Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Forsikringsrådgivar | SpareBank 1 Sogn og Fjordane | Fulltid |
Banken har ledige stillingar som forsikringsrådgjevar for både bedrift- og privatkundar. Sparebanken Sogn og Fjordane er medeigar i Frende forsikring. Vi veks og søker etter fleire kollegaer som kan bidra til at vi når våre ambisiøse salsmål.
Søknadsfrist: 15.05.2022
Du må trivast i ein hektisk kvardag, ha stor interesse for sal og produktformidling samt evne til å kommunisere tydeleg. Hos oss jobbar vi for å skape gode kundeopplevingar og relasjonar, basert på ryddig behovsavdekking.
Vi tek godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis og gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Arbeidsstad: etter nærare avtale
Er du nysgjerrig og tenker at dette kan vere jobben for deg? Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar Tor Ulsten, tlf 90 86 97 04.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.