg å ha sommarjobb i Stryn her og har vennar og familie. Og ikkje minst har moglegheita til å gå på fjellet etter jobb! :)

Fleire saker