Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Berekraft | SpareBank 1 Sogn og Fjordane | Sunnfjord | Trainee |
Du søker traineestilling hos SpareBank 1 Sogn og Fjordane, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Samfunnsansvar er ein stor del av ryggmargen vår i Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi søker deg som er interessert i å sikre at vi har berekraft integrert i alle delar av organisasjonen vår.
Vi leiter etter deg som ser heilskapen i samfunnet rundt deg, og som ser berekraft i eit langsiktig perspektiv. Vi vil ha ein trainee som ønskjer å vere med på alle delar av berekraftsarbeidet vårt, frå fokus på produkt, rapportering, råd til kundane våre og korleis vi kommuniserer berekraft.
Som trainee på berekraft vil du jobbe med nærast alle avdelingar i banken og vil bli involvert i strategiske tverrfaglege prosjekt. Du vil og kunne få leie eigne prosjekt om du ønskjer det.
Du vil jobbe tett saman med berekraftsansvarleg, som jobbar i avdelinga Marknad og kommunikasjon.
Har du eit driv for å få ting til å skje er du akkurat den vi leitar etter!
Som Framtidsfylket trainee får du mellom anna eit nettverk med andre traineear i Vestland fylke, eit spennande år med fagleg og personleg utvikling, innsyn i eit mangfaldig næringsliv, og fire traineesamlingar og ein utanlandstur.
Felles kvalifikasjonskrav for alle traineear i Framtidsfylket er minimum bachelor eller mastergrad, maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studie, samt forstå og kunne kommunisere på norsk.
Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, med eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø. Vi tek godt vare på dei tilsette og har fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, bedriftsidrettslag, redusert arbeidstid frå mai til august, konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
For meir informasjon om stillinga kontakt leiar for marknad og kommunikasjon, Johanne Sandnes på tlf 95921208 eller berekraftsansvarleg Ingri Martine Fonn Macsik på tlf 90199097.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.