Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Elektrikar | HAFS Elektro | Gulen, Masfjorden | Fulltid |
HAFS Elektro & Rør AS er ein lokal leverandør med eit breitt tilbod av elektro- og røyrleggartenester. Vi har oppdrag på alt frå skipsverft og akvakultur til hytter, bustader, landbrukseigedom og kommunal infrastruktur. Hos oss er ingen dagar like, men vi leverer alltid pålitelege, framtidsretta og konkurransedyktige løysingar. Bedrifta held til i Ytre Sogn med avdelingar i Gulen, Solund og Hyllestad.
Å vere elektrikar hos oss er mykje meir enn å installerer stikkontaktar og brytarar. Her kan du jobbe med maritime installasjonar den eine dagen, medan du løyser utfordringar med brannalarm den neste.
Vi i HAFS Elektro & Rør AS jobbar litt overalt. Det vil seie at du får køyra rundt i vakker vestlandsnatur i eigen yrkesbil og jobbe på mange ulike stader.
Med ein variert arbeidskvardag og ulike typar oppdrag, vil du oppleve meistring og fagleg utvikling kvar einaste dag.
I HAFS Elektro & Rør AS legg vi til rette for at du skal trivast med både arbeidsoppgåvene og kollegaene dine. Vi er opptatt av å gi deg friheit til å løyse ulike problem du møter på, samtidig som vi har låg terskel for å spørje om hjelp. Med 45 tilsette har vi brei og allsidig kompetanse, og du kan alltid ringe ein kollega om du har ei utfordring. Om du ønsker å utvikle deg, har vi gode ordningar for vidareutdanning. Med eigen yrkesbil og stort nedslagsfelt er det ikkje nødvendig å bu i Brekke for å jobbe hos oss. For søkjarar som ikkje bur i dagpendlaravstand kan rotasjonsordning vera aktuelt.
Vil du vere med på laget? Send ein søknad til post@hafs-elektro.no
Brekke ligg i Gulen kommune idyllisk plassert ytst i Sognefjorden. I Gulen bur du midt i eit friluftseldorado. Her kan du vandre i fjæresteinane med havutsikt, gå på vardetur langs kysten, padle både innaskjers og i meir utfordrande farlei, fiske, dykke, nyte båtlivet eller delta på sommarens store høgdepunkt: Utkantfestivalen på Skjerjehamn. Knappe 90 minutt unna med bil finn du bylivet i Bergen sørover eller Førde nordover.
Tage og Hans Petter er ikkje i tvil om at jobben dei gjer betyr noko.
Hos HAFS Elektro og Rør får dei tilsette ein ganske unik sjanse: å utdanne seg vidare medan dei jobbar – med full løn og dekka utgifter.
Steffen får ei ekstra god kjensle når prosjekta nærmar seg slutten og alt fungerer som det skal.
– Her i HAFS Elektro og Rør får ein prøvd seg på litt av kvart, og det gjer arbeidsdagen spennande, seier Per Egil.