Sognacamp

Nyheiter

Sognacamp – ei komplett sommarjobboppleving

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Sogn Næring

Vil du både tene pengar og makse ut opplevelsesbanken i sommar? Då må du sjekke ut Sognacamp.

Jobb på dagtid, eventyr på kveldstid

Sognacamp er ei unik sommaroppleving der du kombinerer ein spennande jobb med aktivitetar i verdas vakraste natur, og blir ein del av eit inkluderande fellesskap. I løpet av fem veker får du verdifull arbeidserfaring gjennom spennande sommarjobbar med lokale bedrifter, samstundes som du bur saman med andre studentar og får oppleve alt frå fjellturar og kajakkpadling til lokale festivalar.

Her får du med andre ord i både pose og (tur)sekk, ein unik inngang til arbeidslivet og regionen, og kanskje er det starten på eit langvarig forhold til Sogn?

"Ein sommar som ser bra ut både på CV-en og på Instagram!"

Henrik Skyttermoen Sogn Næring

Henrik Skyttermoen, rådgjevar i Sogn Næring.

Henrik Skyttermoen er rådgjevar i Sogn Næring og primus motor for Sognacamp. Sjølv er han oppvaksen på austlandet, men har sidan blitt Sognefrelst og lever no livet i Sogndal med ski, fjell og jobb i skjønn harmoni. Vi har stilt han nokre spørsmål for å finne ut meir om Sognacamp.

Kven er Sognacamp for?

Sognacamp er for studentar eller dei som er i eit utdanningsløp som vil kombinere relevant arbeidserfaring med ei solid dose eventyr og spennande opplevingar. Det er for dei som likar å ha fjordutsikt til kaffikoppen om morgonen, utfordre seg sjølv både på arbeidsplassen og på fritida, og møte andre unge i same situasjon. Kort sagt: For deg som vil ha ein sommar som både ser bra ut på CV-en og på Instagram!

Kvifor skal unge velge Sognacamp i sommar?

Kvar sommar reiser tusenvis av nordmenn til Vestlandet og Sogn for å oppleve fjord, fjell og fantastiske naturopplevingar. No kan du ikkje berre feriere her – du kan bu her, tene pengar, og samtidig få jobberfaring som kan vere gull verd vidare i karrieren. Sognacamp gir deg det beste av begge verdenar: ein sommar fylt med eventyr, nye venskap og profesjonell utvikling.

Sogn Næring

Korleis vil du beskrive næringslivet og lokalmiljøet deltakarane får eit innblikk i?

Næringslivet i Sogn er ei spennande blanding av private bedrifter, statlege arbeidsplassar og kommunale tenester. Her kan du få erfaring frå alt frå innovative tech-startups og berekraftsbedrifter til viktige samfunnsroller innan offentleg sektor.

Mange av jobbane er innanfor energi, reiseliv, teknologi og offentleg administrasjon, så det finst noko for ei kvar interesse. Samtidig er ikkje Sogn berre ein plass du jobbar – det er ein plass du blir ein del av. Her helsar folk faktisk på deg på gata, og viss du ikkje møter opp på kaffimorgonen ved fjorden, kjem garantert nokon til å spørje kor du blei av. Så forbered deg på ein sommar der du ikkje berre får en jobb, men også ein liten, men meget engasjert heiagjeng på kjøpet!

Kva aktivitetar kan vi sjå fram til?

Sognacamp er full av opplevingar – både dei som gir puls og dei som senkar skuldrane. Vi startar sommaren med eit skikkeleg kick-off i Sogndal, der du blir kjent med gjengen og får ein smakebit på alt som ventar.

Gjennom campen kan du sjå fram til morgonbading og kaffi – perfekt for både morgonfuglar og dei som treng ein forfriskande dytt for å vakne. For dei som likar litt action blir det klatring på Kvam og bretur i Jostedalen. Likar du å konkurrere, kan du briljere på frisbeegolf på Kaupanger eller utfordre nokon til volleyball.

Om kvelden ventar mellom anna ein kveldstur til Molden, der du får sjå solnedgang som er verd kvar einaste høgdemeter. Og kva er vel ein sommar utan festivalar? Sognacamp tek deg med til både Bergtatt-festivalen og Fresenfestivalen, der du får musikk, stemning og kanskje ein allsong eller to.

Uansett om du er ein friluftsentusiast eller berre vil ha ein uforgløymeleg sommar, har vi noko for deg. Her får du oppleve Sogn på sitt beste – saman med ein gjeng du seint vil gløyme!

Sogn bading

Til slutt: Dine beste tips for å få tidenes sommar i Sogn?

  • Ver utforskande og open for å prøve alt!
  • Test ut all den lokale sideren vi har!
  • Gode sko, nok solkrem, badetøy og ein sekk til å bere alt i.

Høyrest det freistande ut? Då må du søke! Les meir om aktivitetane og finn din sommarjobb her:

Sognacamp

Fleire saker